Grønland

(Omdirigert frå Nord-Grønland)

Grønland (grønlandsk: Kalaallit Nunaat) er den største øya i verda med ei flatevidd på 2.176.000 km². Grønland er underlagt Danmark men har sjølvstyre. Hovudstaden er Nuuk. Om lag 84 % av øya er dekt av is. Øya var dansk koloni fram til 1953. I mellomalderen var det norrøn busetjing på Grønland. Øya var eit norsk skattland frå 1262, og fylgde med Noreg inn i unionen med Danmark. Før 1814 var Grønland formelt ein norsk kronkoloni, men blei verande under dansk styre då Noreg gjekk tapt for den danske kongen i 1814.

Kalaallit Nunaat
Grønland  
Grønland sitt flagg
Grønland sitt flagg
Det grønlandske flagget Riksvåpen
Grønland på verdskartet
Grønland på verdskartet
Status Del av det danske riksfellesskap med heimestyre
Landsstyreformann Kim Kielsen
Hovudstad Nuuk
Offisielt språk Grønlandsk, dansk
Areal

- % vatn

2 166 086 km²

81,1 % (inkludert is)

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 56 901 (2006)
ca. 0,03/km²

Verdsdel Nord-Amerika
Internet-domene .gl
Tidssone UTC 0, +1, +3, +4
Internasjonal telefonkode +299
Nasjonalsong Nunarput utoqqarsuanngoravit

Kring år 1000 grunnla Eirik Raude norrøn busetting på Grønland. Eirik Raude skal ha opphavet sitt på Jæren. Den norrøne busetnaden på Grønland døydde gradvis ut, og på 1400-talet var det truleg ingen igjen. Ingen veit sikkert kva som hende med dei norrøne bygdene.

Historie

endre
 
Urbanisering i Grønland

Busetnad før år 1000

endre

Grønland vart folkesett svært seint i historia til menneska, ettersom det er svært vanskeleg å nå. Med dei framkomstmidla som var tilgjengelege kunne ein berre nå øya via Naressundet frå dagens Nord-Canada i eit ekstremt arktisk miljø. Etter at folk hadde nådd øya kunne dei spreia seg over henne ganske raskt.[1] Fleire ulike grupper menneske har vandra inn til øya, og nokre av dei har deretter forsvunne att, truleg på grunn av klimaendringar.

Fram til år 200 busette desse kulturane seg på Grønland:

Norrøn busetnad

endre

Det var norrøn busetnad i hovudsakleg to fjordar langs vestkysten av Grønland frå 982 til 1400-talet, dvs. i nesten eit halvt tusenår. Så forsvann dei norrøne grønlendingane sporlaust. Fleire moglege faktorar har vore lanserte: Klimaet vart kaldare med den vesle istida, noko som vart kritisk for den husdyrbaserte økonomien, som allereie hadde tært på det grønlandske jordsmonnet. Frå og med 1200-talet kom inuitane til Grønland og trakk sørover med isen då vintrane blei lengre, og konkurrerte då med den norrøne busetnaden om nokre av dei same ressursane. Arkeologiske funn har synt at kosthaldet dei siste åra truleg dreidde meir over mot sjømat som sel og fisk. Dei norrøne grønlendingane var ein europeisk utpost i den nye verda som langt på veg var sjølvberga, men handelseksporten av kvalrosstann og vadmål til Norge og Europa i byte mot jern og tømmer var like fullt ei viktig ressurskjelde. Fylgjene av nedgangen etter Svartedauden råka truleg hardt. Etter at Noreg gjekk inn under Danmark, kom dei viktige skipa frå Noreg sjeldnare og sjeldnare før skipsfarten stilna heilt.[2]

Den siste sikre skriftlege kjelda for norrøn busetnad på Grønland er frå eit giftarmål i Hvalsey-kyrkja i 1408. Då misjonæren Hans Egede kom til Grønland på 1700-talet for å finne ut av kva som var blitt av grønlendingane, fann han ingen nordbuarar att.

