Stempelmotorar med innvendig forbrenning
(Omdirigert frå Stempelmotor med innvendig forbrenning)
Stempelmotorar med innvendig forbrenning er forbrenningsmotorar der forbrenningskammeret har direkte kontakt med eit stempel som overfører energien som vert frigjort under forbrenninga til mekanisk arbeid. I dei fleste forbrenningsmotorar med intern forbrenning har stemplet ei lineær rørsle, men nokre, som wankelmotorar, har roterande stempel. Forbrenninga skjer i diskontinuerlege tidsbolkar, kalla «takter».
Klassifisering etter termodynamisk prinsipp
endreKlassifisering etter talet på takter
endreKlassifisering etter stempelrørsle
endre- Lineær stempelrørsle
- Motorar med roterande stempel|Roterande stempel
- Oscillerande stempel
- Fristempelmotor
Klassifisering etter drivstofftype
endre- Motorar som nyttar drivstoff i fast form
- Motorar som nyttar drivstoff i gassform
- Motorar som nyttar flytande drivstoff
Klassifisering etter drivstofftilførsel
endreKlassifisering etter tenningsmåte
endreSoge
endre- 1206: Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde.
- 1551: Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon).
- 1673: Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmosfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppstod undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen.[1]
- 1600-talet: Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn.
- 1678: Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. Huygens skal ha fått motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680.[1]
- 1780: Alessandro Volta nytta ein elektrisk gneiste til å tenna ei luft-hydrogen-blanding.[2]
- 1794: Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp.
- 1801: Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompresjon).
- 1806; François Isaac de Rivaz konstruerte ein stempelmotor som gjekk på ei blanding av hydrogen og oksygen.
- 1820: W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga.[1]
- 1823: Samuel Brown bygde og fekk patent på ein atmosfæremotor som nytta gass som brennstoff.
- 1823: Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator.[1]
- 1826: Samuel Morey fekk patent på og bygde ein motor som nytta terpentin son drivstoff.
- 1838: William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen som strøyma inn i sylinderen hadde overtrykktrykk.[1]
- 1843: Drake bygde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekten på rundt 20 hk.[1]
- 1856: Eugenio Barsanti og Felice Matteucci bygde ein gassmotor som vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze.
- 1860: Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totakts gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil.[3] Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkingsgrad.
- 1860: Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren.
- 1862: Alphonse Beau de Rochas fekk patent på ein firetaktsmotor med sjølvtenning.
- 1863: Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff [3].
- 1870: Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn.
- 1877: Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet vart seinare oppheva, etter ei rettssak).
- 1882: George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkingsgrad.
- 1885: Herbert Akroyd Stuart tok patent på glødehovudmotoren.[4]
- 1892: Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren.
- 1929: Felix Wankel tok patent på wankelmotoren.
- 1970-talet: Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar.
- 1980-talet: Det elektroniske tenningssystemet vart forbetra for å minske forureining.
- 1980-talet: Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil.
- 1990-talet: Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 The Early History of Combustion Engines', University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19. april 2008)
- ↑ Electric pistol, Volta's instruments. (vitja 19. april 2008)
- ↑ 3,0 3,1 Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
- ↑ Hooley, R., The Akroyd Oil Engine Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages. (Ref. dato: 22. september 2007)