Rockemusikken kom til Noreg i kjølvatnet av rock'n'roll-revolusjonen i USA og Storbritannia i slutten av 1950-åra. Artistane og plateutgjevingane var i stor utstrekking kopiar av dei utanlandske førebileta. Blant dei fremste gruppene i 1960-åra var The Beatniks, Vanguards og The Pussycats, som for det meste song på engelsk. Òg progressive rockgrupper i 1970-åra, t.d. Junipher Greene, Aunt Mary og Popol Ace, uttrykte seg på engelsk, medan norsk språk lenge berre vart nytta i den meir tradisjonelle slager- og popmusikken. Fleire utøvarar hadde likevel ein fot i kvar «leir», t.d. New Jordal Swingers og Jahn Teigen. Norsk rock fostra raskt ei rekkje dugelege musikarar, men naturleg nok var uttrykket sterkt prega av det anglo-amerikanske utgangspunktet til musikkforma.

Åge Aleksandersen var ein pioner innan rock på norsk i 1970-åra

Frå midten av 1970-åra vart det etter kvart akseptabelt å synge på norsk, og det vart òg eksperimentert med element frå folke- og gammaldansmusikk. Den fremste pioneren for rock på norsk var nok «trønderrockeren» Åge Aleksandersen. Elles var det mange som henta inspirasjon frå den svensken progressive musikkrørsla og frå britisk folkrock.

I kjølvatnet av Woodstock-festivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970 vart det satsa på festivalar og store utandørskonsertar i Noreg òg. Kalvøyafestivalen i Sandvika vart arrangert første gongen i 1971 og siste gongen i 1997, Ragnarock gjekk av stabelen i Holmenkollen 1973/74 og på Ullevål stadion i 1975, og Norwegian Wood i Oslo og Quart-festivalen i Kristiansand starta begge opp i 1992 og har vakse seg større år for år. Dessutan blir det arrangert ei mengd store og små festivalar rundt om i landet. Mellom anna er bluesmiljøet i Noreg svært aktivt i så måte, og Notodden Bluesfestival, som vart halde første gongen i 1988, er den største i Skandinavia.

Byrjinga av 1980-åra var prega av sterk påverknad frå britisk punk og new wave, med grupper som Stavangerensemblet, Kjøtt, Raga Rockers, De Press, The Aller Værste!, Can Can og The Monroes. Sistnemnde vart freista lansert i utlandet, utan særleg hell. Betre gjekk det med a-ha, som med sin melodiøse poprock fekk eit stort internasjonalt gjennombrot i 1985.

Utviklinga sidan har enno å reflektere det som skjer internasjonalt, med ein rik flora av stilretningar og blandingsformer. Blant grupper som har vore framtredande i nyare norsk rock kan nemnast DumDum Boys, deLillos, Mercury Motors, The September When, Bel Canto, Dance With a Strangar, Velvet Belly, Seigmen, CC Cowboys, Hellbillies, D.D.E., Clawfinger, Motorpsycho, Briskeby, Turboneger, Madrugada og Kaizers Orchestra. Særleg dei tre sistnemnde har òg fått eit publikum i fleire europeiske land. Dette gjeld i høgaste grad òg fleire grupper innan black metal, ei stilretning der norske utøvarar som Dimmu Borgir og Satyricon er blant dei heilt store namna. Internasjonal merksemd er elles vorte dugelege popartistar som Lene Marlin og Sondre Lerche til del, omfram elektronikaduoen Röyksopp og den samiske «verdsmusikaren» Mari Boine.

Blant soloartistene er det fleire som nyt høg heider både hos publikum og kritikarar, t.d. Anne Grete Preus, Lynni Treekrem, Jonas Fjeld, Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland, Jørn Hoel, Steinar Albrigtsen, Unni Wilhelmsen, Bertine Zetlitz, Thomas Dybdahl og Maria Mena. Nemnast må òg eit knippe veletablerte artistar som vanlegvis blir kalla visesongarar, men som sjangermessig famnar vidare, nemleg Kari Bremnes, Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen, Halvdan Sivertsen, Øystein Sunde og Ole Paus.

Dei seinare årane har rocken òg fått heider av styresmaktene, i form av, rett nok avgrensa og omdiskuterte, løyvingar til klubb- og kursverksemd, festivalar og liknande.

Kjelder endre