Slaget ved Stäket

Slaget ved Stäket var eit mindre slag under den store nordiske krigen. Ein russisk styrke, som var på veg om Vaxholm slott, prøvde å passere gjennom Baggensstäket, ein smal passasje i Stockholmsskjergarden. Etter eit desperat motåtak frå Södermanlands regemente vart den russiske styrken driven bort.

Slaget ved Stäket
Del av den store nordiske krigen

Russisk galei
Dato 13. august 1719
Stad Baggensstäket, søraust for Stockholm
Resultat Svensk siger
Partar
 Sverige Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
Fredrik av Hessen-Kassel
Carl Gustaf Dücker
Rutger Fuchs
Grev Fjodor Matvejevitsj Apraksin
Styrkar
Om lag 1200[1] Om lag 3 000[1]
Tap
100 drepne eller skadde[1] Om lag 500 drepne eller skadde[1]
Den store nordiske krigen

Opptakt endre

Etter at Karl XII av Sverige døydde på Fredriksten i 1718, hadde svenskane trekt tilbake styrkane sine frå alle frontar. Dei var omringa av fiendar, og det var klart at ein fredsavtale ikkje ville kome i stand utan at dei tapte store landområde. Det vart gjort eit forsøk på å spele motstandarane mot kvarandre, men Russland forserte temaet ved å byggje ein stor flåte i Austersjøen som fekk i ordre om å plyndre og angripe austkysten av Sverige. Den 11. juli 1719 vart flåten oppdaga utanfor svenskekysten. Den svenske marinen var utkøyrt etter den langvarige krigen, men klarte å gje dei noko motstand. Den russiske flåten gjekk ikkje ut i kamp, men heldt fram å sette byar (som Norrköping) og grender i brann.

Admiral Fjodor Matvejevitsj Apraksin hadde alt undersøkt Baggensstäket, «bakdøra til Stockholm» som ein måte å nå hovudstaden på utan å passere festninga på Vaxholm. Ein hadde merka seg den russiske interessa. Under oppsyn av obersten for festningane, Baltzar von Dahlheim, vart det taua inn båtar fylte med steinar inn i det særs smale sunder, der dei vart søkkte på dei grunnaste og smalaste områda, slik at det ikkje var mogeleg å passere. Ein liten redutt med tre kanonar og 400 mann vakta kanalen, medan fire galeiar ankra opp i Lännerstasundet innanfor.

Truleg får å legge meir press på Sverige i fredsforhandlingane, valde Apraxin å gå til åtak på Stockholm. Den 10. august vart dei russiske skipa oppdaga kring Gålö, Muskö og Ornö, om lag 20 km frå Baggenstäket. Om dei klarte å kome seg forbi Baggenstäket ville dei kunne klare å nå hovudstaden utan at kanonane på Vaxholm kunne nå dei.

Slaget endre

Morgonen den 13. august, kom generaladjutant Filip von Tessin attende frå eit rekognoseringsoppdrag til Baggenstäket og rapporterte om at den russiske galeiane var sett ved inngangen til passasjen. Den næraste store svenske armeen, det 800 mann store Södermanlands regemente, vart sett i beredskap og kommandert av Rutger Fuchs marsjerte dei 19 km for å møte fienden. Oberstløytnant Johan von Essen vart send ut med ein styrke for å verne ankomsten til resten av regimentet. Etter ein rask marsj gjennom steinlendt og tett skogterreng under den varme sommarsola, nådde von Essen Baggenstäket før kl. 1900 utan å møte fiendtleg eld. Russarane hadde derimot alt sett styrkane sine i land, på begge sider av den austlege inngangen til sundet. Von Essen heldt fram den raske marsjen og kom brått under eld frå jordene rundt Skogsö gård. Stillinga var særs eksponert og styrken tok store tap. Von Essen sjølv vart skadd.

Kl 2000 hadde bataljonen til Fuchs kome fram og fått melding om situasjonen til von Essen. Til høgre for seg hadde von Essen ei myr, som gjorde at Fuchs måtte passere von Essen til venstre for seg, ei vanskeleg rørsle gjennom vanskeleg og åslendt terreng no når mørket var i ferd med å senke seg. Russarane høyrde at Fuchs var på veg og opna eld. Bataljonen til Fuchs svarte og påførte dei tett grupperte russarane store tap, men var raskt sjølv i fare for å omgått i flanken til venstre for seg. Fuchs starta å trekke seg attende til skogane og russarane følgde ikkje etter. Etter to timar med forvirra kamphandling var slaget over og dei russiske soldatane trekte seg attende til landgangsfartøya sine.

Etterverknad endre

Styrken til Apraksin vart slått attende og den umiddelbare trugselen mot Stockholm var avverja for no. På grunn av ufordelaktige vindforhold, vart flåten til Apraksin tvungen til å bli verande i Baggensfjärden til dagen etter, men forlet etter kvart området før den engelske flåten kommandert av admiral John Norris og Karlskrona-skvadronen nådde fram.

Rutger Fuchs vart hylla som ein helt og «Stockholms redningsmann», og vart forfremma til generalmajor og gjort til friherre. Den russiske flåten var derimot uskadd og heldt fram å plage austkysten av Sverige det neste året òg.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ericson, Lars (ed) (2003). Svenska slagfält (på svensk). Wahlström & Widstrand. s. 352. ISBN 91-46-21087-3.