«Heit du fa'i min» er ein halling i 2/4-takt som er del av ein av dei største slåttekrinsane i heile hardingfeletradisjonen. Slåtten finst i ei rekkje variantar både aust- og vestafjells, frå Valdres til Setesdal. Ein av dei mest kjende variantane av slåtten er kjend som Fyken eller «Skjellerudhallingen». I Hardanger er slåtten ofte kalla «Sellanden», og i Setesdal «Klunkaren». I setesdalsformene er det lagt inn pizzicato eller «klunking».

Dei fleste slåttane i gruppa er registrert under nr 160 i hardingfeleverket. Fleire av dei nedskrivne formene kan førast attende til Håvard Gibøen, og ei av nedskriftene er etter Myllarguten.

Namnet «Heit du Fa'i» min er eit fast munnhell i gamalt telemål. «Fa'i min» er ei tiltaleform som er nytta på alle karfolk. Ordet «heit» er ein variant av helsinga hei (altså 'Hei, far min').

Dette er truleg ein gamal tvibeitslått som har vore kjend sidan 1700-talet.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har registrert 19 variantar av slåtten.

Nr 160:

  • f: Rull, etter Nils Brakvatn, Hamre, Nordhordland [7][daud lenkje]. Brakvatn hadde slåtten etter John Rivenes, Haus. Brakvatn skreiv sjølv ned tonen til slåtten, og Arne Bjørndal reinskreiv han seinare for utgjeving.
  • n: Toleslåtten, etter Ola Mosafinn, Voss [15][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar 4). Mosafinn hadde slåtten etter spelemannen Lars Tolo frå Kvam. Slåtten har seinare vore kalla «Mosafinnrudlen». Lars Tolo hadde slåtten etter faren Nils Torgeirsson Nesheim, som kom frå Granvin. Slåtten som ho står, er nok prega av at at Mosafinn har bygd han ut. Han spela inn slåtten på voksrull i 1911.

' q: Klunkaren, etter Otto Furholt, Vegusdal [18][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1954 etter opptak i NRK (G 976).

Supplementsformer: