Antarktisk geografi
Antarktisk geografi er dominert av den sørlege, polare plasseringa og derfor av is. Antarktis ligg på den sørlege halvkula sentrert asymmetrisk kring Sørpolen og stort sett sør for den antarktiske polarsirkelen. Det er omgjeve av Sørishavet og har eit areal på 14 millionar kvadratkilometer.
Antarktisk geografi | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Antarktis | |
Koordinatar | 80°S 90°E / 80°S 90°E | |
Totale landegrenser | 4 558 km | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
14 000 000 km² 100 km² 0 km² | |
Kystlinje | 17 968 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Vinson Massif 4 897 moh Bentley Subglacial Trench -2555 muh | |
Lengste elv | Onyx River | |
Største innsjø | Vostoksjøen
| |
Naturressursar | ||
krill, fisk, krabbe | ||
Naturfarar | ||
kraftig vind, snøstormar, vulkanisme | ||
Miljøproblem | ||
tynt ozonlag, stigande havnivå |
Kring 98% av Antarktis er dekt av den antarktiske innlandsisen, den største isen i verda og det største ferskvassreservoaret. Isen er i snitt 1,6 km tjukk og så massiv at han somme stader har pressa berggrunnen meir enn 2,5 km under havnivå. Det finst subglasiale innsjøar med flytande vatn under isen, som Vostoksjøen. Isbremmar og ishaugar ligg kring kontinentet. Berre 2 % av kontinentet er ikkje dekt av is.
Regionar
endreFysisk sett er Antarktis delt i to av Dei transantarktiske fjella nær halsen mellom Rosshavet og Weddellhavet. Vest-Antarktis og Aust-Antarktis samsvarar grovt sett til den austlege og den vestlege halvkula relativt til nullmeridianen. Dette har stundom vorte rekna som eurosentrisk av somme og alternative namn er Vesle Antarktis og Store Antarktis.
Vest-Antarktis er dekt av Den vestantarktiske innlandsisen. Det har vore noko uro om denne isen fordi det er ein visse sjanse for at han kan kollapse. Om det skulle skje ville havnivået ha stige nokre meter i løpet av særs kort tid.
Vulkanar
endreDet er fire vulkanar på fastlandet i Antarktis som vert rekna som aktive baserte på fumaroleaktivitet eller «nyare» avsetningar av tefra: Mount Melbourne (2 730 moh) (74°21'S., 164°42'E.), ein stratovulkan; Mount Berlin (3 500 moh) (76°03'S., 135°52'W.), a stratovulkan; Mount Kauffman (2 365 moh) (75°37'S., 132°25'W.), a stratovulkan; og Mount Hampton (3 325 moh) (76°29'S., 125°48'W.), ein kaldera.
Fleire vulkanar som ligg på øyane kring kontinentet har vore nyleg eller er aktive: Mount Erebus (3 795 moh), ein stratovulkan på Ross Island med ti kjende utbrot. På den andre sida av kontinentet ligg Deceptionøya (62°57'S., 60°38'W.), som er ein vulkansk kaldera med minst ti kjende utbrot. Andre er Buckle Island i Ballenyøyane (66°50'S., 163°12'E.), Penguin Island (62°06'S., 57°54'W.), Paulet Island (63°35'S., 55°47'W.) og Lindenberg Island (64°55'S., 59°40'W.).
Vest-Antarktis
endreVest-Antarktis er den mindre delen av kontinentet og er delt inn i:
Område
endreHavområde
endreIsbremmar
endreDei største isbremmane er:
For all isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.
Øyar
endreFor ei liste over alle dei antarktiske øyane, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.
Aust-Antarktis
endreAust-Antarktis er den større delen av kontinentet, og både Den magnetiske sørpolen og den geografiske Sørpolen ligg her. Dette er delt inn i:
Område
endreHavområde
endreIsbremmar
endreDei største isbremmane er:
For alle isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.
Øyar
endreFor ei liste over alle antarktiske øyar, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.
Territoriale krav
endreSju nasjonar har gjort offisielle krav på landområde i Antarktis.
Kronkoloniar og territorium
endreSjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Kart over kravområde[daud lenkje]
- USGS TerraWeb: Satellittbilete av Antarktis[daud lenkje]
- United States Antarctic Resource Center (USARC)[daud lenkje]
- BEDMAP
- Antarctic Digital Database
- Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7