Heit du fa'i min
«Heit du fa'i min» er ein halling i 2/4-takt som er del av ein av dei største slåttekrinsane i heile hardingfeletradisjonen. Slåtten finst i ei rekkje variantar både aust- og vestafjells, frå Valdres til Setesdal. Ein av dei mest kjende variantane av slåtten er kjend som Fyken eller «Skjellerudhallingen». I Hardanger er slåtten ofte kalla «Sellanden», og i Setesdal «Klunkaren». I setesdalsformene er det lagt inn pizzicato eller «klunking».
Dei fleste slåttane i gruppa er registrert under nr 160 i hardingfeleverket. Fleire av dei nedskrivne formene kan førast attende til Håvard Gibøen, og ei av nedskriftene er etter Myllarguten.
Namnet «Heit du Fa'i» min er eit fast munnhell i gamalt telemål. «Fa'i min» er ei tiltaleform som er nytta på alle karfolk. Ordet «heit» er ein variant av helsinga hei (altså 'Hei, far min').
Dette er truleg ein gamal tvibeitslått som har vore kjend sidan 1700-talet.
Variantgruppa
endreHardingfeleverket har registrert 19 variantar av slåtten.
- Nr 50: Gamal Klevhalling, etter Johan Kleven, Krødsherad [1][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1914 (Ø 38). Johan Kleven hadde truleg slåtten etter far sin, Gamle-Kleven.
Nr 160:
- a: Heit du fa'i min, frå Bø i Telemark [2][daud lenkje]. Nedskrift Gregar Nordbø, reinskrive ved Eivind Groven (G 1032).
- b: Heit du fa'i min, etter Olav R. Berge, Rauland [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter minne.
- c:Halling, etter Myllarguten. Nedskrift Carl Schart 1850 [4][daud lenkje]. Slåtten har seinare vore kalla Sellanden etter spelemannen Eirik Selland frå Granvin. Myllaren hadde truleg denne slåtteforma derfrå.
- d:Tak'o fa'i min, etter Gjermund Haugen, Notodden [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1933 (G 447). Namnet er telemål for ”Tak ho far min”.
- e: Halling, etter Lars Rognved, Haus, Nordhordland [6][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 247). Rognved hadde slåtten etter Magne Kleiveland frå Haus.
- f: Rull, etter Nils Brakvatn, Hamre, Nordhordland [7][daud lenkje]. Brakvatn hadde slåtten etter John Rivenes, Haus. Brakvatn skreiv sjølv ned tonen til slåtten, og Arne Bjørndal reinskreiv han seinare for utgjeving.
- g: Kjerringje reiste på stølen, etter Engebret Beitohaugen, Øystre Slidre [8][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 1079). Beitohaugen hadde slåtten etter faren Nils Beitohaugen. Slåttenamnet er etter eit stev som byrja slik.
- h: Heit du fa'i min, etter Eilev Smedal, Seljord [9][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1936.
- i: Heit du fa'i min, halling etter Håvard Gibøen, etter Gunleik Smedal, Seljord [10][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 555).
- j: Tak'o fa'i min, etter Halvor Klonteig, Tinn [11][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven (G 1033). Johannes Dale kalla denne slåtten «Talishaugen».
- k: Halling, etter Ole Evju, Eggedal [12][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen kring 1930.
- l: Fyken eller Skjelleruden, etter Wilhelm Sorteberg, Krødsherad [13][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1910 (Ø 28). Sorteberg hadde slåtten etter Gudbrand Skjellerud, som hadde lært han av Gamle Hans Fykerud frå Sauherad. Skjelleruden hadde vore slåttekar hjå Gamle-Hans. I Hallingdal er denne forma rekna som ein god danselått og er mykje nytta.
- m: Rull, etter Ola Midtbø, Masfjorden [14][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1948 (B 2410). Midtbø hadde slåtten etter far sin.
- n: Toleslåtten, etter Ola Mosafinn, Voss [15][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar 4). Mosafinn hadde slåtten etter spelemannen Lars Tolo frå Kvam. Slåtten har seinare vore kalla «Mosafinnrudlen». Lars Tolo hadde slåtten etter faren Nils Torgeirsson Nesheim, som kom frå Granvin. Slåtten som ho står, er nok prega av at at Mosafinn har bygd han ut. Han spela inn slåtten på voksrull i 1911.
- o: Faremoslått, etter Tomas Liestøl, Ose, Setesdal [16][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 391). Liestøl hadde slåtten etter Jørund Frisvoll, Hægeland, som hadde han etter Olav Faremo, Hylestad. Slåtten heiter etter han.
- p: Klunkaren, etter Eivind Hamre, Bygland [17][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 166). Hamre hadde slåtten etter Neri Neset, Bygland (lært i 1860-åra). Slåttenamnet skriv seg frå klunketaka i slåtten.
' q: Klunkaren, etter Otto Furholt, Vegusdal [18][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1954 etter opptak i NRK (G 976).
Supplementsformer:
- nr 166a: Nils i Rudninge, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [19][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Dette er Bolstad si utforming av ein slått som mellom anna var nytta av Nils Beitohaugen.
- nr 166b: Halling, etter Sevat Sataøen, Ål [20][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978 etter opptak i NRK. Slåtten er etter Tor Grimsgard.
- Nr 181: Halling, etter Jørgen Husemoen, Nesbyen [21][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven (G 1890).