Sumapaz páramo (spansk Páramo de Sumapaz, som tyder 'Heilt fredeleg myr') er eit landskap og våtmarksområde med páramo-økosystem sør for Bogotá i Colombia.

Våtmark i Páramo de Sumapaz, Colombia
Foto: Luis Alejandro Bernal Romero
Landskap i Páramo de Sumapaz
Foto: Wikimedia-brukar Yrp
Andesrikse i Páramo de Sumapaz
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Chisaca-sjøen er skapt av sirkelforma moreneavsettingar frå isbrear som trakk seg attende etter ei istid
Foto: Philipp Weigell
Miconia salicifolia
Foto: Philipp Weigell
Monnina salicifolia
Foto: Philipp Weigell
Hypericum myricariifolium
Foto: Philipp Weigell
Tuve med torvmosar
Foto: Bernd Haynold
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sumapaz (fleirtyding).

Alexander von Humboldt forskingsinstitutt for biolog i Bogotá skildrar landskapet som Complejo Cruz Verde - Sumapaz i publikasjonen Atlas de páraemos de Colombia. Der er landskapet gjeve eit totalt areal på 2667,5 km2, spreitt over fire departement: Bogotá medrekna delar av bydelen Sumapaz, 32 %, Cundinamarca på 25 %, Huila 4,5 % og Meta på 38,5 %.[1]

Parque nacional natural Sumapaz, på 1540 km2, vart oppretta i 1977 på grunn av tydinga si som eit senter for biologisk mangfald og viktigaste vasskjelda for den tettaste folkesette delen av landet, Bogotá-sletta. Naturparken ligg dels inne i Complejo Cruz Verde - Sumapaz, men har òg areal aust for landskapet, inne i Meta-departementet.[2]

Historie endre

Sumapaz páramo vart sett på som ein heilag stad for muisca urfolk. Det var forbunde med guddomlege krefter til skaping og til opphavet til menneskja, eit område der menneske ikkje skulle gå inn.

I løpet av 1500-talet gjennomførte den tyske eventyraren og conquistador Nikolaus Federmann ein ekspedisjon tvers over Sumapaz, på søk etter El Dorado, den mytiske skatten, men med store tap. Spanjolane kalla området País de la Niebla, «skoddelandet», på grunn skydekket ned mot på bakkenivå, som sette sikta ned.[treng kjelde]

I 1783, leidde José Celestino Mutis Botanic Expedition, med det føremålet å studere flora og fauna i regionen. Men området med páramo vart ikkje vitja på grunn av dei tøffe klimatiske tilhøva. Den tyske naturforskaren Alexander von Humboldt gjorde dei første skildringa av páramo og lokale plantar i 1799.[3] Han skildra òg nærværet av bredalar og dei geologiske trekka i regionen, og samanlikna med kjent geologi av Alpane.

Klima og geografi endre

Sumapaz páramo har eit ugjestmildt, kaldt klima med temperaturar i snitt under 10 °C, frå -10 °C til 17 °C, og med raske endringar frå korte periodar med varmt vêr til iskaldt igjen. Gjennomsnittleg høgd varierer mellom 3500 og 4000 moh. Det høgste punktet er Nevado del Sumapaz peak, 4306 moh. Nedbøren er ca. 700–1000 mm / år. Regntida varer nesten heile året, bortsett frå desember til februar, når sollyset når ein topp med intens ultrafiolett stråling. Tilpassingar som kvit, glasaktig farge hjelper dei lokale plantane til å overleve. Luftfukta er vanlegvis høg, (50-90 %), og bakken er enno gjennomvåt, og dekt av grunne vassmassar og klissa gjørme, ofte dekket med tett, flat vegetasjon vanskeleg å få auge på med uerfarne vitjande, med fare for å falla inn i dei, og fare for drukning eller andre skader. Desse stadane er kalla Chupaderos eller Chucuas, avløp.[treng kjelde]

Sumapaz ligg mellom Orinoco-bassenget og Magdalena-bassenget, dei to viktigaste elvesystema i Colombia, og Sumapaz gjev vassbidrag til begge. Plasseringa i termal ekvator genererer høge førekomstar av nedbør. Saman med den endemiske floraen som regulerer jordfukt fungerer som svampar for regnvatn, bidrar til den høge mengda av overflatevatn og til eit viktig ferskvasssreservoar via mange innsjøar som Totasjøen, Guatavita-sjøen, Chingaza-dammen og mange andre.

