Dverggås

art av andefuglar
Dverggås
Dverggås (Anser erythropus) Foto: BS Thurner Hof
Dverggås (Anser erythropus)
Foto: BS Thurner Hof
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]██ Hekkeområde ██ Overvintring ██ Trekk ██ Usikre streif██ Truleg utdøydd
██ Hekkeområde ██ Overvintring ██ Trekk ██ Usikre streif██ Truleg utdøydd
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Dverggås A. erythropus
Vitskapleg namn
Anser erythropus

Dverggås (Anser erythropus) er ei lita gås i andefamilien som hekkar i det nordlegaste Fennoskandia og Sibir, med ein drastisk fallande populasjon i løpet av siste del av 1900-talet. Eit godt kjenneteikn på dverggåsa er den kvite panneflekken som når heilt opp på framissen, samt den gule augehudringen. Ringen skil ho frå tundragåsa som manglar ringen. Hekkehabitatet åt fuglen er myrer og små fjellsjøar, gjerne der det finst vier og småbjørk.

Globalt er det er i dag tre åtskilde hekkepopulasjonar av dverggås. I Noreg hekkar ho fåtalig i indre Finnmark. Mange av fuglane som hekkar i Noreg rastar ei stund i naturreservatet på Valdakmyra i Porsanger i slutten av mai før dei spreier seg til hekkeområda.[2]

Skildring endre

 
Dveggås i vatnet.

Dverggåsa minner om den nært nærskylde tundragåsa (A. albifrons), men er mindre, mørkare (hovudsakleg hovudet), har kortare hals og nebb og ei bratt panne og ein tydeleg gul ring rundt auga. Det er ei lita gås som måler 53 til 66 centimeter, det vil seia på storleik med ei stokkand. Ho har eit vengespenn på 120–135 cm og ei gjennomsnittsvekt på 1400 til 2200 gram. Det mest openberre trekket er likevel den gule orbitalringen rundt auget, som kan vera vanskeleg å sjå på avstand. Dverggåsa er relativt vanskeleg å artsbestemme, spesielt under trekk, då Anser-gjæser har store individuelle skilnader i storleik. Akkurat som tundragåsa har ho ein kvit flekk, såkalla bles, i panna og kraftige svarte striper over buken.

Det vanlegaste lokkelætet er ein to- eller tretakts, av og til nasal trompetering. Lyden minner om kortnebbgåsa, men er vanlegvis lågare i tonehøgde.[3]

Arten er monotypisk, det finst ikkje underartar av dverggås.

Levevis endre

Dverggåsa har hekkehabitat som strekker seg frå bjørkesona og opp over tregrensa til ei høgde på cirka 700 moh. frå Finnmark i vest, fragmentert austover på tundra til Tsjukotka i aust. Ho hekkar vanlegvis for første gang i ein alder av tre år, nokre gongar to år. Dverggåsa føretrekker område der graset er lågt, i område nær vatn, frå myrer, mindre dammar og bekker til større innsjøsystem. Reiret er ofte plassert i ly av buskvegetasjon med tørt underlag av kvitmose eller liknande og består av ei grop fôra med eit tjukt lag av grå dun. I perioden mai til juni legg dverggåsa eit kull med vanlegvis fire til seks egg, som blir ruga av hoa. Egga blir klekte etter 25 til 28 dagar, og ungane blir deretter tatt vare på av begge foreldra til dei blir flygedyktige etter 35 til 40 dagar. Paret er monogamt og familien held saman til våren etter. Reirplassen blir gjenbrukt etterkommande år. Føda består hovudsakleg av gras og urter.[3]

Utbreiing endre

Tidlegare hekka dverggåsa talrikt i heile området frå nordlege Fennoskandia over Sibir til stillehavskysten, men frå 1940-talet har bestanden gått sterkt attende og ein finn tre hovudgrupper av dverggås. Dei overlevande populasjonane er:

  • Ein fennoskandisk populasjon som hekkar i Finnmark med 35–40 par i 2019,[1] i Finland 0–5 par, på Kolahalvøya med ukjend populasjon, og i Sverige med 20–40 individ i 2020,[4] ein styrka populasjon av utsette avlsfuglar, og frå 2010 med ville fuglar frå Kolahalvøya i Russland,[5][a]
Fennoskandiske hekkefuglar overvintrar ved Kerkini-sjøen i nordlege Hellas og i Évros-deltaet mellom Hellas og Tyrkia. Ein liten overvintringsbestand er no etablert i Nederland, som stammar frå den gjeninnførte hekkebestanden i Sverige[5] som fekk prega trekkrute av kvitkinngjæser som fosterforeldre.[6]
Trekkruta går hovudsakleg gjennom Finland, Estland og Ungarn og moglege andre austeuropeiske land, medan mange ikkje-hekkefuglar trekker gjennom Russland og Kasakhstan.[5]
Fuglar frå denne hovudbestanden overvintrar rundt Svartehavet og Kaspiahavet, hovudsakleg i Aserbajdsjan, Irak, Iran og Usbekistan.
Trekkruta går hovudsakleg gjennom Kasakhstan, men òg gjennom Syria, Turkmenistan, Ukraina og Usbekistan.[5]
  • Ein austasiatisk populasjon med 14 000–19 000 individ som hekkar lengst nordaust i Sibir, frå omtrent aust for Khatangabukta og austover inn i Tsjukotka-distriktet lengst aust i Russland.
Desse fuglane overvintrar i Chang Jiang-elvedalen i Kina, nokre òg på Koreahalvøya og i Japan. Nokre frå denne populasjonen trekker kanskje over Mongolia med stopp der.[5]

Status og vern endre

Bestanden er liten, delvis fragmentert og minkande og er derfor tatt med på IUCN si raudliste over truga artar og er kategorisert som sårbar (VU). Det siste totale bestandsestimatet er 24 000–40 000 individ.[5] Dverggåsa er klassifisert som ein kritisk truga art (CR) på den norske[1] og på den svenske nasjonale raudlista.[4]

Det var rundt 1940- og 50-talet at den vestlege arktiske bestanden av dverggjæser kollapsa, og den fennoskandiske bestanden gjekk ned frå drygt 10 000 individ tidleg på 1900-talet til dagens rundt 30–50 par. Hovudårsaka til den kraftige nedgangen i verdspopulasjonen skylder truleg endringar og nye trugsmål langs trekkvegar og i overvintringsområde.[7] Mellom anna har jakta på dverggåsa spelt ei stor rolle i dette, også etter at arten fekk vernestatus, då eit stort tal blir skotne på grunn av vanskar med å skilja dei frå den meir vanlege tundragåsa.[8] Til dømes vart det på midten av 1960-talet skote i gjennomsnitt 25 trekkande dverggjæser per år i Danmark.

Ein rastande flokk på 13 700 fuglar observerte i Dongtingsjøen i Kina i februar 1997 er den største rapporterte konsentrasjonen av dverggås sidan 1990-talet.

Norsk Ornitologisk Forening (NOF) starta i 1987 eit «prosjekt dverggås» i samarbeid med finske og russiske organisasjonar med formål å finne årsakene for den store tilbakegangen i populasjonen. Prosjektet har gjeve verdfulle data og ny kunne om arten.[9][10] «Prosjekt Fjällgås», leidd av Svenska Jägareförbundet, har arbeidd for å styrke populasjonen i Sverige sidan 1970-talet.[11]

Galleri endre

Merknader endre

  1. BirdLife International nemner ein debatt om og ei uro om den svenske populasjonen på si artsfaktaside, og om i kva grad desse fuglane kan reknast som ein del av den fennoskandiske populasjonen. Bakgrunnen er ein rapport frå Norsk Ornitologisk Forening/Birdlife Norge i 2016, som er kritisk til dei svenske dverggåsprosjekta. Synet er at prosjekta spreier hybride individ med innblanda gen frå tundragås og grågås som òg har fått menneskepåverka åtferd. Dei svenske fuglane kan derfor ikkje reknast med i den fennoskandiske populasjonen. I eit tilsvar frå Prosjekt Fjällgås, Svenska Jägareförbundet, Arkivert 2022-06-26 ved Wayback Machine. blir det vist til at den norske rapporten er basert på faktafeil, er generelt svak og ikkje har kvalitet som venta av ein evalueringsrapport.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (24. november 2021). Fugler: Vurdering av dverggås Anser erythropus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 Carboneras, C. og G. M. Kirwan (2020). Lesser White-fronted Goose (Anser erythropus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lwfgoo.01
  4. 4,0 4,1 Artdatabanken, Sveriges lantbruksuniversitet, SLU Artfakta Fjällgås Anser erythropus Rödlistning 2020, henta 26. juni 2022
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 BirdLife International 2022 Species factsheet: Anser erythropus. Henta 26. juni 2022
  6. Aarvak, T., Øien, I.J. & Shimmings, P. 2016. A critical review of Lesser White fronted Goose release projects. NOF report 2016 6. 218 pp, Norsk Ornitologisk Forening
  7. Lengyel S; Tar J; Rózsa L (2012). «Flock size measures of migrating Lesser White-fronted Geese Anser erythropus» (pdf). Acta Zoologica Academiae Scientiarum Hungaricae 58: 297–303. 
  8. Per Hansson (2005) Kan fjällgåsen Anser erythropus någonsin komma tillbaks till Västerbotten?, Fåglar i Västerbotten, vol.30, nr.3
  9. https://www.birdlife.no/prosjekter/dverggaas.php Dverggåsprosjektet] Henta 26. juni 2022
  10. Ingar Jostein Øien & Tomas Aarvak, Dverggås i Norge, Kunnskapsstatus og forslag til nasjonal handlingsplan, NOF rapport 3-2008, Norsk Ornitologisk Forening
  11. Svenska Jägareförbundet «Prosjekt Fjällgås» Henta 26. juni 2022

Bakgrunnsstoff endre