Hildalen

er ein kjend gangar i 2/4-takt, som finst utbreidd som vandreslått over store delar av Hardingfeleområdet

Hildalen eller Bordkøyraren er ein kjend gangar i 2/4-takt, som finst utbreidd som vandreslått over store delar av Hardingfeleområdet. Namnet Hildalen skriv seg frå spelemannen Ola Hildal som budde på garden Hildal i Odda kommune inst i Hardanger, ved Sandvinsvatnet. Slåtten er gamal både austafjells og Vestafjells, og tona finst hjå Ludvig Mathias Lindeman.

I Hardingfeleverket har slåtten nummer 158/163, og det er skrive ned i alt 17 variantar. I høve varianten frå Voss viser redaksjonen til den franske komponisten Jean-Benjamin de Laborde, som skreiv ned ein liknande melodi i høve eit storverk om nyare og eldre musikk i 1780 (Essai sur la musique ancienne et moderne, Paris 1780).

Variantar endre

Supplementsformer endre