Slaget ved Kalisz

Slaget ved Kalisz fann stad den 29. oktober 1706 i Kalisz i Det polsk-litauiske samveldet under den store nordiske krigen. Det var ein tre timar lang kamp som kunne ha vore hindra om August II den sterke av Polen hadde vorte betre informert om visse tilhøve om svenskane og russarane. På denne tida fanst det ein allianse mellom polakkane, saksarane og russarane. Slaget vart utkjempa av russisk kavaleri, leia av kommandanten Aleksandr Mensjikov mot ein mindre svensk styrke leia av oberst Mardefelt. Russarane spelte ei viktig rolle her fordi dei trong å støtte den saksiske allierte under August.

Slaget ved Kalisz
Del av den store nordiske krigen

Dato 29. oktober 1706
Stad Kalisz i Polen
Resultat Alliert siger
Partar
 Sverige  Kurfyrstedømet Sachsen
 Russland
Det polsk-litauiske samveldet
Kommandantar
Flagget til Sverige Arvid Axel Mardefelt August II den sterke
Flagget til Russland Aleksandr Danilovitsj Mensjikov
Styrkar
4300 (av desse berre eit nasjonalt svensk regiment) 10 000 polakkar lojale til svenskane (rømde i starten av slaget) 35 000 - 40 000
Tap
700 drepne og skadde
1800 fanga
764 drepne og skadde
Den store nordiske krigen

Opptakt endre

Sigeren til Karl XII av Sverige i slaget ved Fraustadt hadde tvunge August den sterke av Kurfyrstedømet Sachsen til å trekkje seg frå den store nordiske krigen og sei frå seg kravet til den polske krona med Altranstädt-traktaten.[1]

Då August fekk høyre om denne avtalen medan han reiste med Mensjikov, valde han å ikkje seie noko. Avgjersla var basert på den breie russiske støtta han fekk. Dei var klare for kamp og August ville ikkje risikere å gjere russarane arge med denne nye informasjonen. Ein siste sjanse til å ordne opp i situasjonen hjelpte heller ikkje. Han sendte melding til den ventande svenske styrken og bad dei om å trekkje seg tilbake då dei møttest, men Mardefelt, som ikkje kjende til avtalen, tolka dette som eit luretriks. På grunn av dårleg kommunikasjon, og imot viljen til August, fann derfor slaget ved Kalisz stad.

Slaget endre

Slaget starta bra for svenskane, men dei allierte klarte å snu situasjonen, og svenskane hamna under kraftig geværeld. Svenskane starta å trekkje seg attende i ei stor gruppe enn som eit organisert regiment. Dette gjorde det mogeleg for dei allierte å ta sigeren. Det synte Mensjikov som ein god kommandant, og sjølv om det ikkje ville ha vore betre med eit tap, var det heile pinleg for August. Han bad seinare Karl og tsar Peter den store om årsak for den vanskelege situasjonen.

Etterverknad endre

Det svenske tapet vart omgjort då Karl XII synte ratifiseringa til August av Altranstädt-traktaten, som gav eit brev der han lovde å følgje vilkåra og trekkje seg attende til Sachsen i november.[1]

Sjølv om han opphavleg hadde planlagt å avstå Altranstädt-traktaten, gjekk August med på vilkåra. Til slutt vart 1800 svenske fangar sleppte fri.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Kalisz» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Jan Wimmer: The Battle of Kalisz
    • Robert K. Massie: Peter the Great
    • "Der Ausführlichen Lebens-Beschreibung. Carls des XII. Königs in Schweden", Sechter Theil, Frankfurt unt Leipzig 1707 s. 186-188

https://web.archive.org/web/20070226070743/http://www.northernwars.com/Kalisz.pdf

  1. 1,0 1,1 Frost (2000), s.230