Opna hovudmenyen
Omansk geografi
Oman Map FBOI.gif
Kart over Oman
Kart over Oman
Plassering
Land Oman
Koordinatar 21°N 57°EKoordinatar: 21°N 57°E
Totale landegrenser 1 561 km
Grenseland Saudi-Arabia 658 km
Dei sameinte arabiske emirata 609 km
Jemen 294 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

309 500 km²
309 500 km²
0 km²
Kystlinje 2 092 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Jabal Shams 2 980 moh
Arabiahavet 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 0,1 %
Permanente avlingar 0,1 %
Permanente beitemarker 4,5 %
Skogområde 0 %
Anna 95,3 % (2011 est)
Irrigert land 590 km² (2012)
Naturressursar
petroleum, kopar, asbest, noko marmor, kalkstein, krom, gips, naturgass
Naturfarar
Sommarvinden kan danne store sandstormar i dei indre områda; periodisk tørke. Viss fare for tropiske syklonar på kysten.
Miljøproblem
Aukande saltinnhald i jorda. Strandforureining frå oljeutslepp. Avgrensa tilgang til ferskvatn.

Oman er eit land i Sørvest-Asia, som grensa til Arabiahavet, Omanbukta og Persiabukta, mellom Jemen og Dei sameinte arabiske emirata (UAE).

Innhaldsliste

PlasseringEndra

Oman ligg i det søraustlege hjørnet av Den arabiske halvøya og dekkjer eit areal på 309 500 kvadratkilometer. Landarealet består av varierande topografi: dalar og ørkenar utgjer 82 % av landmassen, fjellkjeder 15 % og kystsletta 3 %.

Sultanatet grensar til Omanbukta, Arabiahavet og Rub' al Khali (Den tomme fjerdedelen) i Saudi-Arabia, som alle har bidrege til å isolere Oman geografi. Historisk hadde landet kontakt med omverda via sjøen, ikkje berre til andre land, men òg mellom kystbyane i landet. Rub al Khali er vanskeleg å krysse sjølv med moderne køyretøy, og danna ein barriere mellom sultanatet og det arabiske indre. Al Hajar-fjella, som dannar eit belte mellom kysten og ørkenen frå Musandamhalvøya (Ras Musandam) til byen Sur på det austlegaste punktet i Oman, danna ein annan barriere. Desse geografiske barrierane gjorde at det indre av Oman aldri vart utsette for utanlandske invasjonar.

Geografiske regionarEndra

 
Detaljert kart over Oman

Naturen deler landet inn i sju forskjellige område: Ruus al Jibal, inkludert den nordlege Musandamhalvøya; Al Batinah-sletta som går søraust langs kysten av Omanbukta coast; det indre av Oman innafor Al Batinah-kysten, med forfjella til Al Hajar-fjella og utkanten av ørkenområda; kysten Muscat-Matrah rundt neset Ras al Hadd og ned til Arabiahavet; øya Masirah; og til slutt den nakne kystlinja sør til Dhofar-området i sør.

Utanom det tåkete og frodige Dhofar, er heile kysten og låglanda kring Al Hajar-fjella ein del av økoregionen Omanbukta ørken og halvørken, medan sjølve fjella er eit eige habitat.

Ruus al JibalEndra

Det nordlegaste området, Ruus al Jibal, strekkjer seg frå Musandamhalvøya til grensa med Dei sameinte arabiske emirata (UAE) ved Hisn al Diba. Det grensar til Hormuzsundet, som knyter Persiabukta til Omanbukta, og er skild frå resten av sultanatet av ei landstripe som høyrer til UAE. Dette området består av låge fjell og utgjer den nordlegaste delen av Al Hajar al Gharbi-fjella (Vest-Al Hajar). To bukter, Elphinstone (Khawr ash Shamm) og Malcom (Ghubbat al Ghazirah), kløyver kystlinja kring ein tredjedel frå Hormuzsundet og på eit punkt er dei skilde av berre nokre få hundremeter med land. Kystlinja er særs ujamn, og Elhpinstone-bukta er seksten kilometer lang og omgjeve av fjell på 1000 til 1250 moh. Bukta er ofte blitt samanlikna med fjordar i Noreg.

Al BatinahEndra

For meir om dette emnet, sjå Al Batinah-regionen.

UAE-området som skil Ruus al Jibal frå resten av Oman strekkjer seg nesten så langt sør som kystbyen Shinas. Ei smal, folkerik kystlette kalla Al Batinah går frå staden der sultanatet byrjar att og til byen As Sib, kring 140 kilometer i søraust. Over slettene går ei rekkje wadiar, og desse er tett folkesette i dei øvre delane, og kjem ned frå Al Hajar al Gharbi-fjella i sør. Eit band av oasar, som får vatn frå brunnar og underjordiske kanalar (falaj), strekkjer seg langs heile sletta, krign ti kilometer inn frå kysten.

Kystområdet Muscat-MatrahEndra

Sør for As Sib endrar kysten karakter. I kring 175 km, frå As Sib til Ras al Hadd, er kysten naken og klippete. Her er det ingen oppdyrking og få bustader. Sjølv om djupna utafor denne kysten gjer det relativt lett å segle, er det få naturlege hamner eller trygge ankerplassar. Dei to beste er ved Muscat og Matrah, der dei naturlege hamnene støtta veksten av desse byane.