 
Kyrkja i Hvalsey

Grønlandssaka

endre
For meir om dette emnet, sjå Grønlandssaka.

I 1921 erklærte Danmark at heile Grønland og farvatna rundt skulle vera under dansk styring. Aust på Grønland hadde det vore norske fangstmenn ei tid. Etter kvart kjende nordmennene rettane sine krenkte, og i 1931 gjekk det så langt at nordmenn erklærte at delar av austkysten var norsk land. Det okkuperte området kalla dei «Eirik Raudes Land». Med andre ord vart det drege liner attende til norsk styre i gamal tid. Okkupasjonen vart erklært 28. juni 1931 i Myggbukta. Okkupasjonen vart stadfesta av den norske regjeringa 10. juli 1931. Helge Ingstad vart norsk sysselmann. Noreg og Danmark sa seg viljug til å la den internasjonale domstolen i Haag avgjera saka. Den 5. april 1933 vart okkupasjonen kjend ugyldig.

Amerikansk administrasjon

endre

USA hadde etter avtale med den danske regjeringa baser på Grønland under andre verdskrigen.

Grønland som dansk amt

endre

I 1953 var kolonitida formelt over, og Grønland fekk status som dansk amt. I praksis var dette starten på ein storstilt integrerings- og fordanskingspolitikk av eit land som fram til andre verdskrigen hadde levd relativt isolert.

 
Satellittbilete

Heimestyre

endre

Øya fekk heimestyre i 1978 av det danske Folketinget med verknad frå 1. mai 1979. Det grønlandske heimestyret tek seg av lokalstyret. Utanriks- og tryggleikspolitikk, rettsstell og råstoffutvinning er styrd av danske styresmakter. I november 2008 røysta 75 % av folket på Grønland for auka sjølvstyre frå Danmark[3].

Noko av det første som vart bestemt etter at heimestyret vart innført var at det skulle haldast ei folkeavrøysting om Grønland skulle melda seg ut av EF. Grønland hadde følgd med då Danmark vart EF-medlem i 1973. Folkeavrøystinga gav 53 % fleirtal for å melda seg ut, og Grønland forlet EF 1. februar 1985. Grønland er dermed, saman med Storbritannia, dei einaste områda som har meldt seg ut av EF/EU.

Nord for sjølve øya Grønland finst fleire mindre øyar, mellom desse er Kaffeklubben. Kaffeklubben er den øya i verda som ligg lengst mot nord.

Hovudstaden på Grønland er Nuuk.

Grønland har 55.732 innbyggjarar (1995). Av desse er om lag 68 % inuitar eller eskimoar. 91 prosent av folkesetnaden er i vest, 1,6 prosent i nord og 6,3 prosent i aust.

Grønland var fram til 2009 delt inn i 17 kommunar: Nanortalik, Qaqortoq (dansk: Julianehåb), Narsaq, Ivittuut, Paamiut (dansk: Frederikshåb), Nuuk (dansk: Godthåb), Maniitsoq (dansk: Sukkertoppen), Sisimiut (dansk: Holsteinsborg), Kangaatsiaq, Aasiaat (dansk: Egedesminde), Qasigiannguit (dansk: Christianshåb), Qeqertarsuaq (dansk: Godhavn), Uummannaq, Upernavik, Qaanaaq (dansk: Thule), Tasiilaq (Ammassalik), Ittoqqortoormiit (dansk: Scoresbysund). I tillegg kom eit område utanom kommunal inndeling, som mellom anna omfattar den amerikanske Thule Airbase og Nordaustgrønland.

