Kommunevåpen i Noreg

Wikimedia-listeartikkel

Kommunevåpena i Noreg er heraldiske våpenmerke som blir brukte av kommunar og fylkeskommunar som kjenneteikn og symbol. Nemningane fylkesvåpen og fylkesmerke er brukt om våpena til fylkeskommunane i Noreg, medan byvåpen og bymerke er brukt om våpena til dei tidlegare bykommunane. Dei fleste norske kommunevåpena har enkel form og fasong utan noko tillegg utanfor skjoldet. Mange av dei større byane har på toppen av skjoldet ei krone som er danna av ein mur. Nokre få kommunar bruker eldre variantar av eldre bysegl eller liknande som kommunevåpen.

HistorikkEndra

 
Det gamle byvåpenet til Hønefoss, med murkrone på toppen av skjoldet. Motivet er for detaljert til å kunna godkjennast med dagens regelverk for kommunevåpen.

Norske byvåpen med figurar sett inn i ei skjoldform er ikkje påvist før reformasjonen, men det finst enkelte bysegl som seinare er vortne forenkla noko og gjeve fargar som framleis blir brukt som kommunevåpen: Bergen, Oslo, Trondheim og Tønsberg. Fleire gamle bysegl har figurar som er vortne fargelagt, forenkla og stilisert som våpenskjold, til dømes Drammen, Fredrikstad, Kongsberg, Sarpsborg, Skien og Stavanger. Nye byvåpen vart gjevne eller stadfesta av unionskongane, mellom anna Kristiansand i 1643, Halden i 1665, Kristiansund og Molde i 1742, Risør i 1891, Holmestrand og Lillehammer i 1898, Hønefoss i 1902 og Porsgrunn i 1905. Desse våpena har fleire fargar og figurar, mellom anna med naturalistiske motiv frå sjø og land.

Frå 1930-talet vart det innført strengare krav om at våpena skulle ha ei enkel utforming, dels ut frå praktiske behov for å ha våpen som moderne kjenneteikn, dels ut frå den tidsaktuelle stilen og dels på bakgrunn av heraldikken frå mellomalderen. Dette vart gjort etter initiativ frå fagfolk i Riksarkivet, særleg av førstearkivar Hallvard Trætteberg. Han grunna denne nye retninga i fleire faglege artiklar gjennom 1930-talet, og han stod også for forenklinga og nyteikninga av det norske riksvåpenet den perioden.

Den norske regjeringa godtok at Riksarkivet byrja å stilla dei nye strenge krava for å fastsetja kommunevåpen i kongeleg resolusjon. Mange kommunefolk var kritiske og ville ikkje leggja seg under slik styring. Det finst derfor fleire kommunevåpen som er i bruk utan godkjenning frå Riksarkivet og utan kongeleg resolusjon, mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune, Asker, Meldal, Ullensaker og Vennesla. Kravet om enkel utforming er likevel vorte halde fast ved som den store hovudregelen heilt fram til i dag. Gjennom siste halvdelen av 1900-talet er det vorte laga fleire heilt nye kommunevåpen, vedtekne av kommunane, godkjende og fastsetje i kongeleg resolusjon. Frå 1970-talet og utover byrja heradskommunane å søkja om eigne kommunevåpen. Resultatet er at det i dag er i bruk fleire våpenskjold i Noreg enn nokon gong tidlegare.

Samanslåingar av kommunar med eigne ulike våpen fører til endringar i kommunevåpena. Nokre gonger har eitt av våpena vorte ført vidare etter samanslåinga, som det gamle våpenet til Horten etter samanslåinga med Borre. Andre gonger har den nye kommunen fått eit heilt nytt våpen etter samanslåing, slik som Larvik kommune etter samanslåinga i 1988 med kommunane Brunlanes, Hedrum, Stavern og Tjølling, der dei fleste hadde eigne kommunevåpen. Ei anna løysning kan vera som då kommunen Ølen vart slegen saman med Vindafjord. Den nye kommunen tok vare på motivet frå våpenet til Ølen, men bytte til fargane i våpenet til Vindafjord. Å kombinera våpenfigurane til fleire kommunar i eitt og same skjold vil ikkje verta godkjent av Riksarkivet, av di det ville vera i strid med hovudregelen om berre å ha eitt figurmotiv i eit kommunevåpen.

FastsettingEndra

Fastsetting av kommunevåpen kan i Noreg gjerast av kommunen sjølv, men det vanlege var å søkja om fastsetting i ein kongeleg resolusjon. Vedtak om kommunevåpen skjer i kommunestyret. Vedtaket vart tidlegare sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som la saka fram for Riksarkivet til vurdering. Eit vilkår for å få godkjenning, var at våpenet skulle vera i samsvar med dei heraldiske reglane som Riksarkivet praktiserte sidan slutten av 1930-talet. Desse reglane var strengare enn dei hadde vore fram til då, og dei var strengare enn reglane i dei fleste andre land. Til dømes er slike reglar ikkje følgde i det norske byvåpenet til Horten frå 1907, eller det franske byvåpenet til Paris frå 1358.

Kjernen i dei norske reglane har vore kravet til enkel utforming. Ein hovudregel er at våpenet normalt berre skal ha eitt figurmotiv, éin farge (raud, blå, svart eller grøn) og eitt metall (sølv eller gull). Figurane i våpena skal vera generelle og ikkje bilete av bestemte ting, bygningar, personar eller liknande. Det skulle vera mogeleg å laga eit bilete av figurane i reine fargeflater, utan perspektiv og skuggelegging, slik at figurane skal kunna kjennast att berre ut frå silhuetten. Fargar og figurar skulle vera stiliserte, slik at våpenet framstår klårt og tydeleg på avstand og i lite format.

Norske kommunevåpen består hovudsakleg av berre ei farge- og figur-samansetting i skjold, og dei er vanlegvis utan heraldisk ytre utstyr som hjelm på øvre skjoldkant, hjelmteikn på issen av hjelmen og hjelmklede som heng ned frå hjelmen. Etter utanlandsk skikk bruker byar i Noreg ofte ei såkalla murkrone på øvre skjoldkant, men murkrona inngjekk ikkje i dei norske fastsettingane i kongeleg resolusjon.

Frå desember 2017 vart lovverket endra, slik at kommunevåpen ikkje lenger skal godkjennast av Kongen i statsråd, men av kvart enkelt kommunestyre. Dette har resultert i ein del nye kommunevåpen som bryt med tidlegare norske heraldiske tradisjonar. Fleire av dei nye våpena er resultat av lokale konkurransar, der også amatørar kunne bidra.

Nye kommunevåpen skal vera ulike fra andre våpen som dei elles lett kunna forvekslast med. Den tradisjonelle fastsettinga i kongeleg resolusjon var gjort i form av ei kort skildring, til dømes «På gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks» for Telemark fylkeskommune i 1970. Ved fastsettinga følgde det med ei godkjend teikning av våpenet i skjold og flagg som døme på riktig, heraldisk avbilding.

Galleri over kommunevåpen i NoregEndra

Under er eit galleri over kommunevåpena i Noreg som er i bruk i dag. For kommunevåpen brukt av tidlegare norske kommunar, sjå tidlegare kommunevåpen i Noreg.

Viken fylkeEndra

Innlandet fylkeEndra

Vestfold og Telemark fylkeEndra

Agder fylkeEndra

Rogaland fylkeEndra

Vestland fylkeEndra

Møre og Romsdal fylkeEndra

Trøndelag fylkeEndra

Nordland fylkeEndra

Troms og Finnmark fylkeEndra

SvalbardEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra