Saudiarabisk geografi

Saudiarabisk geografi
Saud-Arabia -
Verdsdel Asia
Region Midtausten
Koordinatar 25°00′N 45°00′E / 25.000°N 45.000°E / 25.000; 45.000
Areal Rangering 12
2 250 000 km²
100% land
0% vatn
Kystlinje 2 640 km
Grenser Landegrenser:4 415 km
Irak 814 km
Jordan 728 km
Kuwait 222 km
Oman 676 km
Qatar 60 km
UAE 457 km
Jemen 1 458 km
Høgaste punkt Jabal Sawda
3133 moh
Lågaste punkt 0 m
Lengste elv -
Største innsjø -

Kongedømet Saudi-Arabia er eit land i Sørvest-Asia, det største landet i Arabia, og grensar til Persiabukta og Raudehavet, nord for Jemen. Den lange kystlinja langs Persiabukta og Raudehavet har gjort det enkelt å drive skipsfart (særleg råolje) gjennom Persiabukta og Suezkanalen. Kongedømet dekkjer 80 % av Den arabiske halvøya. Dei lange grensene mot Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Oman og Jemen (tidlegare dei to fråskilde landa Den jemenittiske arabiske republikken eller Nord-Jemen og Den demokratiske folkerepublikken Jemen eller Sør-Jemen) er ikkje definerte så den eksakte storleiken til landet er ukjend. Staten har estimert arealet til å vere 2 217 949 kvadratkilometer, medan andre truverdige estimat har variert mellom 2 149 690 og 2 240 000 kvadratkilometer. Mindre enn 1 % av det samla arealet høver for oppdyrking og tidleg i 1990-åra varierte folkefordelinga stort mellom byar på aust- og vestkysten, tett folkesette oasar i dei indre områda og enorme, nesten tomme ørkenar.

Plasseringa til Saudi-Arabia

Ytre grenser endre

 
Topografisk kart over Saudi-Arabia.
 
Det tilnærma landbyte mellom Jordan (som fekk det grøne området) og Saudi-Arabia (som fekk det raude).

Saudi-Arabia grensar til sju land og tre havområde: I vest ligg Akababukta og Raudehavet med ei nesten 1 800 km kystgrense som strekkjer seg til sørlege delar av Jemen og følgjer ein fjellrygg kring 320 km til området nær Najran. Denne delen av grensa med Jemen vart staka ut i 1934 og er ei av få tydeleg definerte grenser med nabolanda. Den saudiarabiske grensa går søraust frå Najran, men er ikkje fastsett. Den umarkerte grensa vart ei sak tidleg i 1990-åra då det vart oppdaga olje området og Saudi-Arabia protesterte mot at utanlandske selskap fekk hente opp olje derfrå på vegner av Jemen. Sommaren 1992 møtte representantar for Saudi-Arabia og Jemen kvarandre i Geneve for å diskutere grensa.

I Nord grensar Saudi-Arabia til Jordan, Irak og Kuwait. Nordgrensa strekkjer eg nesten 1 400 kilometer frå Akababukta i vest til Ras al Khafji ved Persiabukta. I 1965 vart Saudi-Arabia og Jordan samde om å trekkje om grensa og byte ut små landområde, slik at Jordan fekk større kystlinje ved nær Aqaba, den einaste hamnebyen i landet.

I 1922 signerte Ibn Saud og britiske embetsmenn som representerte irakiske interesser Mohammara-avtalen, som fastsette grensa mellom Irak og det framtidige Saudi-Arabia. Seinare på året vart Al Uqair-konvensjon signert av dei to partane der det vart danna eit diamant-forma nøytralt område mellom Saudi-ARabia og Irak på kring 7 000 kvadratkilometer, like ved vestenden av Kuwait, der verken Irak eller Saudi-Arabia kunne bygge permanente bygg eller installasjonar. Avtalen vart forma for å verne vassrettar i sonen for beduinar i begge land. I mai 1938 signerte Irak og Saudi-Arabia ein ny avtale som handsama styret av denne regionen. 43 år seinare, signerte Saudi-Arabia og Irak ein avtale som definerte grensa mellom dei to landa, der den nøytrale sonen vart delt mellom dei. Avtalen løyste dermed opp den nøytrale sonen.

Grensa mellom områda til Ibn Saud i Najd og Austprovinsen og det britiske protektoratet Kuwait var først regulert av Al Uqair-konvensjonen frå 1922. I eit forsøk på å unngå strid om territorium, vart det oppretta eit anna diamantforma deleområde på 5 790 kvadratkilometer like sør for Kuwait. I 1938 vart det oppdaga olje sør i Kuwait i Burqan-felta, og begge landa inngjekk kontraktar med utanlandske oljeselskap for å utforske område i delesonen. Etter fleire år med diskusjonar kom Saudi-Arabia og Kuwait til ei semje i 1965 som delte sonen geografisk, og kvart land fekk styre sin halvdel av sonen. Avtalen garanterte at rettane til begge partar om naturressursar i heile sonen, framleis skulle respekterast etter at kvart land hadde annektert sin halvdel av sonen i 1966.

Den austlege grensa til Saudi-Arabia følgjer Persiabukta frå Ras 'al Khafji til Qatarhalvøya, der grensa med Saudi-Arabia vart avgjort i 1965. Den saudiarabiske grensa med Oman, på søraustkysten av Den arabiske halvøya, går gjennom Rub 'al-Khali, «den tomme fjerdedelen». Grensa vart definert i 1990 i ein avtale mellom Saudi-Arabia og Oman som inkluderte deling av beiteområde og vassrettar. Grensa gjennom 'Al Buraymi-oasen, staden der grensa til Oman, Abu Dhabi (eit av emirata i UAE) og Saudi-Arabia møter kvarandre, har skapt store diskusjonar mellom dei tre statane etter Jeddah-avtalen i 1927. I 1975 kom Saudi-Arabia og Abu Dhabi til ei semje der Abu Dhabi aksepterte suverenitet over seks landsbyar i 'Al Buraymi-osalen og delte det rike Zararah-oljefeltet. Til gjengjeld fekk Saudi-Arabia eit utløp til Persiabukta gjennom Abu Dhabi.

Dei maritime krava til Saudi-Arabia omfattar ei 12 nautiske mil (22 km) territorial grense langs kysten. Landet gjer òg krav på mange småøyar og noko havbotn og undergrunn utafor denne grensa.

Maritime krav:

samanhengande sone: 18 nmi (33,3 km)

kontinentalsokkel: ikkje spesifisert

territorialfarvatn: 12 nmi (22,2 km)

Vassressursar endre

Fram til 1980-åra hadde Saudi-Arabia innsjøar i Layla Aflaj og djupe vasshol i 'Al-Kharj, som fekk vatn frå underjordiske vasslag danna i førhistoria og som ikkje var fornybare. 'Al Kharj var ei verdifull drikkevasskjelde i eit ufruktbart område. I nyare år har ein brukt for mykje vatn frå desse kjeldene, både til jordbruk og drikkevatn, og det er ikkje lenger ferskvatn att i desse innsjøane og underjordiske kjeldene.

Utan permanente elvar eller innsjøar, vert bekkar, grunnvatn, avsalta sjøvatn og særs knapt med overflatevatn nytta som vassforsyning. I Aust-Arabia og i Jabal Tuwayq, er det mange artesiske brunnar og kjelder. I Al Ahsa finst det store, djupe basseng som får vatn frå artesiske kjelder via underjorda frå det austlege vasskilje i Jabal Tuwayq. Slike kjelder og brunnar gjev god tilgang til vatn i lokale oasar. I Hijaz er det mange brunnar og det er vanleg med kjelder i fjellområda. I Najd og dei store ørkenane er det lengre mellom vassforsyningane, som ligg spreidd over eit stort område. Vatn må løftast eller pumpast til overflata, og sjølv når det er mykje vatn, kan kvaliteten vere dårleg.

Moderne teknologi har funne og auka tilkomsten til mykje underjordisk vatn. Ingeniørar frå Saudi Arabian Oil Company (Saudi Aramco) har funne særs djupe vasslag i mange område nord og aust i Arabia, og Wasia, det største vassførande laget i Saudi-Arabia, inneheld meir vatn enn heile Persiabukta. Den saudiarabiske staten, Saudi Aramco, og Dei sameinte nasjonane (SN) mat og jordbruksorganisasjon (FAO) har i lag prøvd å utvinne dei underjordiske vassressursane. Tidlegare førte dårlege borte brunnar til at vatnet vart redusert eller øydelagd. Fleire jordbruksprosjekt, mange oppretta for å oppfordre beduinane om å busetje seg, har auka utnyttinga av desse vassressursane. Tidleg i 1990-åra har omfattande jordbruksprosjekt i stor grad vore avhengig av slike underjordiske vasskjelder, som forsynte meir enn 80 % av vatnet som jordbruket kravde. I 1987 vart kring 90 % av det totale vassforbruket i landet konsumert av jordbruket.

Topografi og naturlege regionar endre

 
Topografisk kart over Saudi-Arabia.
 
Fysisk kart over Saudi-Arabia.
 
Kart over Köppen si klimaklassifisering i Saudi-Arabia[1] er basert på naturleg vegetasjon, temperatur, nedbør og årstidsvariasjon. ██ BWh varm ørken ██ BWk kald ørken ██ BSh varm halvtørt ██ BSk kald halvtørt

Den arabiske halvøya er eit eldgammalt massiv som består av stabil, krystallinske bergartar med ein geologisk struktur som vart utvikla samstundes med Alpane. Geologiske rørsler fekk heile massivet til å helle austover og den vestlege og sørlege kanten til å helle oppover. I dalen som vart skapt av forkastinga, kalla Den store Riftdalen, vart Raudehavet danna. Den store Riftdalen går frå Middelhavet langs begge sider av Raudehavet og sørover gjennom Etiopia til innsjøområdet i Aust-Afrika, og forsvinn gradvis i området kring Mosambik, Zambia og Zimbabwe. Forskarar analyserte bilete teken av amerikanske astronautar under ein felles amerikansk-sovjetisk romekspedisjon i juli 1975 og fann eit stort vifteforma område av sprekker og forkastingar som strekte seg nord og aust frå Golanhøgdene. Ein meiner at desse forkastingane er den nordlege slutten på Den store Riftdalen og eit resultat av ein langsam rotasjon av Den arabiske halvøya mot klokka på ein måte som om kring 10 millionar år vil lukke Persiabukta og gjere han til ein innsjø.

På halvøya dannar den austlege linja av Den store Riftdalen ein synleg, bratt, og somme stader høg, skrent som går parallelt til Raudehavet mellom Akababukta og Adenbukta. Austsida av skrenten er relativt slak, og fell til eksponerte skjold av eldgamle landmassar som eksisterte før forkastinga oppstod. Ein annan, lågare skrent, Jabal Tuwayq, går nord til sør gjennom Riyadh-området.

I sør, på kystsletta stig Tihamah gradvis opp frå sjøen til fjella. Hejaz strekkjer seg sørover til grensa av det fjelldominerte Jemen. Det sentrale platået Najd, strekkjer seg aust til Jabal Tuwayq og litt bortafor. Ei lang, smal stripe med ørken, kalla Ad Dahna, skil Najd frå det austlege Arabia, som heller austover til den sandete kysten langs Persiabukta. Nord for Najd ligg ein større ørken, An Nafud, isolert i hjartet av halvøya frå steppene nord i Arabia. Sør for Najd ligg ein av dei største sandørkenane i verda, Rub al Khali.

Hejaz endre

 
Tuwaiq-skrenten frå vest.
 
Harrat al Birk vulkanfelt.

