For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lars Berg (fleirtyding).

Lars Kornelius Edvard Berg (16. mai 190111. januar 1969) var ein norsk romanforfattar, dramatikar, lærar og kulturforkjempar.

Lars Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1901
Kvaløya
Død

11. januar 1969 (67 år)
Kvaløya

Yrke forfattar, lyrikar, skodespelforfattar, lærar

Liv og virke endre

Lars Berg tok seminaret (lærarskolen) i Tromsø 1919-22. Han var lærar i Hjørundfjord, Bø i Vesterålen og Hillesøy kommune i 12 år før han debuterte som forfattar på det nyetablerte Tiden Norsk Forlag i 1934. I perioden 1934-1940 levde han som forfattar i Oslo. Det var den meste produktive perioden hans som forfattar: Ved sida av at han skreiv ein stor roman i året, leverte han dessutan eit femtital noveller til Arbeidermagasinet.

Dei fleste romanane til Berg handlar om livet til fiskarbøndene i Nord-Noreg og familiane deira i samtid og nær fortid. Berg sine romanar skildrar omstillinga i landsdelen i første del av 1900-talet, med mekanisering i jordbruket og motorisering av fisket. Hos Berg er seksualiteten ei positiv kraft som vert halden nede av kyrkja si seksualfiendtlegheit og fordomane til folk.

I skildringa av seksuelle scener var Lars Berg utvilsamt den mest radikale forfattaren i den norske 30-talslitteraturen. På grunn av at skildringane var ganske direkte, vart han stempla som «rikspornograf», også utanfor dei strenge puritanarane sine eigne krinsar. Det galdt særleg dei tre første romanane hans.

Lars Berg mottok gullmedalje frå Oslo illustrerte for den beste litterære prestasjonen i året 1934. I juryen sat mellom andre Ingeborg Refling Hagen og Peter Egge.

Den sterke blir svak når han elskar. Den svake blir ofte tyrann

Lars Berg

Dei fire romanane som kom mellom 1936 og 1939 blir rekna som hovudverket hans.

Lars Berg var ein aktiv kulturradikalar. Han var ein av 33 norske forfattarar som skreiv opprop mot Knut Hamsun etter at Hamsun hadde angripe den tyske krigsfangen Carl von Ossietzky, som fekk Nobels fredspris i 1936 (for 1935). Lars Berg vart innbragt av politiet i Oslo då han arrangerte demonstrasjon mot Mussolini etter Italias invasjon i Etiopia i mai 1936. Saman med mellom andre Arnulf Øverland, Aksel Sandemose og Sigurd Hoel skreiv han dessutan opprop med protestar mot Moskvaprosessane då dei starta i 1936.

I 1936 starta Stalin utreinskninga av meiningsmotstandarar i dei såkalla Moskvaprosessane. Like etter den første rettssaka rykka åtte norske forfattarar, blant desse var Lars Berg, ut med ei melding der dei stempla dødsdommane som justismord. Dei norske forfatterane var mellom dei aller første som protesterte mot Stalin sine utreinskningar.

Lars Berg åtvara tidleg mot nazismen, mest aktivt med talar og foredrag etter ei ferd i Tsjekkoslovakia våren 1938. Då krigen kom til Noreg, vart Berg med i motstandsarbeidet. Han vart teken av Rinnanbanden og sat i fangenskap frå 4. desember 1942 heilt til frigjeringa i 1945. Den lengste tida sat han på Grini. Bøkene hans var forbodne under krigen. Tiden Norsk Forlag vart stengt i 1940, og bøkene av Berg vart fjerna frå forlag, bokhandlarar og bibliotek.

Då Berg slapp ut av fangenskapen drog han attende til Tromsø og etablerte etter kvart framhaldsskole i brakkene i den gamle fangeleiren til tyskarane på Krøkebærsletta i Tromsdalen. Det vart hans pedagogiske og kulturelle «base» dei neste 20 åra.