Kystområdet og øya MasirahEndra

Det aude kystområdet frå Jalan til Ras Naws har ikkje noko spesifikt namn. Låge åsar og øydemark møter havet over lange strekkje. Midt på denne kysten og kring 15 km utafor land, ligg den aude øya Masirah. Ho er kring 17 km lang og ligg strategisk til ved innløpet til Omanbukta frå Arabiahavet. På grunn avplasseringa vart det bygd militære anlegg av britane, og sidan nytta av USA, etter ein avtale mellom Oman og USA i 1980.

Det indre av OmanEndra

Vest for kystområda ligg ei høgslette i det sentrale Oman. Al Hajar-fjella dannar to kjeder: Al Hajar al Gharbi-fjella og Al Hajar ash Sharqi-fjella (Aust-Al Hajar). Dei er delte av Wadi Samail (den største wadien i fjellområdet), ein dal som er den tradisjonelle vegen mellom Muscat og det indre. Høgda ligg på kring 1200 moh, men toppane langs fjellkammane, som Jebel Akhdar (Det grøne fjellet), stig til meir enn 3 000 moh. Jabal Akhdar er den einaste staden der den unike villgeitarten arabisk tahr lever. I håp om redde dette sjeldne dyret erklærte sultan Qabus ibn Said denne delen av fjellet ein nasjonalpark. Bak Al Hajar al Gharbi-fjella ligg to innlandsområde, Az Zahirah og Indre Oman, skild av ein utstikkar frå Rub al Khali. Ved Al Hajar ash Sharqi-fjella ligg sandregionane Ash Sharqiyah og Jalan, som òg grensar til ørkenen.

Dhofar guvernementEndra

For meir om dette emnet, sjå Dhofar.

Dhofar-regionen strekkjer seg frå Ras ash Sharbatat til grensa med Jemen og nord til grensa med Saudi-Arabia. Hovudstaden, Salalah, var den permanente residensen til sultan Said ibn Taimur Al Said og fødestaden til den noverande sultanen, Qabus ibn Said. Dei høgaste toppane her er kring 2 000 meter over havet. Kysten av Dhofar er frodig og får vatn av monsuntåke frå Indiahavet og er ein del av økoregionen Den arabiske halvøya kysttåkeørken.

Al Dharerah-regionen består av tre delar: Dhank, Ibri og Yanqul.

KlimaEndra

 
SeaWiFS fanga denne sandstormen som bles ut over Arabiahavet frå Oman, 12. mars 2000.

Med unntak av Dhofar-området, som har eit sterkt monsunklima og får varme vindar frå Indiahavet, er klimaet i Oman ekstremt heitt og tørt det meste av året.

Sommaren byrjar i midten av april og varer til oktober. Dei høgaste temperaturane er registrerte i det indre, der ein har målt temperatur opp til 50,8 ºC. På Al Batinah-sletta, går sommartemperaturane sjeldan over 47 ºC, men på grunn av den låge lendet, kan råma verte så høg som 90 %. Middeltemperaturen om sommaren i Muscat er 33 ºC, men gharbi (tyder vestleg), ein kraftig vind som bles frå Rub al Khali, kan heve temperaturen i byane ved Omanbukta med 6 til 10 grader.

Vintertemperaturane er milde og behagelege, og varierer mellom 18 og 26 ºC.

Nedbørsmengdene på kysten og det indre platået varierer frå 20 til 100 mm i året og fell midt eller seint på vinteren. I fjella, særleg over Jebel Akhdar, kjem det langt meir nedbør, og ein kan få opp til 900 mm.

Sidan platået Jebel Akhdar består av porøs kalkstein, siv regnet raskt gjennom det, og vegetasjonen, som ein kunne vente var frodig, er heller skrinn. Eit stort reservoar under platået dannar kjelder for dei lågtliggande områda. I tillegg fører ein enorm wadi vatn til desse dalane, og gjer området til eit godt jordbruksområde i år då det kjem nok nedbør.

Dhofar nyt godt av den sørvestlege monsunen mellom juni og september, og får tyngre nedbør og har kontinuerlege elvar. Dette gjer området til det mest frodige i Oman.

Stundom kan ein syklon frå Indiahavet gå i land i Oman og føre med seg store nedbørsmengder, slik syklonen Kelia gjorde i 2011. Oman vart råka av syklonen Gonu den 6. juni 2007. Store område kring hovudstaden Muscat og i Amerat og Quriyat vart hardt råka. Gonu trefte først den sørlege byen Sur seint den 5. juni 2007.[1] Oman er eit av få land utan eit nasjonalt Raude krossen eller Raude halvmåne.

MaritimtEndra

Maritime krav:

  • territorial farvatn: 12 nautiske mil
  • kontinuerleg sone: 24 nautiske mil
  • eksklusiv økonomisk sone: 200 nautiske mil

MiljøproblemEndra

Naturlege farar: Sommarvindane kan danne store sandstormar i dei indre områda i tørkeperiodar. Etter regn kan wadiane fyllast med regnvatn og store landområde fløyme over. Ein syklon kan nå land og skape kraftig flaum eller blåse sand over store område.

Miljøproblem: Aukande saltinnhald i jorda. Strandforureining frå oljeutslepp. Det er avgrensa tilgang til ferskvatn.

Internasjonale miljøavtalar: Oman er delaktig i avtalar som gjeld biologisk mangfald, klimaendringar, Kyoto-avtalen, ørkenspreiing, miljøfarleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, skipsforureining og kvalfangst.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra