Slaget ved Dynekilen

Sjøslaget ved Dynekilen fann stad den 8. juli 1716 under den store nordiske krigen då ein lett dansk-norsk styrke under Peter Tordenskjold fanga og slo ein mindre svensk styrke i Dynekilen, like nord for Strömstad, på vestkysten av Sverige. 80 % av sjømennene og 90 % av soldatane i styrken til Tordenskjold var nordmenn. Svenskane hadde transportert soldatar frå Göteborg til Fredrikstad.

Slaget ved Dynekilen
Del av den store nordiske krigen

Tordenskjold i Dynekile
Dato 8. juli 1716
Stad Dynekilen nord for Strömstad
Resultat Dansk-norsk siger
Partar
Flagget til Noreg Danmark-Noreg  Sverige
Kommandantar
Peter Tordenskjold Olof Strömstierna
Styrkar
6 skip 15+ skip
Tap
76 ?
Den store nordiske krigen

Den dansk-norske flotiljen slo svenskane, som hadde sett opp skipa og båtane sine for forsvar, og øydelagde eit lite øyfort utstyrt med seks 12-punds kanonar. Det største svenske skipet, «Stenbock» overgav seg, etter at dei mindre fartøya rundt gjekk på land og vart forlatne. Ein svensk landstyrke kom så til, og tvinga Tordenskjold bort. Han tok med seg nokre av dei svenske kapra skipa. Resten vart øydelagde. Den dansk-norske styrken tapte 76 mann.

Involvert skip endre

Danmark-Noreg (Tordenskjold) endre

Hjælper 47 (pram)
Hvide Ørn 30 (fregatt)
Vindhund 16 (fregatt)
Charlotte Amalia 7 (galei)
Louisa 7 (galei)
Prinds Christian 7 (galei)

Sverige endre

Stenbock 24 (pram) - Overgav seg
Proserpina 14 (galei) - Kapra
Ulysses 6 (galei) - Kapra
Lucretia 13 (galei) - Kapra
Hecla 13 (galei) - Kapra og øydelagd
Achilles 5 (halvgalei) - Kapra
Pollux 5 (halvgalei) - Kapra
Hector 5 (halvgalei) - Kapra, øydelagd soon after
Castor 5 (halvgalei) - Kapra
? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? ("dobbelkorvett") - Kapra
? ("dobbelkorvett") - Kapra
? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
transportskip - 19 kapra, 10 øydelagd (talet er usikkert)
eit par væpna båtar - 54 kapra

Kjelder endre