Dvergplaneten Pluto

(Omdirigert frå Planeten Pluto)

Pluto (småplanetnemning 134340 Pluto) er ein dvergplanet i kuiperbeltet, fram til 2006 kalla ein planet. I juni 2008 blei Pluto òg klassifisert som ein plutoide, ein kategori av dvergplanetar med større stor halvakse enn Neptun. [1] 14. juli 2015 passerte romsonden New Horizons Pluto.

Pluto har fem kjende månar, Kharon, Nix, Hydra, Kerberos og Styx. Pluto vender alltid same sida mot Charon, og Charon vender alltid same sida mot Pluto.

Det er ein spesiell relasjon mellom Pluto og Neptun sine banar: På den tida Pluto gjer to rundar rundt Sola, gjer Neptun nøyaktig tre.

HistorieEndra

Pluto vart oppdaga av den amerikanske astronomen Clyde W. Tombaugh den 18. februar 1930. Han kalla planeten opp etter den romerske guden Pluto med same namn, fordi dei to første bokstavane hans er initialane til Percival Lowell, som hadde forutsagt at ein niande planet ville bli funnen.

I starten trudde ein at Pluto var fleire gonger større enn jorda. Nærare observasjonar har synt at Pluto er mindre enn månen. Den 24. august 2006 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen ein ny definisjon på planetar. Etter denne datoen er Pluto saman med til dømes Ceres og Eris klassifisert som ein dvergplanet.

Utforsking og geologiEndra

 
Nattsida til Pluto og blå dislag i atmosfæren. Fargane er tilnærma slik eit menneske ville oppfatta dei.
 
Pluto nær solnedgang. Meir enn eit dusin dislag er synlege på biletet, i tillegg til fleire høge fjell og issletta Sputnik Planum
 
Teikn på strøymande nitrogen-is (kontekst)
 
Grøfter på Sputnik Planum (kontekst)

Nokre av dei fyrste bileta New Horizons-sonden sende attende til jorda synte ei rad fjell, opp til 3500 meter høge. Fjella er sannsynlegvis laga av vassis og del av grunnfjellet til Pluto, sidan meir flyktige stoff som nitrogen og metan sannsynlegvis ikkje er harde nok til å laga slike fjell under høva på Pluto. Sannsynlegvis vart fjella danna for mindre enn 100 millionar år sidan, slik at terrenget i området er noko av det yngste som er observert so langt i solsystemet.[2]

I sentrum av eit hjarteforma område på Pluto ligg det ei frosen slette kalla Sputnik Planum. Til liks med fjella er ho sannsynlegvis mindre en 100 millionar år gamal. Ho har fleire sprekkar - nokre med ein mørk materie i, andre med åsar i.[3] Området er rikt på nitrogen-, metan- og karbonmonoksid-is. Det finst teikn på at isen her strøymer lik isbrear på jorda.[4] Det finst òg teikn på at nitrogen-is i form av isbrear strøymer frå eit høgland aust for Sputnik-sletta ned på sletta sjølv.[5]

Observasjonar med Ralph-instrumentet ombord på New Horizons syner at den vestre delen av hjarteformasjonen på Pluto har ein konsentrasjonstopp av karbonmonoksid.[6]

Etter å ha passert Pluto tok New Horizons bilete av Pluto som då hadde sola bak seg. Bileta synte dislag i atmosfæren til Pluto som nådde opp til 130 kilometer over yta til dvergplaneten, medan forskarar på førehand ikkje hadde venta seg dis stort høgre enn 30 kilometer over yta.[7]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya 
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.