Den vestlege kystskrenten kan reknast som to fjellrekkjer skilde av ein dal nær Mekka i Tihamah. Den nordlege fjellrekkja i Hejaz går sjeldan over 2 100 meter, og høgda minkar gradvis mot sør til kring 600 meter. Den kuperte fjellveggen fell brått til sjøen med berre få kystsletter innimellom. Det finst ingen naturlege hamner langs Raudehavet. Erosjon har fjerna all jord frå den vestlege skrenten gjennom sjeldne, men kraftige regnbyer, som har gjev frodige sletter i vest. Austhellinga er mindre bratt og er markert av tørre elveleie (wadiar) som syner eldgamle elveleie som framleis fører vatn når det ein sjeldan gong regnar. Spreidde oasar, som får vatn frå kjelder og brunnar i nærleiken av desse wadiane, gjer at ein kan ha noko jordbruk. Av desse oasane er den største og viktigaste Medina. Sør for Hejaz, strekkjer fjella seg over 2 400 meter fleire stader, med somme toppar over 3 000 meters. Austsida av fjellrekkja i Asir er slag, og glir over i ei høgslette som fell gradvis mot Rub al Khali. Sjølv om det sjeldan regnar i området, finst det fleire frodige wadiar, og dei viktigaste av desse er Wadi Bishah og Wadi Tathlith, som gjer oase-jordbruk mogeleg på relativ stor skala. Fleire store lavasletter (harrat) dekkjer overflata av høgslettene aust for fjellrekkjene i Hijaz og syner spor av relativ nyleg vulkansk aktivitet. Den største av desse er Khaybar, nord for Medina; ein annan Al Harrah, er ein del av det store vulkanfeltet Harrat Ash Shamah. Kjende byar i Hejaz er mellom anna den heilage byen Medina og byen Taif.[2]

Tihamah endre

Den kuperte vestsida av skrenten fell bratt ned til kystsletta, låglandet Tihamah, som i snitt er 65 kilometer breitt. Langs kysten finst det salte tidvassletter med avgrensa jordbruksverdi, med potensielt rike elvesletter bakom. Den relativt godt vatna og frodige øvre fjellsida og fjella bakom ligg i store terrassar som er mogeleg å dyrke. Denne kystsletta er ein del av økoregionen kalla Den arabiske halvøya kyst-tåkeørken. Både den heilage byen Mekka og byen Jeddah ligg nord i Tihamah.[3]

Najd endre

Aust for Hejaz og Asir ligg den store høgsletta Najd. Denne regionen er hovudsakleg steinete sletter med små sandørkenar og isolerte fjellområde. Den mest kjende fjellgruppa er Jabal Shammar, nordvest for Riyadh og like sør for An Nafud. Området er heimstaden til gjetarstamma Shammar, som leia av Al Rashid var dei mest kompromisslause fiendane til Al Saud seint på 1800- og tidleg på 1900-talet. Hovudstaden deira var den store oasen Hail, som i dag er eit blømande bysenter.

Over heile halvøya heller platået mot aust frå ei høgd på 1 360 meter over havet i vest til 750 meter lengst aust. Ei rekkje wadiar kryssar regionen austover frå skrenten aust for Raudehavet og mot Persiabukta. Dei viktigaste av desse er Wadi Hanifa, Wadi al-Rummah, Wadi as Surr og Wadi ad-Dawasir.

Hjartet av Najd er området kring Jabal Tuwayq, ein bogeforma rygg med ei bratt vestside som stig 100 til 250 meter over sletta. Det finst mange oasar i området i området og dei viktigaste er Buraydah, Unayzah, Riyadh og Al Kharj. Utafor oasane er Najd tynt folkesett. Det finst store saltsletter (sabkah) spreidde i området.

Nord-Arabia endre

Området nord for An Nafud er geografisk sett ein del av Den syriske ørkenen. Det er ei høgslette med mange wadiar, hovudsakleg i nordaustleg retning mot Irak. Dette området, som òg vert kalla Badiyat ash Sham, er dekt med gras og kratt, og vert nytta som beiteområde for nomadiske og halvnomadiske gjetarar. Det viktigaste trekket i området er Wadi as Sirhan, eit stort nedslagsfelt som ligg så mykje som 300 meter lågare enn det kringliggande platået, som er resten av eit eldgammalt innlandshav. I tusenvis av år har somme av dei sterkt trafikkerte karavanerutene mellom Middelhavet og dei sentrale og sørlege delane av halvøya gått gjennom Wadi as Sirhan. Dei viktigaste oasane i området er Al Jawf og Sakakah, like nord for An Nafud.

Aust-Arabia endre

Aust for Ad Dahna ligg platået As Summen, som er kring 120 kilometer brei og fell frå ei høgd på kring 400 meter i vest til 240 meter i aust. Området er generelt ufruktbart med ei særs erodert overflate med eldgamle elvekløfter og isolerte platåfjell.

Lenger aust endrar terrenget seg brått til flate lågland ved kystsletta. Dette området, som er kring seksti kilometer breitt, er generelt utan karakteristiske trekk og dekt med grus eller sand. I nord ligg grussletta Ad Dibdibah og i sør ligg sandørkenen 'Al Jafurah, som når golfen nær Dhahran og glir over i Rub al Khali i sør. Sjølve kysten er sørs ujamn med sandsletter, myrområde og saltsletter som glir nesten umerkeleg over i sjøen. Som følgje av dette er landflata ustabil og somme stader stig vatnet nesten til overflata og sjøen er grunn, med grunner og rev langt ut frå kysten. Berre bygginga av ein lang molo ved Ras Tanura har opna den saudiarabiske kysten ved golfen for havgåande tankskip.

Aust-Arabia vert stundom kalla 'Al-Hasa eller 'Al Ahsa etter den store oasen, eit av dei meir frodige områda i landet. 'Al-Hasa, den største oasen i landet, består i røynda av to oasar ved sidan av kvarandre, inkludert byen Al-Hofuf.

Store ørkenar endre

Tre store ørkenar isolerer Najd frå nord, aust og sør, edan Raudehavsskrenten ligg i vest. I nord ligg An Nafud—stundom kalla Store Nafud fordi An Nafud er omgrepet for ørken—dekkjer kring 55 000 kvadratkilometer med ei høgd på kring 1 000 meter over havet. Titals kilometer lange sanddyner med høgder opp mot nitti meter strekkjer seg på langs, og er skild av dalar som er så mykje som 16 km breie. Jernoksid gjev sanden ein raudfarge, særleg når sola er låg. Innafor området er det fleire vasskjelder, og vinterregnet fører til kortvarig, men saftig gras som dei nomadiske gjetarane nyttar seg av om vinteren og om våren.

Sør for An Nafud strekkjer ad-Dahna-ørkenen seg ei ein smal boge meir enn 125 km. Det er eit smalt band med sandfjell som òg vert kalla sandelvar. Som An Nafud er sanden raudfarga, særleg i nord, der han òg har dei same sanddynene på langs, som An Nafud har. Ad Dahna vert òg omvandla til beitemarker for beduinane om vinteren og våren, men det er mindre vatn her enn i An Nafud.

Dei sørlege delane av Ad Dahna svingar seg vestover og følgjer bogen til Jabal Tuwayq. Heilt i sør glir han over i Rub' al Khali, ein av dei verkelege ugjestmilde sandørkenane i verda og fram til 1950-åra ein av dei minst utforska. Topografien i dette enorme området, som dekkjer meir enn 550 000 kvadratkilometer, er variert. I vest er høgda kring 600 meter, og sanden er fin og mjuk, i aust er høgda kring 180 meter, og overflata er dekt av relativ stabilt sanddekke og saltsletter. Somme stader, særleg i aust, finn ein sanddyner som går på langs, og andre stader sandfjell så høge som 300 meter i komplekse mønster. Dei fleste områda er heilt utan vatn og folketomme, utanom nokre få vandrande beduinstammer.

Grotter endre

Under dei harde ørkenane i Saudi-Arabia ligg mørke kammer og komplekse labyrintar fylte med krystallinske strukturar, stalaktittar og stalagmittar. Kalksteinsgrunnfjellet på Summan-platået er eit karstområde aust for Dahna-sanden og har mange slike grotter, lokalt kalla Dahls. Somme har små inngangar, meda andre fører inn i labyrintar av passasjar som kan vere fleire kilometer lange. Lokale beduinar har i lang tid kjend til desse grottene og somme vart nytta til å finne vatn. Dei vart først systematisk undersøkt i 1981 og seinare utforska og dokumentert av Saudi-Arabias geologiske undersøkingar.

