Grand Funk Railroad

(Omdirigert frå Grand Funk)

Grand Funk Railroad, stundom forkorta Grand Funk, er eit amerikansk rockeband som var særs populært i 1970-åra. David Fricke frå musikkmagasinet Rolling Stone sa ein gong «Du kan ikkje snakke om 70-talsrock utan å snakke om Grand Funk Railroad!»[1][2] Dei var kjend for den publikumsvennlege arenarock-stilen, og bandet hadde ein stor tilhengjarskare, trass i at det dei mangla støtte hos musikkjournalistar.[3] Namnet er eit ordspel på på Grand Trunk Western Railroad, ei jernbanelinje som gjekk gjennom heimbyen til bandet, Flint i Michigan.

Grand Funk Railroad

Mel Schacher og Bruce Kulick i Grand Funk Railroad i 2002
AliasGrand Funk
OpphavFlint i Michigan i USA
Aktiv1969–76, 1981–83, 1996 til i dag
SjangerHardrock, bluesrock
PlateselskapCapitol, MCA, Full Moon
MedlemmerDon Brewer
Mel Schacher
Max Carl
Tim Cashion
Bruce Kulick
Tidlegare medlemmerMark Farner
Craig Frost
Dennis Bellinger
Howard Eddy, Jr.

Historie endre

Skiping (1969) endre

Bandet vart starta som ein trio i 1969 av Mark Farner (gitar, vokal) og Don Brewer (trommer, vokal) frå Terry Knight and the Pack, og Mel Schacher (bass) frå Question Mark & the Mysterians. Knight vart raskt manageren til bandet og namngav bandet som eit ordspel på Grand Trunk Western Railroad, ei kjend jernbanelinje i Michigan. Dei vart først lagt merke til under Atlanta Pop Festival i 1969, og bandet fekk kontrakt med Capitol Records. Etter eit vellukka konsert på første dagen av festivalen, vart gruppa beden om å kome attende til den andre Atlanta Pop Festival året etter. Bandet nytta same mønster som andre hardrock-trioar, som Cream, og bandet utvikla sin eigen, populære stil. I august 1969 gav bandet ut debutalbumet sitt, On Time, som selde over ein million eksemplar, og fekk gullplate i 1970.[4]

I februar 1970 kom eit nytt album, Grand Funk (òg kalla «The Red Album»), som òg selde til gullplate.[4] Trass i mangel på gode meldingar og at songane deira ikkje vart spelte på radio, gjorde dei seks første albuma til bandet (fem studioplater og eit konsertalbum) det godt.

Tidleg i 1970-åra endre

Hitsingelen «I'm Your Captain (Closer to Home)», frå albumet Closer to Home, kom ut i 1970, og minna om same stilen som innspelingane til Terry Knight and the Pack. I 1970 lanserte Knight ein omfattande reklamekampanje for albumet Closer to Home. Albumet selde til fleire platinaplater, trass i at det fekk dårlege meldingar.[4] Bandet brukte 100 000 USD på ein stor reklameplakat på Times Square i New York for å marknadsføre Closer to Home.[5] I 1971 spelte Grand Funk på Shea Stadium, og selde like mange billettar der som Beatles hadde gjort i 60-åra. Stadion vart utseld på berre 72 timar.[6] Etter Closer to Home kom Live Album i 1970, og dette selde òg til gullplate.[4] Survival og E Pluribus Funk kom begge i 1971. E Pluribus Funk feira konserten sin på Shea Stadium med eit bilete av stadionet på baksida av plateomslaget.

Seint i 1971 hadde bandet byrja å bli uroa over managerstilen til Knight og ansvaret han hadde for økonomien deira. Dette førte til at Knight fekk sparken tidleg i 1972. Knight saksøkte dei for kontraktsbrot, som førte til ein langvarig juridisk kamp. Ein gong tok Knight utstyret til bandet før ein konsert i Madison Square Garden. I ein epsiode på VH1 av Behind the Music sa Knight at den originale kontrakten han hadde med bandet hadde gått ut om tre månader, og at det hadde vore smart av bandet å la kontrakten gå ut.[7] Men på den tida følte bandet at dei ikkje hadde noko anna val enn å kjempa for rettane til karrierne og namnet sitt.

I 1972 henta Grand Funk Railroad inn Craig Frost som fast medlem på klaverinstrument. Opphavleg hadde dei prøvd å hente Peter Frampton, som då var ferdig i Humble Pie; men Frampton var ikkje tilgjengeleg då han hadde fått ein solokontrakt med A&M Records. Med Frost i bandet gjekk bandet frå ein garageband-aktig rock til meir rhythm & blues/pop-rock-orientert stil. Med den nye besetninga gav Grand Funk ut Phoenix, det sjette studioalbumet deira, i 1972.[8]

Bandet sikra seg Todd Rundgren som produsent og gav ut to av dei mest suksessrike albuma sine, i tillegg til to singlar som nådde førsteplassen av den amerikanske singellista. Den eine singelen var Don Brewer sin «We're an American Band» (frå We're an American Band) og «The Loco-Motion» (frå Shinin' On, skriven av Carole King og Gerry Goffin og opphavleg spelt inn av Little Eva). Albumet We're an American Band nådde andreplassen på albumlista. «We're an American Band» var den første singelen deira som nådde toppen av salslista.[9]

Midten av 1970-åra endre

I 1974 fekk Grand Funk Jimmy Ienner som produsent og gjekk attende til å bruke det fulle namnet sitt: Grand Funk Railroad. Bandet gav ut albumet All the Girls in the World Beware!!!. På plateomslaget var bandet avbilda med hovuda deira over kroppen til Arnold Schwarzenegger og Franco Columbu. Albumet inneheld to hittar, «Some Kind of Wonderful» og «Bad Time».

Sjølv om dei hadde stor suksess i midten av 1970-åra, auka spaninga i bandet på grunn av personlege problem, i tillegg til at bandet var utsliten og krangla over den vidare musikalske retninga. Trass i dette fortsette Grand Funk. Dei trengde to album til for å fullføre kontrakten med Capitol, og la ut på ein stor turné og valde å spele inn eit dobbeltalbum, Caught in the Act.

Det doble albumet skulle ha fullført kontrakten med Capitlo, men fordi det inneheld tidlegare utgjevne songar, kravde Capitol nok eit album for å fullføre kontrakten. Samstundes som det var spaningar i bandet, valde dei å fullføre eitt album til for Capitol for å unngå liknande juridiske problem dei hadde hatt med Terry Knight i 1972. Bandet spelte inn Born to Die og vart samde om å ikkje sei noko om at dei ønskte å legge ned bandet i 1976.[10]

Grand Funk fann nytt liv då Frank Zappa synte interesse i bandet, og ønskte å produsere eit album med dei. Dei fekk kontrakt med MCA Records og gav ut Good Singin', Good Playin', som gav dei lite suksess. Etter dette valde Grand Funk Railroad å legge ned bandet i 1976.[11]

Seint i 1970-åra og 1980-åra endre

Etter bandet vart oppløyst gjekk Farner solo og signerte kontrakt med Atlantic Records. Her gav han ut to album: Mark Farner (1977) og No Frills (1978). Brewer, Schacher og Frost heldt i lag og anna bandet Flint. Flint gav ut eit album på Columbia Records. Dei spelte inn eit album til, men dette vart ikkje gjeve ut. Grand Funk Railroad vart samla att i 1981, utan Frost og med Dennis Bellinger for Schacher på bass.

Den nye besetninga gav ut to album på selskapet til Irving Azoff, Full Moon, som var distribuert av Warner Bros. Records. Albuma var Grand Funk Lives i 1981 og What's Funk? i 1983. Begge albuma fekk dårleg kritikk, men den eine singelen, «Queen Bee», vart nytta i filmen Heavy Metal og på filmmusikkalbumet. Bandet vart oppløyst for andre gongen 1983, og Farner fortsette solokarrieren og vart ein kristen musikar. Brewer drog på turné med Bob Seger sitt Silver Bullet Band.[12]

1990- og 2000-åra endre

I 1996 vart dei tre originale medlemmane i Grand Funk Railroad igjen samla, og spelte for 250 000 menneske i løpet av 14 konsertar. I 19997 spelte bandet tre utselde veldedige konsertar for Bosnia and Herzegovina. Desse konsertane vart framførte med eit fullt symfoniorkester dirigert av Paul Shaffer (frå David Letterman Late Show). Bandet gav ut eit dobbelt konsertalbum kalla Bosnia spelt inn i Auburn Hills i Michigan. Peter Frampton spelte med bandet på denne konserten. I 1998, etter tre år med turnering, slutta Farner i bandet og gjekk attende til solokarrieren sin.

Etter dette gjekk det nesten to år før Brewer og Schacher rekrutterte nokre musikarar og starta bandet opp att. Vokalisten Max Carl (frå 38 Special), den tidlegare Kiss-gitaristen Bruce Kulick, og klaverspelaren Tim Cashion (Bob Seger, Robert Palmer) vart med dei to attverande Grand Funk-medlemmane. I 2005 spelte bandet føre 20 000 menneske i Albany i New York. I juli 2011 spelte bandet føre 25 000 menneske i Molson Canal Series Concert utafor Buffalo i New York.

Grand Funk Railroad held fram å turnere med kring 40 konsertar i året.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

Tidlegare medlemmar
  • Mark Farner – gitarar, solovokal, klaverinstrument, munnspel (1969–1976, 1981–1983, 1996–1998)
  • Craig Frost – klaverinstrument, korvokal (1972–1976)
  • Dennis Bellinger – bassgitar (1981–1983)
  • Howard Eddy, Jr. – klaverinstrument (1996–1998)

Tidslinje endre

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Grand Funk Railroad.

Studioalbum endre

Kjelder endre

  1. «GRAND FUNK bio». Grand Funk Railroad. Henta 2. august 2016. 
  2. «Grand Funk». Rolling Stone (919). April 3, 2003. Arkivert frå originalen 16. juli 2015. Henta 2. august 2016. 
  3. «Grand Funk Railroad interviews, articles and reviews from Rock's Backpages». Rocksbackpages.com. 26. april 1996. Henta 22. juli 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 279. ISBN 0-214-20512-6. 
  5. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 213. CN 5585. 
  6. James (1999), pp. 15–16, 22, 37, 60.
  7. James (1999), pp. 31, 36–37, 76.
  8. James (1999), pp. 80, 83–84.
  9. James (1999), pp. 90, 92–94, 104–106.
  10. James (1999), pp. 113–116, 123–127.
  11. James (1999), pp. 130–134.
  12. James (1999), pp. 139–149.

Litteratur endre

  • James, Billy (1999). An American Band: The Story of Grand Funk Railroad. SAF Publishing Ltd. ISBN 0-946719-26-8. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grand Funk Railroad