Trefninga i Bender

Trefninga i Bender eller kalabaliken i Bender kom til då Det osmanske riket ønskte å fjerne Karl XII av Sverige frå området sitt etter det militære nederlaget hans i Russland. Trefninga fann stad den 1. februar 1713 på osmansk territorium, i det som i dag er byen Bender i Moldova.

Trefninga i Bender
Del av den store nordiske krigen

Trefninga målt i 1894
Dato 1. februar 1713
Stad Bender i Det osmanske riket (dagens Moldova)
Resultat Osmansk siger
Partar
 Sverige  Det osmanske riket
Kommandantar
Karl XII av Sverige  #
Styrkar
1 000 mann, der 45 deltok 10 000[1]
Tap
Over 500 fanga, inkludert Karl XII[1] 50-100 døde, ukjende skadde
Den store nordiske krigen

Historie

endre

Etter det svenske nederlaget i slaget ved Poltava den 27. juni 1709 og overgjevinga av det meste av den svenske armeen i Perevolotsjna tre dagar seinare, flykta Karl XII av Sverige i lag med fleire hundre svenske soldatar og fleire kosakkar til Det osmanske riket, der dei oppheldt seg totalt i fem år.

Trefninga i Bender starta offisielt den 31. januar 1713 då tyrkisk artilleri byrja å fyre mot den svenske leiren. Den 1. februar gjekk dei osmanske styrkane til åtak på leiren.

I lag med 40 soldatar klarte Karl XII å halde stand mot fleire hundre tyrkarar. Livvakten Axel Erik Roos utmerkte seg særleg under trefninga og i følgje soga redda han livet til kongen tre gonger i løpet av dagen. Kongen sjølv dra minst ein osmansk soldat med sverd i nærkamp då han og Roos vart angripe og tre osmanarar. Under delar av kampen nytta òg Karl ein karabin frå for å skyte mot fienden frå vindauge i rommet han sov i. Kampen varte i over sju timar og osmanarane nytta etter kvart både artilleri og eldpiler då det første åtaket vart slått tilbake og den siste metoden viste seg å vere meir effektiv. Brannpilene sette taka på bygningane i brann og tvinga svenskane ut. Kampen enda då kongen snubla i sin eigen spore då han sprang ut av eit brennande hus. Han vart angripen av mange osmanske soldatar som klarte å fange han og dei gjenverande soldatane.[2]

Etter ei tid som fange, vart Karl XII og soldatane hans sleppte fri då nyhenda om den svenske sigeren i slaget ved Gadebusch nådde osmanarane. Karl starta då å planlegge reisa attende til Sverige.

Etymologi

endre

Det tyrkiske ordet for «gjeng» eller «tumult» er kalabalık, som etter hendinga har vorte eit svensk lånord, kalabalik, som tyder «forvirring» eller «stor uorden».

I populær kultur

endre

Trefninga i Bender var inspirasjonen til Mats Ahren-komedien Kalabaliken i Bender frå 1983. Sjølv tidleg i 1920-åra vart det laga filmar med scenar frå trefninga.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Liljegren, B., 2000. Karl XII: En biografi. s 213.
  2. http://www.kungkarl.se/turkiet.htm