Miljø og Golfkrigen endre

Golfkrigen i 1991 førte til store miljøskadar i regionen. Det største oljeutsleppet i verda, estimert til 8 millionar fat, skitna til vatnet i bukta og kystområda av Kuwait, Iran, og mykje av den saudiarabiske kysten av Persiabukta. I somme område var det den saudiarabiske kysten som vart hardast råka og i sedimenta vart det funne 7 % olje. Dei grunne områda som vart råka er normalt fôrplass for fuglar, og yngleplass for fisk og reker. Fordi planter og dyr på havbotnen er lågt i næringskjeda, hadde forureininga av kysten store konsekvensar for heile økosystemet i det grunne vatnet, mellom anna den saudiarabiske fiskeindustrien.

Utsleppet hadde råka òg kystområdet kring Madinat 'al-Jubayl as Sinaiyah hardt, eit stort industri og folkesenter som nettopp var planlagt og bygd ut av den saudiarabiske staten. Utsleppet truga industrianlegga i 'Al Jubayl fordi kjølesystema for hovudindustriane og var basert på sjøvatn, i tillegg til at avsalta sjøvatn vart nytta til drikkevatn. 'Al Jubayl-hamna og Abu Ali-øya, som ligg i bukta, like nord for 'Al Jubayl, vart hardast råka, og mangroveområdet og ynglestaden til rekene vart øydelagd. Mykje sjøfugl som skarv, lappdykkar og alke vart drepen då fjøra vart dekte med olje. I tillegg vart strendene langs heile kysten av 'Al Jubayl dekt med olje og tjøreklumpar.

Sprenginga og brenninga av kring 700 oljebrunnar i Kuwait førte òg til særs stor luftforureining, og oljefylt sot fylte lufta og produserte innsjøar av olje i den kuwaitiske ørkenen som bestod av tjue gonger meir olje enn det som forsvann ut i bukta, eller kring 150 millionar fat. Sota frå dei kuwaitiske brannane vart funnen i snø i Himalaya og i regnet over Iran, Oman og Tyrkia. Innbyggjarar i Riyadh rapporterte om at bilar og utandørsmøblar kvar dag var dekt av oljeaktig sot. Dei endelege effektane av dei brennande brunnane er enno ikkje avgjort, men prøvar av jordsmonnet og vegetasjon i Ras al Khafji nord i Saudi-Arabia avdekte høge nivå av oljeaktige sotpartiklar i ørkenøkologien. SNs Miljøprogram åtvara at buskapen som beita i eit område på 7 000 kvadratkilometer kring brannane, eller opp til 1 100 kilometer frå senteret av brannane, eit område som omfatta det nordlege Saudi-Arabia, var ein helsefare for menneske. Den fulle effekten av oljeutsleppa og oljebrannane på sjødyr, menneskehelse, vasskvalitet og vegetasjon er ikkje fullt ut avgjort. I tillegg til desse to miljøproblema har ein problem med store mengder søppel, giftige materiale, og mellom 173 og 207 millionar liter av uhandsama kloakk i sandtak som koalisjonsstyrkane etterlet seg.

Fakta endre

Naturfarar: ofte sand- og støvstormar

Miljøproblem - noverande saker: ørkenspreiing, uttømming av grunnvasskjelder; mangel på fleirårige elvar eller permanente innsjøar har ført til utvikling av enorme avsaltingsanlegg av sjøvatn; kystforureining frå oljeutslepp.

Miljøvern - internasjonale avtalar:

delaktig i avtalar som omfattar: Klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstruga dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, ozonlaget

signert, men ikkje ratifisert: ingen avtalar

Arealbruk:

Dyrkbar mark: 1,8 %

Permanente avlingar: 0 %

Permanente beitemarker: 56 %

Skogar: 0 %

Anna: 42 %

Irrigert land: 4 350 km²

Kjelder endre

  1. Peel, M. C. and Finlayson, B. L. and McMahon, T. A. (2007). «Updated world map of the Köppen–Geiger climate classification». Hydrol. Earth Syst. Sci. 11: 1633–1644. ISSN 1027-5606. doi:10.5194/hess-11-1633-2007.  (direkte: Final Revised Paper)
  2. Yaqut al-Hamawi, Mu'jam Al-Buldan, vol. 2, s. 219
  3. Yaqut al-Hamawi, Mu'jam Al-Buldan, vol. 2, s. 219