Chișinău

hovudstaden i Moldova
(Omdirigert frå Chisinau)

Chișinău eller Kisjinjov (russisk Кишинёв/Kisjinjov) er hovudstaden, den største byen og industrielt og kommersielt sentrum i Moldova. Han ligg om lag midt i landet ved elva Bîc. Økonomisk er byen den mest velståande i Moldova og eit trafikknutepunkt for regionen. Som den viktigaste byen i Moldova har Chișinău ei rekkje utdanningsinstitusjonar. Chișinău er ein av dei byane i Europa med flest grøntareal.

Chișinău
Кишинёв
hovudstad
Flagg
Symbol
Land  Moldova
Høgd 85 m
Areal 123 km²
Folketal 639 000 (2019)[1]
Grunnlagd 1436
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer MD-20xx
Retningsnummer +373 22
Kart
Chişinău
47°01′22″N 28°50′07″E / 47.022777777778°N 28.835277777778°E / 47.022777777778; 28.835277777778
Plasseringa til Chișinău i Moldova, sjølve byen i mørkraudt, resten av bykommunen i lysraudt
Plasseringa til Chișinău i Moldova, sjølve byen i mørkraudt, resten av bykommunen i lysraudt
Plasseringa til Chișinău i Moldova, sjølve byen i mørkraudt, resten av bykommunen i lysraudt
Wikimedia Commons: Chișinău

Historie

endre

Chișinău vart grunnlagd som ein klosterby i 1436 og vart ein del av fyrstedømet Moldavia, som på byrjinga av 1500-talet vart underlagt Det osmanske riket. På byrjinga av 1800-talet var han ein liten landsby med rundt 7 000 innbyggjarar. I 1812 vart han ein del av Det russiske keisardømet, som gjorde han til hovudstad i det nyleg annekterte Bessarabia gubernija. Folketalet voks til 92 000 i 1862 og til 125 787 i 1900.

Industrialderen

endre
 
Chișinău i 1889.

Frå 1834 vart byen bygd ut av keisardømet med vide, lange gater og ein nyutvikla byplan som delte byen i to delar, den eldre delen av byen, med uregelmessig bygningsstruktur og eit nyare bysentrum. Mellom 26. mai 1830 og 13. oktober 1836 bygde arkitekt Avraam Melnikov 'Catedrala Nașterea Domnului' (ei ortodoks domkyrkje) med eit flott klokketårn. I 1840 stod triumfbogen ferdig, teikna av arkitekt Luca Zaușkevici. Etter dette vart det bygd mange bygg og landemerke. Byen spelte òg ei viktig rolle i krigen mellom Russland og Tyrkia (1877–1878) som hovudkvarteret for den russiske invasjonen.

Jødeforfølging og tida før revolusjonen

endre

Seint på 1800-talet, særleg på grunn av aukande antisemittisme i Russland og betre økonomiske tilhøve, slo mange jødar seg ned i Chișinău. I 1900 var 43 % av innbyggjarane i Chișinău jødiske, det høgaste talet i heile Europa.

Den 6. og 7. april 1903 fann derimot ein stor antisemittisk pogrom stad, som seinare vart kjent som jødeforfølginga i Kisjinjov. 47-49 jødar mista livet, 92 vart alvorleg skadde og om lag 500 mindre råka.[2] I tillegg vart fleire hundre hus og butikkar plyndra og øydelagde. Ein meiner at jødeforfølginga starta på grunn av antijødisk propaganda i den einaste offisielle avisa i byen på denne tida, Bessarabets (Бессарабецъ). Reaksjonane på hendinga inkluderte ein protest til tsar Nikolaj II av Russland på vegner av det amerikanske folket frå den USA-amerikanske presidenten Theodore Roosevelt i juli 1905.

22. august 1905 fann ei anna blodig hending stad då politiet opna eld mot om lag 3 000 demonstrerande bønder. Berre få månader seinare, 19.-20. oktober 1905, oppstod ein anna protest[2] som var med på å tvinge fram Oktobermanifestet frå tsar Nikolaj II. Desse demonstrasjonane snudde brått om til eit åtak på dei jødane ein kunne finne og 19 jødar mista livet.

Den første verdskrigen

endre

Etter den russiske Oktoberrevolusjonen erklærte landet seg sjølvstendig frå det falne riket, før det vart ein del av Kongedømet Romania. I denne perioden var Chișinău i bakgrunnen og vart ikkje sett på som noko anna enn ein stor provinsby. Berre då moderne teknologi og industri kom til byen vart han gradvis viktigare.

Mellom 1918 og 1940 vart sentrum av byen kraftig renovert. I 1927 vart det reist eit monument av den kjende fyrsten Stefan III av Moldavia, laga av skulptøren Alexandru Plămădeală.

Den andre verdskrigen

endre
 
Chișinău er ein av dei grønaste byane i Europa.

I kaoset under den andre verdskrigen vart Chișinău nesten totalt øydelagd. Dette byrja med at den raude arméen og Sovjetunionen okkuperte byen og landet frå 28. juni 1940. Då byen var i ferd med å kome seg etter sovjetarane sin innmarsj råka eit kraftig jordskjelv byen 10. november 1940. Episenteret for skjelvet, som vart målt til 7,3 på richterskalaen, låg aust i Romania og førte til store øydeleggingar i byen.

Etter om lag eitt år gjekk Tyskland og Romania til åtak på det nyoppretta Moldovsk SSR. Frå juli 1941 leid byen under storskala skotvekslingar og omfattande bombeåtak frå tyske fly. Den raude arméen heldt ut fram til Chișinău til slutt fall den 17. juli 1941.

Tyskarane utførte masseutryddingar av den jødiske folkesetnaden i byen, som dei fleste andre stader i Europa. Jødane vart transportert til utkanten av byen der dei vart skotne og slengde i store massegraver. Talet på omkomne jødar under okkupasjonen av byen er estimert til om lag 10 000.[3]

Etter kvart som krigen gjekk mot slutten vart byen igjen utsett for kraftige åtak då dei tyske troppane trekte seg tilbake. Etter nesten seks månader med kamphandlingar fall Chișinău til slutt den 24. august 1944 til den raude arméen. På dette tidspunktet hadde byen mista om lag 70 % av alle bygningar, hovudsakleg på grunn av jordskjelvet i 1940 og bombeåtaka til tyskarane.

Etter krigen vart Bessarabia innlemma i Sovjetunionen. Det meste av Bessarabia vart ein del av Moldovsk SSR med Chișinău som hovudstad. Mindre delar av Bessarabia vart ein del av Ukrainsk SSR.

Sovjetunionen

endre

I åra 1947 til 1949 utvikla arkitekten Alexej Sjtsjusev ein plan for å gradvis rekonstruere byen med eit lag av arkitektar.

På byrjinga av 1950-talet auka folketalet raskt og dei sovjetiske styresmaktene svarte med å byggje store blokker i stalinistisk arkitektur. Denne prosessen heldt fram under Nikita Khrusjtsjov, som bad om konstruksjon med mottoet «godt, billigare og bygd raskare». Den nye arkitektoniske stilen førte til dramatiske endringar og danna stilen som dominerer bybilete i dag med store blokkleilegheiter over store område.

Perioden med størst utvikling var frå 1971, då den sovjetiske regjeringa gav meir enn ein milliard rublar for å utvikle byen, og fram til 1991 då Moldova fekk sjølvstende.

Mange gater i Chișinău er kalla opp etter historiske personar, stader eller hendingar. Sjølvstendet frå Sovjetunionen førte til omfattande omdøyping av gatenamna og stader i byen frå kommunistiske tema til nasjonale tema.

Bydelar

endre

Dei lokale innbyggjarane brukar namn som til dømes «Telecentru» og «Posta Veche» (Gamle posten) for å skildre geografiske område innanfor bygrensa. Reint formelt er Chișinău er delt inn i fem administrative bydelar, kalt sektorar:

Kvar av sektorane kan omfatte byar (oraș) og landkommunar (comuna), som igjen kan ha fleire busetnader. Til saman utgjer sjølve byen Chișinău med desse nærliggande områda ein bykommune som administrativt ligg på same nivå som dei 32 distrikta i Moldova.[4]

Folketal

endre

Resultat frå dei to siste folketeljingane. Folketeljinga i 2014 har ufullstendige resultat for hovudstaden, der berre om lag 59 % vart talde.[5]

Sjølve byen Chișinău:

Folketal 2004[6] Folketal 2014[7]
Bydelen Botanica 156 633 75 308
Bydelen Buiucani 107 744 64 402
Bydelen Centru 90 494 53 197
Bydelen Ciocana 101 834 69 351
Bydelen Rîșcani 132 740 76 821
Total 589 445 *339 079
*I samband med presentasjonen av folketeljinga for 2014
vart det estimert at 193 434 innbyggjarar i byen Chișinău
ikkje var tekne med i den mangelfulle teljinga, slik at ein
opererer med eit estimat for byen i 2014 på 532 513
innbyggjarar i 2014.[5]

Heile bykommunen Chișinău:

Folketal 2004[6] Folketal 2014[7]
Sektor Botanica 178 860 95 449
Sektor Buiucani 140 139 101 095
Sektor Centru 104 771 69 131
Sektor Ciocana 125 659 95 399
Sektor Rîșcani 162 789 108 328
Total 712 218 469 402

For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnader. Dette var dei største busetnadene i bykommunen Chișinău i 2004:

Sektor Folketal 2004[6]
Chișinău* 589 445
Durlești* Buiucani 15 395
Codru* Centru 14 277
Cricova* Rîșcani 9 878
Băcioi Botanica 8 644
Trușeni Buiucani 7 546
Sîngera* Botanica 7 354
Stăuceni* Rîșcani 6 204
Ciorescu Rîșcani 5 525
Bubuieci Ciocana 5 444
Ghidighici Buiucani 5 094
Grătiești Rîșcani 4 689
Vadul lui Vodă* Ciocana 4 559
Budești Ciocana 4 497
Colonița Ciocana 3 340
Vatra* Buiucani 3 296
Dobrogea Botanica 3 279
Tohatin Ciocana 2 098
Cruzești Ciocana 1 619
Byar er merkte med *

Kultur

endre

Som hovudstad i landet er Chișinău rik på kulturliv både innanfor nasjonal folklore og klassiske uttrykksformer. Byen er arena for festivalar og markeringar av nasjonale høgtidsdagar, men har òg sin eigen «Bydag» den 14. oktober. Denne dagen vert heile hovudgata Ștefan cel Mare fylt med kulturelle aktivitetar.

Byen har mange gode konsertlokale, eigen opera og ballett, museum og ei rekkje teater – mellom anna Nasjonalteateret: Mihai Eminescu som mellom anna sette opp stykke av Henrik Ibsen i Ibsenåret 2006.

Offentleg transport

endre

Byen har eit godt utbygd offentleg transportnett som består av trolleybussar (billettpris per 2012 = 2 lei = 1,00 kr), vanlege bussar (3 lei = 1,50 kr) eller minibussar som følgjer ei fast marsj-rute og dermed vert kalla «Marsrutka» (3 lei = 1,50 kr) – sistnemnde kan du stoppe for av og påstiging når det måtte passe deg. Det er stadig fleire taxi-selskap i byen og prisen er ca. 4 lei per km (2 kr)

Galleri

endre

Kjelder

endre

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Chișinău
  Reiseguide for Chișinău frå Wikivoyage