Etter krigen var det antinazisten og krigsfangen Lars Berg som avduka bysta av Knut Hamsun i Hamarøy kommune i 1961. Han omtala Hamsun som «Noregs største diktar».

Forfattarskapen endre

Lars Berg debuterte med romanen Men det var det ingen som visste – det var ein roman som slo ned som ei bombe da han kom ut i desember 1934. Boka var utselt alt til jul. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap», og dette fekk Aksel Sandemose til å rykke ut med eit forsvar i Rjukan Arbeiderblad 17.12.34 (også trykt i boka «Dikteren og temaet» (1973)): «Med denne romanen har norsk litteratur fått en ny mann som ikke kan avvises. 'Men det var det ingen som visste' behandler et emne som er både farlig og vanskelig, nemlig en manns uduelighet i forholdet til kvinner. Og fenomenet er aldri på noe skandinavisk sprog blitt behandlet så dyktig og inngående som her.»

Året etter gav Lars Berg ut romanen Du er den første kvinne - som også handlar om seksuell feilutvikling. I denne romanen går hovudpersonen til den motsette ytterlegheita, han blir ein Don Juan. Han blir bunde til ei «urkvinne», som har vore barnepike for han. Han har eit nært forhold til henne, og også dei første seksuelle erfaringane sine med henne. Når han skilst frå denne kvinna, får det katastrofale konsekvensar for livet hans vidare: Umedvite søker han etter henne, han går frå den eine til den andre og fell ikkje til ro nokon stader. Romanen vekte stor merksemd, stor forarging, og stort sal. Bokkritikar, dosent Harald Elovsson samanlikna Lars Berg med den engelske diktaren D. H. Lawrence i «Folkskollärarnas tidning» 20.05.39: «Det finns i boken flera erotiska scener, givna med en fyllig och sund sensualism, som kan föra tanken till den engelska diktaren.»

Dei fire romanane som kom mellom 1936 og 1939 blir rekna som Lars Berg sine hovudverk. Her følgjer han medlemmar av den same familien gjennom to generasjonar. Hovudpersonen tar utdanning og lærer å kjenne nye tankar. Han kjem attende, og etter kvart får dei nye, radikale tankane fotfeste også i heimbygda. Framsteg i næringsliv og tenkesett blir i den siste boka kopla opp mot Arbeiderpartiets overtaking av politisk makt. Berg var utan tvil inspirert av den nye tida med kriseforlik og Johan Nygaardsvolds sosiale reformer.

Lars Bergs gjennombrott som forfattar kom med romanen Du skal svare (1936). Her fortel Berg historia om familien Skarnes i to generasjonar. Rønnaug Skarnes, som elles er vettig og vakker, fell for den infame psykopaten Kristian Skarnes, som bind henne fast med «ormeauga» sine og den fysiske seksualiteten sin. Skildringa av deira første seksuelle møte er kraftig og konkret, direkte og realistisk, rik på detaljar både på det psykologiske og fysiologiske planet. Og det som skil denne skildringa frå nesten alle liknande framstillingar i norsk litteratur, er skildringa av seksualitet som natur:

«Da hendte noe, han vart vill, rasande. Ho vart nesten sleten ut av alle tankar, slo auga opp og såg eit andlet ho ikkje kjente att. Ho vart mest redd med det same, men så var det brått som ho var i eit uvér. Han sleit klea av henne, ho hørte det revna i dem, han klorte, beit. Ho var så forferd at ho kunde ikkje tenke, kjente bare at no var ho eit fjom i uvéret. Så kvelvde han seg over henne, var som eit fjell, kramsa over henne, klorte, kleip. No, no hendte alt. Ho kjente brått at det var dette uvéret ho hadde ant, ønsket og vore redd, det hadde bare vore borte frå alle tankar. No var ho i det, kjente det var uråd å stri imot, ho gav etter, slappa av i kroppen så det suste og tirte i henne, let han åpne seg.»

Den sterke blir svak når han elskar. Den svake blir ofte tyrann.

