Slaget ved Dorpat

Slaget ved Dorpat eller omleiringa av Dorpat vart gjennomført av russiske styrkar under Boris Sjeremetev (23 000 mann) i juni-juli 1704. Byen vart forsvart ein 5 000 mann sterk svensk garnison under Carl Gustaf Skytte.

Slaget ved Dorpat
Del av den store nordiske krigen

Dorpat festning (1553)
Dato 4. juni-13. juli 1704
Stad Dorpat (Tartu i noverande Estland)
Resultat Russisk siger
Partar
 Sverige  Russland
Kommandantar
Carl Gustaf Skytte Boris Sjeremetev
Peter den store
Styrkar
over 5 000 mann 23 000 mann
Tap
cirka 2 000 døde 700 døde
Den store nordiske krigen

Omleiringa endre

Kvelden den 4. juni 1704 dukka fortroppen til feltmarskalk Sjeremetev opp føre Dorpat, som var svakt befesta. Jordvollane kring byen var enno ikkje ferdig. Festninga hadde 84 kanonar, 18 förtrupper upp framför Dorpat, som var svagt befäst. Uppförandet av jordvallarna hade ännu inte slutförts. Fästningens beväpning bestod av 84 kanoner, 18 bombekastarar, 6 haubitsar samt 16 mindre kanoner. Garnisonen bestod av 5 000 soldatar under Skytte.

8. juni nådde den russiske hovudstyrken staden. Omleiringa vart gjennomført av fem dragonregiment med ein total styrke på 4 975 mann, samt seks infanteriregiment med i alt 5 702 mann. Dei førte med seg 55 kanonar og 159 artillerisoldatar. Totalt hadde den russiske styrken over 21 000 mann.

Russarane starta å bombardere festninga den 10. juni. Dei russiske batteria vart sett ut på begge side av elva Emajõgis (russisk Amovzji). 3. juli kom brått Peter den store til den russiske armeen og overtok i praksis kommandoen. 6. og 7. juli skaut russarane mot den «Russiske porten» frå 24 kanonar og 11 bombekastarar, og øydela tårnet over den.

Storminga endre

Storminga av festninga starta natta mellom 12. og 13. juli etter eit massivt artilleriåtak, eller «eldfesten» som Peter den store kalla det. Gjennom holet som hadde oppstått i muren strøymde det russiske infanteriet inn og tok dei viktigaste festningsverka. Trass i den håplause situasjonen, kjempa dei svenske styrkane desperat, og dei la først ned våpna sine etter ti timars kamp.

Som eit heidersteikn for motet garnisonen hadde vist, let Peter den store dei svenske soldatane få gå fri frå festninga. Dei fekk med seg ein månads forsyningar, samt vogner til å transportere ut eigedelane sine. Offiserane fekk kårdane sine attende. Delar av kapitulasjonsvilkåra vart derimot brotne av russarane. Tryggleiksvatene for delar av dei svenske troppane plyndra svenskane for alt dei eigde, sil at «dei til slutt berre stod att i skjorta».[1]

Etterverknad endre

Under storminga tapte russarane 700 mann, medan svenskane tapte kring 2000 soldatar. Dette var ganske dyrekjøpt for svenskane som under ein lang krig hadde vunne store sigrar mot ein langt større russisk arme enn dette. Tsaren forlet Dorpat og heldt fram vidare til omleiringa av Narva.

Litteratur endre

  • Nikolaj A. Sjefov, "Samyje znamenityje vojny Rossii", Moskva, förlaget Vetje, 1999. ISBN 5-7838-0539-4
  • Nikolaj A. Sjefov, "Bitvy Rossii", Moskva, förlaget AST, 2002, ISBN 5-17-010649-1
  • E.V. Tarle, "Severnaja vojna i sjvedskoje nasjestvije na Rossiju", Moskva, förlaget AST, 2002, ISBN 5-17-014249-8

Kjelder endre

  • Svenska folkets underbara öden, Carl Grimberg, 1920