Gazaomringinga
Gazaomringinga[1] (hebraisk עוטף עזה, Otef Aza) syner til eit område i Israel som strekkjer seg kring Gazastripa, berre nokre få kilometer unna, og omfattar byen Sderot og fleire kibbutzim og moshavim i området.
Gazaomringinga | |||
region | |||
Tank Merkava Mark IV utforskar ruta Hubers-aksen
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Kart som viser Gazaomringinga.
| |||
Wikimedia Commons: Gaza envelope |
Sidan den andre Intifada, og særleg sidan Israels einsidige tilbaketrekkingsplan vart implementert, vart samfunna i området kring Gazastripa utsette for terrorist åtak, bombekastargranatar og Qassamrakettar frå Gazastripa. I nyare år har meir fjerntliggande samfunn blitt oftare råka av bomber frå Gaza, som Ashkelon, Netivot, Kiryat Gat, Beer Sheva og Ashdod, etter at det vart smugla inn Grad-rakettar til Gaza.
I 2007, etter fleire år med terroriståtak, vedtok Knesset ei lov[2] som gav samfunn som låg innafor 7 km frå grensegjerdet kring Gazastripa (og andre samfunn i området utpeikt av finansdepartementet i Israel[3]) status som «konfrontasjonslinje-samfunn» og gav dei spesielle privilegium (til slutten av 2008). Andre lover forlenga desse privilegia, med somme endringar, fram til slutten av 2014.[4]
Busetnader i Gazaomringinga
endreDei følgjande samfunna var inkludert i lista over samfunn i det sørlege konfrontasjonslinjeområdet, publisert av israelske skattestyresmakter:[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gaza envelope» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] [2]
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 11. oktober 2012, henta 6. oktober 2014
- ↑ http://www.justice.gov.il/NR/rdonlyres/61650A2E-749E-4951-8CBF-7E5A96B8DF83/8703/6615.pdf
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 15. oktober 2012, henta 6. oktober 2014
- ↑ http://taxes.gov.il/IncomeTax/Documents/HovrotNikuim/2012/2012NikuyY_5.pdf