Slaget ved Ledsund

Slaget ved Grengam
Del av den store nordiske krigen

Slaget ved Grengam, 27. juli 1720. Ei etsing frå 1721 av Aleksej Zubov.
Dato 7. august 1720
Stad Nær Granhamn i Ledsund i Åland i Sverige (i dag Finland)
Resultat Omstridd, begge sidene hevda dei sigra[1][2]
Partar
 Sverige Russland
Kommandantar
viseadmiral Carl Georg Siöblad general Mikhail Golitsyn
Styrkar
1 linjeskip
4 fregattar
3 galleiar
6 mindre fartøy[3]
over 1 000 sjømenn
61 galleiar
29 båtar
11 000 sjømenn og soldatar[4]
Tap
103 drepne
407 tekne til fange
I følgje russarane:
82 drepne og 203-236 skadde[4][5]

I følgje svenskane:
1100 drepne[6]

Den store nordiske krigen

Slaget ved Ledsund (russisk Гренгамское морское сражение, slaget ved Grengam) i 1720 var det siste store sjøslaget i den store nordiske krigen og fann stad i Åland i Ledsund, mellom øyane Föglö og Lemland. Slaget markerte slutten på den russiske og svenske kampen om sjømakta i Austersjøen. Den russiske flåten gjorde eit siste raid langs svenske kysten våren 1721, før freden i Nystad vart signert og slutta krigen.[7]

Plasseringa til slaget endre

Hovudskipsfartsåra mellom hamnene i Stockholm i Sverige og Åbo i Finland passerer gjennom Åland. Han går inn Ledsund frå sørvest med Föglö på søraustsida og Lemland i nordvest.[8] Ein ankerplass på kysten av Flisö i Föglö er verna frå dei sørvestlege vindane av to mindre øyar. Denne ankerstaden vart tidlegare kalla Granhamn, svensk for Gran eller hamn. På moderne kart er han markert som Rödskärs flädan etter den større av dei to øyane.[9] Den mindre øya vert i dag kalla Granhamns holmen. Ho må ikkje forvekslast med øya Granhamn i Stockholmsøyane.

Namn endre

Det russiske namnet Grengam er det tradisjonelle russiske kyrilliseringa av Gränhamn, ei eldre staving av Granhamn. I Sverige kallar ein slaget opp etter Ledsund, og i Finland slaget ved Flisö[3]

Slaget endre

Dei svenske og russiske attforteljingane av slaget er ganske forskjellige. Begge sider er samde om at den 7. august 1720 så gjekk ei gruppe svenske skip under viseadmiral Carl Georg Siöblad til åtak på den russiske flåten, og i eit regulært slag fekk dei fire fregattane sine kapra av russiske sjømenn.

 
Nyare svensk teikning av slaget, som syner det svenske linjeskipet og fregattane som nærmar seg den russiske galeiane.

Svensk forteljing endre

Ein mindre svensk eining segla rett inn i den mektige russiske flåten som låg ankra opp ved Granhamn. Ein hard kamp tok til og svenskane mista dei fire fregattane sine etter at dei hadde gått på land[10], men dei russiske tapa var så store at heile flåten raskt måtte trekkje seg bort frå Åland. Dei etter let 43 forliste skip og 1000 døde russarar.[11] Dei russiske tapa hindra marinen frå å gå til nye store åtak før krigen enda med freden i Nystad året etter.

Russisk forteljing endre

Den svenske skvadronen bestod av eit 52-kanonars linjeskip, fire fregattar og ni mindre fartøy, med totalt 156 kanonar og over 1000 sjømenn. Dei gjorde eit forsøk på å angripe den russiske flåten. General Mikhail Golitsyn klarte å finne ei fordelaktig stilling i det smale Flisesund og gav ordre om å plassere skipa sine i ein halvsirkel. Det svenske linjeskipet og dei fire fregattane gjekk inn i sundet på jakt etter dei russiske skipa. To fregattar gjekk på grunn, slik at det vart vanskeleg for resten av skvadronen å manøvrere.

I den harde kampen som følgde vart alle dei fire svenske fregattane borda. Det einaste skipet som kom seg unna var flaggskipet il Siöblad.[5]

Etterverknad endre

 
Den seremonielle inntreden til dei fire kapra svenske fregattane i St. Petersburg. Etsing av Aleksej Zubov.

Begge sidene hevda at dei vann slaget. Dei var berre samde om at dei fire svenske fregattane vart kapra av russarane. Det vart ikkje fleire viktige sjøslag mellom den russiske og svenske marinen etter dette før Sverige tapte krigen med freden i Nystad.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Grengam» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Wilson, Alastair, Callo, Joseph F., Who's who in Naval History: From 1550 to the Present, Routledge, 2004 ISBN 0415308283
    • Morfill, William Richard, A History of Russland: From the Birth of Peter the Great to Nicholas II, James Pott Publisher, London, 1902
    • George Bruce. Harbottle's Dictionary of Battles. (Van Nostrand Reinhold, 1981) (ISBN 0-442-22336-6).
    • Gunnar Unger (1923). Illustrerad svensk sjökrigshistoria, omfattande tiden 1680-1814. Stockholm: Albert Bonniers Förlag.
    • Magnus Ullman, Rysshärjningarna på Ostkusten sommaren 1719
  1. s.71, Morfill, "...almost under the eyes of the English."
  2. Sjöhistoriska Samfundet
  3. 3,0 3,1 Flisön hylky II
  4. 4,0 4,1 Store Sovjetiske Leiskon, 3. utg. engelsk omsetjing, bind 7 (1975), s. 339, Granhamn. On-line: Гренгам)
  5. 5,0 5,1 Victory of the Russian galley fleet under command of M.M. Golitsyn over the Swedish squadron at the isle of Grengam, August 9(July 27), 1720
  6. Tegengren, Helmer (1942). Stora nordiska krigets sista sjöstrid (på svensk). Åbo: Åbo Akademi. s. 30. 
  7. s.244, Wilson, Callo
  8. Välkommen till Föglö (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. september 2007, henta 29. september 2007 
  9. Inventering av fornlämningar och kulturmiljöer på Granhamnsholmen och Rödskär i Bråttö, Ålands landskapsregering, 2006[daud lenkje]
  10. Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, p.257. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  11. Matts Dreijer: "The History of the Åland islands"