Lars Berg gav ut seks romanar etter krigen. Det er breitt anlagde sosialrealistiske romanar frå Nord-Noreg, om organiseringa av fiskarane i Kvinna og havet (1950) og Vi må ro i natt (1951). Med romanen Her er sedejord nok (1954) tar Lars Berg opp temaet menneska og religionen. Sjølv om Berg lar svepa laupe over ryggen på omvendingspredikantane, så er det tydeleg at han skriv om Føraren og Nazistane - sjølv om det er lagt til ei nordnorsk bygd, og med stort innslag av humor og skjemt. Boka vekte stor merksemd og valdsamt rabalder i radio og aviser. Psykologen Ingjald Nissen gav Berg mange lovord for hans forståing og tolking av det som skjer når eit menneske gjev seg over til blind tru: «Han (Berg) behandler en sak - et dyptgående problem - som vitenskapen i to mannsaldre har kjempet med, og som den vel fremdeles er i villrede med, nemlig spørsmålet om hvorledes et diktatur kan vokse opp og stabilisere seg i et samfunn.» (Arbeiderbladet 09.02.55).

Berg debuterte som dramatikar med «Maria» (1959) på Det Norske Teatret. Teaterstykket Petter Dass (1967) blei urframført på Hålogaland Teater i 1984. Dei to siste romanane hans handlar om den finske innvandringa til Nord-Noreg. I romanane Dei varme kjeldene (1966) og Den lange vegen (1967) følgjer vi Thure Granberget frå dei finske skogane til kysten av Nord-Norge. Den tredje romanen, Fritt Menneske låg uferdig då forfattaren døydde i 1969.

Litteraturhistorikar Arild Haaland skreiv følgjande om Lars Bergs forfattarskap i Syn og Segn (1967): «I emneval er bøkene aktuelle og nærverande, og likevel på sida av den litterære hovudstraumen i Noreg i dag. Lars Berg var føre si tid når det gjeld den opne innstillinga til det seksuelle. ... Det som gjer forfattarskapen til ei oppleving fylt av rikdom og ettertanke, er at han tumlar med sentrale og tidlause problem. Vidare er det den generøse innstillinga og det omsynslaust opne som ber skildringane, og det at vi blir førte inn i ei fascinerande, reindyrka handlingsverd.»

Ved 100-årsjubileet for Lars Bergs fødsel blei eit utval av novellene hans gitt ut under tittelen Båten og mannen og andre noveller (2001), og utvalde dikt og prologar blei gitt ut i Steingaren framfor havet (2001).

Målmannen[1] endre

Interessa for nynorsk (landsmålet) blei tidleg vekt hos Lars Berg. 17 år gammal var han elev på Solhov folkehøgskole, og hausten 1919 tok han til på lærarskolen i Tromsø, og her var det mange målfolk, dei tre "fanatikarane" som kom denne hausten var Martin Strømnes, Gunnar Gabrielsen (Garfors) – og Lars Berg.

Frå 1924 var Lars Berg lærar i heimbygda si, Buvika i Hillesøy herad, og i nabokrinsen Sommarøya. Hausten 1929 blei det halde røysting om skolemålet i Buvik krins, og av dei 29 frammøtte røysta 25 for nynorsk. 31. desember 1929 vedtok skolestyret å innføre nynorsk i Buvik skolekrins.

7. juli 1932 kalla Lars Berg saman lærarar frå dei tre nordlegaste fylka til eit møte i Tromsø for å skipe Hålogaland lærarmållag. Laget sendte blant anna ut skriv til alle skolane som berre hadde bokmålsopplæring, og resultatet blei at 12-13 kommunar i Troms og Finnmark, med om lag 200 skolekrinsar, valde å innføre nynorsk som "bimål" (sidemål) i skolen. Laget var også opptatt av å skjerpe krava til nynorskstilen til artium og å få innført prøver i nynorsk til mellomskoleeksamen.

Lars Berg hadde også tankar om å få til ein nynorsk ABC for nordnorske forhold, og Troms fylkesmållag oppmoda han også om å få dette til. Men dette arbeidet blei det ikkje noko av.

