Slaget ved Pälkäne

Slaget ved Pälkäne, stundom kalla slaget ved Kostianvirta vart utkjempa mellom den russiske armeen under admiral Fjodor Apraksin og den forsvarande finske armeen til Sverige under general Carl Gustaf Armfeldt den 17. oktober 1713, som ein del av den store nordiske krigen. Slaget enda med ein russisk taktisk siger, sjølv om general Armfeldt klarte å trekkje seg attende i god orden.

Slaget ved Pälkäne
Del av den store nordiske krigen

Dato 17. oktober 1713
Stad Pälkäne i Finland
Resultat Russisk taktisk siger
Partar
 Sverige Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
Carl Gustaf Armfeldt Fjodor Apraksin

Mikhail Galitzine

Styrkar
2 200 (infanteri)

3 700 (kavaleri)
28 feltkanonar

9 000 (infanteri)

5 400 (kavaleri)
22 feltkanonar

Den store nordiske krigen

Bakgrunn endre

Trass i det knusande nederlaget ved Poltava i 1709 nekta Karl XII av Sverige å godta fred. Sverige klarte faktisk å setje i land ein arme i Tyskland i 1712 og vann ein siger i Gadebusch.

Det meste av kampane i krigen hadde fram til då funne stad utanfor dei svenske kjerneområda. Den antisvenske koalisjonen valde å tvinge Sverige til fred ved å invadere Sverige frå to kantar, Danmark frå sør og Russland frå aust via Finland. Den danske armeen vart derimot slått i slaget ved Helsingborg så den opphavlege planen måtte skrinleggast.

Den svenske armeen i Finland bestod neste berre av finske soldatar, og vart leia av general Georg Henrik Lybecker. Han var verken populær eller ein særleg dyktig kommandant. Dei tidlegare avleiande felttoga mot St. Petersburg i 1708 hadde ført til at den finske armeen hadde vorte alvorleg maltraktert. Dei måtte mellom anna forlate kavaleriet då dei trekte seg attende, noko som skulle få store følgjer i nær framtid.

Mot april 1713 sette dei russiske soldatane med general Apraksin i føringa ot tsar Peter I i fortroppen, på veg mot Finland. Apraksin nytta eit amfibiestrategi til å binde den forsvarande finske armeen med delar av styrken sin, medan den andre delen skulle utføre ein flankemanøver ved å gå i land på kysten bak finnane.

Helsingfors og Borgå fall tidleg i mai og i august hadde russarane rykt fram til Åbo, medan general Lybecker heile tida trekte seg attende. Då han ikkje klarte å forsvare Finland vart han i september erstatta av general Armfeldt.

Armfeldt hadde ei sterk stilling på eit eid mellom innsjøane Pälkänevesi og Mallasvesi i soknet Pälkäne for å forsvare den viktige byen Tammerfors. Han sette opp infanteriet sitt på andre sida av elva Kostianvirta som knytte dei to innsjøane på tvers av eidet.

Apraksin og den russiske armeen sette leir i Kantokylä i nærleiken. Den sterke finske stillinga ville gjere det vanskeleg å tvinge fram eit frontalåtak, så Apraksin nytta same metoden han hadde nytta tidlegare i det finske felttoget.

Slaget endre

Apraksin planla å avleie finnane med eit frontalåtal, medan Mikhail Galitzine kryssa innsjøen Mallasvesi og gjekk i land bak den svenske stillinga tidleg på morgonen den 6. oktober. Då daggry kom, vart russarane oppdaga av finnane, som gjorde seg klare til kamp.

Den første bølgja av soldatane til Galitzine gjekk i land vest for hovudfronten til Apraksin. Det finske kavaleriet låg stille i kvartera rundt landsbyen Mälkilä, men Armfeldt klarte å få kavaleriet i rørsle. Planen hans var å presse russarane i uorden med med kavaleristar utan hestar, og så slå dei på flanken med kavaleristar til hest. På grunn av forseinkinga klarte russarane å organisere seg sjølv på bruhovudet og det svake finske kavaleriet klarte ikkje å utføre oppdraget.

I aust prøvde Apraksin å krysse kanalen ved hjelp av improviserte flåtar i tre grupper, med artilleristøtte. Det forsvarande finske infanteriet klarte å avverje åtaka. Apraksin pressa på og sette av stad fleire åtak, mellom anna eitt der det russiske kavaleriet prøvde å vasse gjennom innsjøen for å ta det finske infanteriet på flanken, men forsøket vart mislukka.

Med denne stillstanden i aust, vart det russiske vestre bruhovudet forsterka med fleire infanteristar. Armfeldt sendte av stad eit motåtak med infanterireservane sine, og hadde først hellet med seg, men med det svake finske kavaleriet, og dei stadige fleire russiske styrkane til Armfeldt, vart åtaket slått attende, og kavaleriet vart utsletta.

Då den vestlege delen av den finske armeen hamna i uorden, vart den austlege stillinga sårbar for dei sigrande soldatane til Galitzine. Det finske infanteriet i aust var motvillige til å forlate stillinga som dei hadde kjempa frå med stor suksess heile dagen, men Armfeldt skjønte at stillinga hans var uhaldbar og starta tilbaketrekkinga. Plaga av det russiske kavaleriet, forlet den finske armeen stillinga si og det meste av artilleriet sitt.

Etterverknad endre

Den finske armeen hadde lidd nederlag, og prestasjonane til kavaleriet hadde vore særleg skuffande. Armeen klarte likevel å trekkje seg attende å omorganisere seg. Armfeldt og Galitzine møtte kvarandre i kamp igjen i Isokyrö i februar året etter.

Kjelder endre