Frå og med ei administrativ nyinndeling i 2009 er det fire kommunar på Grønland: Qeqqata Kommunia, Kommuneqarfik Sermersooq, Qaasuitsup Kommunia og Kommune Kujalleq. Av dei 56.462 innbyggjarane bur 7.755 i Kujalleq, 20.998 i Sermersooq, 9.627 i Qeqqata og 17.867 i Qaasuitsup Kommunia, 215 bur i områda utanfor kommuneinnldelinga i Nordaust-Grønland-Nasjonalpark og Thule Air Base (1. januar 2008).[4]

 
Administrativ inndeling av Grønland

Klima

endre

Grønland er dekt av eit av dei største isområda på den nordlege halvkula, og det sentrale område er over 3000 m høgt. Grønland kjem derfor stort sett inn under arktisk klima med permafrost. Dei fleste menneska på Grønland bur og held seg langs kysten, der somrane er kjølige, men lyse.

Temperatur

endre

Frå juni til august held den midla maksimumstemperaturen seg stort sett over 5 °C langs heile vestkysten. Temperaturane kan derimot variere ein god del frå stad til stad og flyplass til flyplass på grunn av lokale topografiske forhold og andre lokale effektar. Den islagde austkysten er kjøligare, særleg nord for Ammassalik. Sør for polarsirkelen kjem vanlegvis temperaturen om sommaren opp mot 10 °C om ettermiddagen, som i Nuuk, men ein kan ha store temperaturskilnader frå dag til dag. Nuuk har hatt temperaturar opp mot 24 °C og så vidt under 0 °C i juli. I dei grøne, isfrie områda lengst sør er det ikkje uvanleg med temperaturar over 15 °C om sommaren.

I det sentrale isaude på Grønland er det berre få folk som ferdast, stort sett vitskapsfolk. Her kjem temperaturen sjeldan over frysepunktet, sjølv midt på sommaren, medan vintertemperaturane kan variere frå -20 °C til -60 °C. Dagar med klårvêr er ofte dei kaldaste, medan skya vêr fører til stigande temperaturar.

Nedbør

endre

Sommarstid regnar det om lag to av tre dagar i sørlege område, medan det vert tørrare jo lenger nord ein kjem. Om vinteren må ein rekne med store mengder snø i kystområda, men av og til kan varm luft frå sør sende temperaturen over frysepunktet. Ofte kjem snøen i lag med kraftig vind, som bles ned sidene av isbreane. Dette kan gje svært ufyselege forhold om temperaturen i utgangspunktet er låg. Nuuk har ein årleg nedbørsnormal på 599 mm der august og september er dei våtaste.

Ein har lite nedbør i indre område av Grønland, men ein kan få periodar med lett snø kvart år. Dette er med på auke den enorme ismassen over Grønland, som inneheld iskjernar som er meir enn 100 000 år gamle. Thule, som ligg i nord på Grønland, har eit klima som er representativt for dei indre områda og har ein normal årsnedbør på berre 67 mm, der juli-september er den «våtaste» perioden med om lag 10-13 mm kvar månad. Frå oktober til juni kjem det totalt berre om lag 20 mm.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Bjarne Grønnow (2016). «Independence I and Saqqaq: The First Greenlanders». I Max Friesen; Owen Mason. The Oxford Handbook of the Prehistoric Arctic. doi:10.1093/oxfordhb/9780199766956.013.33. 
  2. Nørlund, Poul (1967) De gamle nordbobygder ved verdens ende, Nationalmuseet
  3. http://dk.nanoq.gl/Emner/Landsstyre/Departementer/Landsstyreformandens%20Departement/Nyhedsforside/Nyheder_fra_dep_formand/2008/11/Ja_til_selvstyre.aspx
  4. KANUKOKA Arkivert 2008-09-24 ved Wayback Machine. data frå 17. januar 2009
  • Brøgger, A.W. 1937: Vinlandsferdene. Oslo : Gyldendal.
  • Dansk og engelsk wikipedia
  • Diamond, Jared 2005: Collapse. How societies Choose to Fail or Succeed. London: Penguin Books.

Bakgrunnsstoff

endre