Slaget ved Lesnaja

Slaget ved Lesnaja var eit av dei store slaga i den store nordiske krigen. Det fann stad den 9. oktober 1708 mellom ein russisk arme på 18 000 mann kommandert av prinsane Repnin og Mensjikov, og ein svensk styrke på om lag 13 000 mann,[1] kommandert av general Adam Ludwig Lewenhaupt, ved landsbyen Lesnaja, nær grensa mellom Det polsk-litauiske samveldet og Russland (i dag landsbyen Ljasnaja søraust for Mogilev i Kviterussland).

Slaget ved Lesnaja
Del av den store nordiske krigen

Slaget ved Lesnaja av Jean-Marc Nattier, målt 1717
Dato 9. oktober 1708
Stad Lesnaja / Lesna i Det polsk-litauiske samveldet
(dagens Ljasnaja i Kviterussland)
Resultat Russisk siger
Partar
Det svenske imperiet Det russiske tsardømet
Kommandantar
General Adam Ludwig Lewenhaupt Tsar Peter den store
Styrkar
Kring 13 000 infanteristar og kavaleristar (om lag 6 000 i kamp), 16 kanonar

Totalt brikt: Kring 6 000[1]

Kring 5 200 infanteristar, om lag 8 000 dragonar (alle brukt) 30 kanonar. Om lag 5 000 dragonar nytta i slutten av slaget. Totalt brukt: Om lag 18 200[1]

(Kosakkiske og kalmykiske kavaleristar vart òg nytta, men ein kjenner ikkje talet på desse)

Tap
Om lag 2 500 drepne og skadde. Kring 1 000 fanga og om lag 3 000 sakna (om lag 1500 av desse kom seg attende til Kurland). I tillegg vart alle forsyningsvognene øydelagde.[1] Minst 1192 drepne og 2924 skadde

Totalt: Om lag 4116 drepne og skadde (kosakkar og kalmykar ikkje inkludert)[1]

Den store nordiske krigen

Bakgrunn endre

Dei tidlege svenske sigrane i København og slaget ved Narva i 1700 sette mellombels både Danmark og Russland ut av krigen. Kong Karl XII av Sverige klarte derimot ikkje å avgjere krigen raskt nok, og det tok åtte år der han strevde med Karl August av Sachsen-Polen. Samstundes bygde Peter den store opp ein moderne hær, der han konsentrerte seg om å få infanteriet godt trent med lineære taktikkar og moderne våpen. Han vann så ein overbevisande siger i Livland, der han grunnla byen St. Petersburg. Som ein reaksjon gav Karl ordre om eit åtak på dei sentrale områda av Russland og Moskva frå basen sin i Polen.

Lewenhaupt, ein av dei fremste generalane i Sverige, var kommandant over ein dei beste armane til Sverige og hadde base i Riga. Sommaren 1708 gav kong Karl han ordre om å marsjere sørover med det meste av styrken sin for å slå seg saman med hovudarmeen på 25 000 mann, basert i Polen. Lewenhaupt skulle bringe nye forsyningar med ammunisjon og mat for å støtte den svenske armeen før marsjen til den russiske hovudstaden Moskva.

Lewenhaupt fann derimot ut at det tok langt lengre tid enn venta å skadde dei naudsynte forsyningane og gjere mennene klare for marsjen. Den 26. september, etter å ha venta fleire veker på Lewenhaupt, forlet Karl XII leiren sin og valde å invadere Ukraina, i håp om å nå dei rike kornområda før vinteren. På denne tida var Lewenhaupt berre om lag 130 km frå stillinga til Karl.

Peter hadde observert rørslene deira og valde å angripe den mindre styrken til Lewenhaupt før dei nådde fram til Karl. Mensjikov flytta seg raskt for å avskjere styrken til Lewenhaupt og hindre dei å krysse elva Sozj. Sidan ingen svensk arme hadde vorte slått av russarane så langt i den åtte år lange krigen, var ikkje Lewenhaupt nervøs og gjorde seg klar til kamp.

Slaget endre

Sjølve slaget vart ein tett strid og begge styrkane leid store tap. Seint på dagen starta eit snøvêr, noko som er sjeldan å sjå i Russland i september. Dette desorganiserte dei svenske soldatane og Lewenhaupt gav ordre om ei taktisk tilbaketrekking for å følgje hovudordren om å ikkje risikere å tape forsyningane. Han vart tvungen til å forlate mange naudsynte forsyningvogner på grunn av det gjørmete terrenget. Svenskane nytta dei forlatne forsyningsvognene til å lage eit fort medan dei trekte seg attende over brua over Lesnjanka.

Dei svenske styrkane stod imot dei kraftige russiske åtaka mot vognfortet og angriparane leid store tap før dei trekte seg attende for dagen.[2]

Resten av dagen vart dei gjenverande svenske forsyningsvognene flytta over brua og dei fleste av dei var over til kvelden i lag med det meste av armeen.

Fleire tusen svenske soldatar hadde vorte spreidd under slaget og tilbaketrekkinga og mange av dei vart anten drepne eller fanga av det russiske kosakkavaleriet.

Resultat endre

1000 svenskar mista livet eller vart skadde og 4 000 var sakna etter slaget. Russarane fekk 1111 drepne og 2856 skadde, om lag ein tredjedel av dei som deltok.

I hastverket etter å nå hovudarmeen til Karl, valde Lewenhaupt å forlate kanonane, kveget og det meste av maten, og dreiv delar av soldatane sine til mytteri. Etter å ha stole alkoholen, vart somme av dei svenske soldatane fulle og Lewenhaupt vart tvungen til å forlate kring 1 000 av dei skogane. Då han omsider nådde fram til Karl og hovudstyrken den 19. oktober, hadde han så godt som ingen forsyningar med seg og berre 6000 mann, noko som auka proviantproblemet til Karl.

Dette er rekna som det viktigaste utfallet av slaget.

Ei anna side ved slaget ved Lesnaja var at det overbeviste den russiske armeen om at dei kunne slå dei svenske soldatane. Denne nye sjølvtilliten gav dei god moral i felttoget i 1709 då dei øydela hovudarmeen til Karl. Peter kalla Lesnaja «mora til slaget ved Poltava

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Konovaltjuk & Lyth, Pavel & Einar (2009). Vägen till Poltava. Slaget vid Lesnaja 1708. (på svensk). Svenskt Militärhistorisk Biblioteks Förlag. s. 229–235. ISBN 978-91-85789-14-6. 
  2. Svenska slagfält s.290

Bakgrunnsstoff endre