Kiribati

land i Oseania
(Omdirigert frå Republikken Kiribati)
Republic of Kiribati

(norsk: Kiribati, kiribatisk)

Det kiribatiske flagget Det kiribatiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Teirake Kaini Kiribati»
Motto Te Mauri, Te Raoi ao Te Tabomoa (helse, fred og rikdom)
Geografisk plassering av Kiribati
Offisielle språk Engelsk og kiribatisk
Hovudstad Sør-Tarawa
Styresett
Republikk
Taneti Maamau
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
811 km² (174.)
0%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
108 145 (183.)
91 985
133,3 /km² (66.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
12. juli 1979
Nasjonaldag 12. juli (sjølvstendedag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
170 mill. USD (193.)
2 500 USD (167.)
Valuta Australsk dollar
Tidssone UTC +12-14
Telefonkode +686
Toppnivådomene .ki


Kiribati (uttala Kiribass) er ein øystat sett saman av 32 atollar og ei forhøga koralløy fordelt på 3 500 000 km² hav.[1] Øystaten ligg tvers over datolinja og ekvator midt i Stillehavet, sør for Marshalløyane og Hawaii og nord for Tuvalu, Samoa, Cookøyane og Fransk Polynesia. Dei fleste av øyane ligg i Mikronesia medan nokre høyrer til Polynesia.

Kiribati kan delast inn i tre hovudøygrupper; Gilbertøyane, Linjeøyane og Phoenixøyane, og ei isolert vulkanøy vest for Banaba. Kvar av dei 21 bebudde øyane har eit lokalstyre som står for dagleg drift. Hovudøya Tarawa har tre styre: Betio, Nord-Tarawa og Sør-Tarawa, som er hovudstad i landet. Namnet på landet blir uttala /kiribass/ og er ein kiribatisk uttale av det engelske namnet Gilberts, som tidlegare blei brukt om den viktigaste øygruppa.

Historie endre

Ei mikronesisk folkegruppe som snakka det same oseanske språket, dagens kiribatisk, har budd på øygruppa i fleire hundreår. Seinare kom også polynesarar frå Tonga og Samoa til. Europearar såg først øyane på 1600-talet. Kiribatarane kom først i kontakt med europearar i 1788, då den britiske kapteinen Thomas Gilbert segla gjennom øygruppa.

I 1892 blei Gilbert-øyane eit britisk protektorat saman med Ellice-øyane i nærleiken. I 1915 blei Gilbert- og Elliceøyene utropt til ein koloni i Det britiske imperiet.

Under andre verldskrigen blei øyane okkupert av Japan frå 1941 til 1944. 20. november 1943 gjekk den amerikanske hæren og 2. marinekorpsdivisjon i land på Makin og Tarawa, og vann til slutt over dei japanske styrkane. Gilbertøyane blei så brukt som base for å støtta invasjonen av Marshalløyane i februar 1944.

Kolonien fekk sjølvstyre i 1971. Ellice-øyane braut så ut som den sjølvstendige staten Tuvalu i 1978, og Kiribati følgde med sjølvstende den 12. juli 1979.

I 1995 flytta ein heile landet vest for datolinja.[2]

 
Kiribati og andre øystatar rundt.

Geografi endre

Øystaten strekkjer seg nær 3900 km frå aust til vest, og 2050 km frå nord til sør. Bortsett frå Banaba er øyane låge korallatollar som sjeldan er høgare enn 8 moh.[3]

Dei har sandhaldig jordsmonn. Banaba er ei fosfathaldig koralløy. Det høygaste punktet ligg 81 moh.

Klima endre

Banaba, Linjeøyane og Phoenixøyane har eit maritimt ekvatorialklima, medan resten av øyane har eit tropisk, maritimt klima. Regntida er frå mars til oktober, og årsnedbøren varierer frå omkring 750 mm på Phoenixøyane, til over 3000 mm på dei nordlegaste Gilbert Islands. Det er ikkje uvanleg med tørkeperiodar. Temperaturane ligg på 27-29 °C året gjennom og endrar seg lite frå månad til månad og gjennom døgnet.

Natur endre

Øyane er dekte av kokospalmer og skruepalmer med sparsom undervegetasjon. Det finst ganske få fugleartar her, dei fleste er sjøfuglar: Småtropikkfugl, raudfot- og brunsule, storfregattfugl og 7 ternearter. Landet har nokre vadefuglar som sandløpar, steinvendar og to vandresniper som er årvisse vintergjestar.

Kjelder endre

  1. «Kiribati» (på engelsk). CIA – The World Factbook. 
  2. Jensen, Lars; Pedersen, Christian Fogd; Folke, Hans; Pinholt, Jens; Rischel, Jørgen: Kiribati i Den Store Danske på lex.dk. Henta 23. desember 2023.
  3. Sophie Foster & Barrie K. Macdonald. «Kiribati» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 23. desember 2023. 

«Kiribati – klima» i Store norske leksikon, snl.no.

  • «Kiribati» (20. juni 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. januar 2015.
  • «Kiribatis geografi» (26. september 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. januar 2015.
  • «Dyreliv i Kiribati» (1. februar 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. januar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kiribati