I 1934 var Lars Berg med å skipe Noregs lærarmållag. Han flytta til Oslo, og arbeidet i Hålogaland lærarmållag blei ikkje halde fram. Lars Berg var leiar i Noregs lærarmållag til 1935.

Etter krigen kom Lars Berg til Tromsø att, og sommaren 1947 tok han initiativet til å få til eit stort målmøte, eit målting, for Troms, som blei halde i månadsskiftet oktober – november. Dei to viktigaste sakene var oppattskiping av Troms fylkesmållag og "Framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke" som Lars Berg hadde formulert. I dette framlegget var det særleg tilnærmingsformene som Lars Berg slo til lyd for, og det var truleg ein av grunnane til at Nordlys skreiv at tromsdialektane var eit godt grunnlag for samnorsken.

Lars Berg var også aktiv i Noregs Mållag, og i 1961–1964 var han formann i Tromsø og omland mållag. To viktige saker som laget arbeidde med var å få utarbeidd ein grammatikk over dialektane i Troms og stø arbeidet med å gje ut Johan Hvedings "Håløygsk ordsamling". [2]

Landslaget for språklig samling blei skipa i 1959, og laget sette ned ei nemnd som skulle komme med framlegg om ein samlenormal som bygde på tilnærmingsformene i nynorsk og bokmål. Lars Berg var ein av medlemmane i nemnda som leverte Framlegg til samlenormal i 1966.

Lars Berg må nok ha sett at tilnærmings- og samnorsklina ikkje hadde noko framtid, for i 1965 kom han med i ei nemnd som Noregs Mållag sette ned for å komme med tilråding om eit målpolitisk program. Ei samrøystes nemnd skreiv: "Den programmatiske tilnærmingslinja kan ikkje lenger vera ei rettesnor for målreisinga."

Hålogaland teater endre

Lars Berg vert regna som Hålogaland teaters «far». Han lanserte ideen om eit profesjonelt, nordnorsk teater allereie i 1938. Han kjempa utrøytteleg for etablering av teaetret i 30 år, i mange år nesten heilt åleine, og det var han som formulerte slagordet:

Nordnorsk mål på nordnorsk scene

Lars Berg

.

Banebrytar, stridsmann og døropnar endre

Førsteamanuensis Nils Magne Knutsen ved Universitetet i Tromsø oppsummerer Lars Bergs virke slik i boka «Han som gjekk først»: «Ved at han valgte å bli boende nordpå, og ved at han var den krigeren han var, så fikk han en betydning for nordnorsk kulturdebatt og nordnorsk kulturvokster som ingen av de andre forfatterne fikk. Han satt her i Tromsø og var et stadig like hissig uromoment, engasjerte seg, skrev avisinnlegg, kjempet for teater eller hva det nå kunne være. Etter hvert ble han på den måten en hel liten kulturrevolusjon ganske alene». «Lars Berg sto der som et privat stormsenter og insisterte på å være nordlending». «Og det er slik jeg tror han vil bli stående i nordnorsk litteraturhistorie: Som provokatør og banebryter i 1930-åra, som stridsmann i etterkrigstida, og som døråpner for den blomstringa i nordnorsk kulturliv som kom etter hans død».

Prisar endre

Verk endre

  • Men det var det ingen som visste, roman 1934
  • Du er den første kvinne, roman 1935
  • Du skal svare, roman 1936
  • Fire søsken går ut, roman 1937
  • Han som går først, roman 1938
  • Og landet tok til å leve, roman 1939
  • Kvinna og havet, roman 1950
  • Vi må ro i natt, roman 1951
  • Her er sedejord nok, roman 1954
  • Maria, skodespel 1959 (høyrespel 1965)
  • Du har rett til å leve, roman 1965
  • Dei varme kjeldene, roman 1966
  • Den lange vegen, roman 1967
  • Petter Dass, skodespel 1967 (urframført 1984)
  • Båten og mannen og andre noveller, 2001
  • Steingaren framfor havet, dikt 2001

Høyrespel (NRK, Radioteatret) endre

  • Maria (1965)

Litteratur endre

  • Einride Berg: «Lars Berg. Ein bibliografi». Ravnetrykk nr 24, Universitetet i Tromsø (Tromsø 2001, 133 sider)
  • Einride Berg: Etterord. «Steingaren framfor havet». Orkana Forlag 2001
  • Eivind Berggrav: «Magasinet. Bladet som skapte kulturhistorie». Tiden Norsk Forlag 1979
  • Willy Dahl: «Fra 40-tall til 70-tall». Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Willy Dahl: «Norges litteratur» bd. 2. Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Olav Dalgard: «Antipuritanisme - sosial realisme. Om Lars Bergs romandikting». Norsk litterær årbok 1979
  • Jens Harald Eilertsen: «Teater utanfor folkeskikken. Nordnorsk teaterhistorie fra istid til 1971». Orkana forlag (Stamsund 2004, 351 sider)
  • Jens Harald Eilertsen: «Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971-2000». Orkana forlag (Stamsund 2005, 416 sider)
  • Anton Fjeldstad og Olaf Kran (red.): «Ti år med HT». Trohaug Forlag 1981
  • Barbara Gentikow: «En skitten strøm». Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Nordahl Grieg: «Veien frem». Gyldendal Norsk Forlag 1947
  • Klaus Grøneng: «En blodig dokumentasjon fra oppgjøret med Rinnanbanden». Midt Norsk Forlag 1950
  • Bjørn Hall-Hofsø: «Nordnorsk amatørteater gjennom 25 år». HATS 1979
  • Arvid G. Hanssen: «Arbeideren i norsk diktning». Tiden Norsk Forlag 1960
  • Arild Haaland: «Lars Berg - ein studie i det radikalt kroppslege». Syn og Segn 1967
  • Asbjørn Jaklin: «Nordlendinger til tusen 2: Vår egen tid». 2001
  • Asbjørn Jaklin: «Historien om Nord-Norge». Gyldendal 2004
  • Asbjørn Jaklin: «De dødsdømte». Gyldendal 2011
  • Nils Magne Knutsen: «Norsk biografisk leksikon». Kunnskapsforlaget 1999
  • Nils Magne Knutsen: Forord «Båten og mannen og andre noveller». Tiden Norsk Forlag 2001
  • Petter Larsen: «Da så de våren komme». Tiden Norsk Forlag 1983
  • Aud Kirsti Pedersen: "Målmannen Lars Berg - organisasjonsmannen". Ravnetrykk nr 31, 2004, s. 116-132
  • Nils Johan Ringdal: «Ordenes pris. Den Norske Forfatterforening 1893-1993». DNF 1993
  • Nils Johan Rud: «Av et halvt hundre år». Gyldendal Norsk Forlag 1973
  • Arne Stai: «Norsk kultur- og moraldebatt i 1930 årene». Gyldendal Norsk Forlag 1954
  • Finn Stenstad: «Fram fra de hundrede mile». Universitetsforlaget 1992
  • Aud Tåga og Helge Stangnes (red.): «Han som gjekk først. Forfattaren, skolemannen og kulturforkjemparen Lars Berg». Ravnetrykk nr 31, Universitetet i Tromsø (Tromsø 2004, 200 sider)
  • Nils A. Ytreberg: «Tromsø bys historie» bd. III. 1971
  • «Troms, bygd og by i Norge». Gyldendal Norsk Forlag 1979
  • «Tromsø gjenom 10000 år» bd. 3 og 4. Tromsø kommune 1994

Fotnotar endre

  1. Aud Kirsti Pedersen: "Målmannen Lars Berg - organisasjonsmannen". Ravnetrykk nr 31, 2004, s. 116-132
  2. Nordlys, torsdag 13. juni 1963: "Grammatikk over Troms-dialekter ferdig i 1964" [1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre