Fylkesvåpen i Noreg
Fylkesvåpena i Noreg er heraldiske merke som blir brukte som kjenneteikn og symbol for kvart av fylka i Noreg. Vedtaka om fylkesvåpena skjer i fylkestinget til det gjeldande fylket.
Dei norske fylkesvåpena er tradisjonelt prega av ein konsekvent flatestil. Motiva som er valde, er sentrale i heraldikken og speler samtidig på historia til fylka. Dei fleste norske fylkesvåpena er teikna av heraldikaren Hallvard Trætteberg, som allereie i 1930-åra hadde utarbeidd framlegg til våpen for fylkeskommunane og gjeve dei ut med kommentarar i bokform. Det første fylkesvåpenet vart teikna av Trætteberg i 1957, og høyrde til Nord-Trøndelag fylke. Vidare har han teikna fylkesvåpena til Østfold, Vestfold, Telemark, Rogaland, Nordland, Troms og Finnmark.
Fylkesvåpenet til Oslo — eller byvåpenet, som Oslo kommune sjølv kallar det — skil seg ut ved ikkje å vera eit heraldisk våpen, men eit mangefarga segl. Den noverande teikninga vart vedteke i 1924 til 300-årsferinga for grunnlegginga av Christiania. Fargane vart fastsette i «Designhandbok for Oslo» i 1990-åra. Ved byjubileet i 2000 innførte kommunen eit nytt flagg med byseglet på blå duk. Det er ikkje godkjent av Kongen og difor i strid med Lov av 29. juni 1933 om flagging på kommunale bygningar.
Fylkesvåpenet til Oppland er teikna av Arvid Sveen og var godkjent i 1989. Dette var i si tid det siste norske fylkesvåpenet som vart godkjent, og dermed hadde alle dei norske fylka fått sitt eige våpen.
Stortinget vedtok 8. juni 2017 samanslåing av fleire fylke. Samstundes er ordninga med at Riksarkivet skal gje råd om all offentleg heraldikk avvikla. Dei nye fylka som vart til i 2020, fekk uheraldiske våpen, eigentleg logoar, ettersom dei var utforma av amatørar. Dei kan ikkje som dei eldre fylkesvåpna blasonerast.
Fylkesvåpena i Noreg
endre-
Innlandet fylke
(I bruk frå 2020) -
Telemark fylke
(I bruk frå 2024) Motiv: På gull bunn en svart oppvoksende bondestridsøks. -
Trøndelag fylke
Motiv: På sølv bunn et utbøyd gull kors.[9]
Fylkesvåpenet for tidlegare Nord-Trøndelag fylke, vidareført i bruk ved opprettinga av Trøndelag fylke i 2018. -
Vestfold fylke
(I bruk frå 2024) Motiv: På raud botn ei gull kongekrone. -
Vestland fylke
(I bruk frå 2020)
Tidlegare fylkesvåpen
endre-
Sør-Trøndelag fylke
(1983–2017)
No del av Trøndelag
Motiv: I gull to korslagte røde økser belagt med en rød korsstav.[17] -
Viken fylke
(2020–2023)
Sjå òg
endreKjelder
endre- «kommunevåpen» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Kunst med kongelig resolusjon». Riksarkivet. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 30. september 2015.
- Referansar
- ↑ Fylkesvåpenet Akershus fylkeskommune
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Buskerud fylke Lovdata
- ↑ Forskrift om flagg og våpen, Finnmark fylke Lovdata
- ↑ Møre og Romsdal Store norske leksikon
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Nordland fylke Lovdata
- ↑ Oslo byvåpen - opprinnelsen til og utformingen av Oslos byvåpen Aktiv i Oslo
- ↑ Forskrift om godkjennelse av fylkesvåpen og fylkesflagg, Rogaland Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Troms fylke Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Nord-Trøndelag Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Østfold Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Aust-Agder. Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Hedmark fylkeskommune Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Hordaland fylke Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Oppland fylkeskommune Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Sogn og Fjordane fylkeskommune Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Nord-Trøndelag Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Sør-Trøndelag fylkeskommune Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Telemark Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Vest-Agder Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Vestfold Lovdata