Geologi endre

Den austlege delen av Sumapaz består av alpine landskap og av devon metamorfe bergartar, med forkastingar som dannar skrenter i terrenget. Den vestlege delen består av oligocene sedimentære bergartar, med mjukare landskap. Dei ulike stadia av kvartær istid lét att lausmassar og brevatn som Chisaca-sjøen. I løpet av siste istid, rørte breen seg gjennom Tunjuelo-dalen så langt som til Usme, i dag ein del av Bogotá by.[treng kjelde]

Jordsmonn endre

Jordsmonnet i denne regionen er surt, med høge nivå av natrium og kalium. Dette er grovkorna jord, med høg gjennomtrengingsevne som favoriserer danninga av grunnvatn i akviferer. Samansettinga av jord og dei låge temperaturane bidreg til små mengd av humus og dårleg nedbryting av organisk materiale. Dette gjer jordsmonnet i stor grad ueigna til landbruksføremål.[treng kjelde]

Flora endre

Over 200 slekter av karplanter er stadeigne i området[4] med monaleg mengd endemisme. Dei mest representative plantane av området er Espeletia-artar, der den største er Espeletia uribei, som kan nå opp til 12 meters høgd. Torvmosar dekker store deler av Sumapaz, noko som betrar jorda si evne til å halde på vatn og næringsstoff. Den europeiske planten revebjølle er ein introdusert art.[5]

Fauna endre

Den truga brillebjørnen (Tremarctos ornatus) lever i Sumapaz, her er viktigaste matkjelda frukter av Puya boyacana samt stenglar frå Espeletiaplantar. Andre dyr som er skildra er: den litle spydhjortarten Mazama rufina, tigerkatt (Felis tigrina), fjelltapir (Tapirus pinchaque), og artar av søramerikansk nasebjørn (Nasua). Ein introdusert art i vassdraget er regnbogeaure.[treng kjelde]

I området lever to endemiske og truga fugleartar. Dette er andesrikse (Rallus semiplumbeus) og sumpsmett (Cistothorus apolinari). Meir vanlege artar funne i Sumapaz inkluderer høvdingvåk, stivhaleand (Oxyura jamaicensis), gulnebbkrikkand (Anas flavirostris andium), straumand (Merganetta armata), edelbekkasin, nordandesbekkasin (Gallinago stricklandii jamesoni), og okermaurpitta (Grallaria quitensis alticola). Her finst fleire artar av kolibriar, til dømes svartslepkolibri (Lesbia victoriae), bronsenålkolibri (Chalcostigma heteropogon), grønskjegghjelmkolibri (Oxypogon guerinii) og koparbukdunfot (Eriocnemis cupreoventris). Vanlege omnfuglar er kortnebbergkall (Cinclodes fuscus oreobates), stripekorgfugl (Asthenes flammulata multostriata) og andesnålstjert (Leptasthenura andicola exterior). Andre sporvefuglar er paramopiplerke, rimbryntanagar (Dubusia taeniata taeniata) og gråandessporv (Phrygilus unicolor geospizopsis).[1]

Sosio-økonomiske tilhøve endre

Sjølv om jordsmonn og klima er ugunstig for landbruk og anna økonomisk verksemd, finst det menneskelege busetjingar i Sumapaz páramo, medrekna landsbyane San Juan de Sumapaz, Nazareth, Santa Rosa og El Hato, med estimat på 1200 busette familiar, dei fleste av dei under fattigdomsgrensa, utan skolar eller sanitære tilhøve. Nokre gonger nyttar menneske verna området potetdyrking. Den naturlege skoggrensa er sterkt endra av menneskeleg aktivitet som hogst og intensiv beiting, som gjer skilnaden mellom naturleg og kunstig grassletter vanskeleg å stadfeste. Anslagsvis 10 000 individ av storfe lever eller beitar innanfor verneområdet.[treng kjelde]

Illegale væpna grupper som FARC og ELN-geriljaen brukte området dei siste åra som ein korridor for transport av kidnappa offer, våpensmugling og narkotika. Den colombianske regjeringa etablert eit senter for militære operasjonar i 2002 som medførte tilbaketrekking av dei illegale styrkane. Men nærvære av den colombianske hæren har reist strid om miljøpåverknader, med påstått øydelegging av Espeletia-plantar.[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Morales M., Otero J., Van der Hammen T., Torres A., Cadena C., Pedraza C., Rodríguez N., Franco C., Betancourth J.C., Olaya E., Posada E. y Cárdenas L. 2007. Atlas de páramos de Colombia. pdf Sidene 96-99: Complejo Cruz Verde - Sumapaz, Instituto de Investigación de Recursos Biológicos, Alexander von Humboldt. Bogotá, D. C. 208 sider.
  2. Atlas de páramos de Colombia, side 96
  3. Helferich, Gerard (2004). Humboldt's Cosmos: Alexander von Humboldt and the Latin American journey that changed the way we see the world. New York: Gotham Books. ISBN 978-1-59240-052-2
  4. Smithsonian National Museum of Natural History Paramo de Sumapaz Region Henta 9. desember 2015
  5. Luteyn, J. L., 1999. Páramos: A Checklist of Plant Diversity, Geographical Distribution, and Botanical Literature. The New York Botanical Garden Press, New York, 278 pp.