Odetta

amerikansk songar
(Omdirigert frå Odetta Holmes)

Odetta Holmes (31. desember 19302. desember 2008), best kjend under artistnamnet Odetta, var ein afroamerikansk songar som song amerikansk folkemusikk, blues og spirituals.[1]

Odetta

Odetta i 1961
Fødd31. desember 1930
FødestadBirmingham i Alabama
Død2. desember 2008 (77 år)
DødsstadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1944–2005
Sjangerfolkemusikk, jazz-blues, countryblues, pop
Instrumentgitar, tangentinstrument, vokal
PlateselskapFantasy Records, Tradition Records, RCA Records, Fast Folk
Verka somsongar, skodespelar, gitarist, fjernsynsskodespelar, låtskrivar, plateartist
PrisarNational Medal of Arts, War Resisters League Peace Award, Library of Congress Living Legend

Ho var kjend som røysta til borgarrettsrørsla, og påverka artistar som Joan Baez, Bob Dylan, Janis Joplin,[1] Steve Earle, Kris Kristofferson og Harry Belafonte.[2]

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Odetta Holmes vart fødd i Birmingham i staten Alabama, men voks opp i Los Angeles. Foreldra hennar var Flora Sanders og Reuben Holmes. Faren hennar døydde då ho var svært ung og mora gifta seg på nytt og gav borna sine etternamnet til stefaren, Zadock Felious, og heile familien flytta til Los Angeles. Då var Odetta seks år.[3]

Odetta byrja tidleg å ta både song- og pianotimar. Då ho byrja på ungdomsskulen forstod ho sjølv kva for eit songtalent ho hadde. Ho utvikla røysta si til å beherska eit register frå sopran til baryton.[4] Ho studerte opera ved Belmont High School og gjekk deretter på kveldsskule ved Los Angeles City College samtidig som ho arbeidde som reinhaldar.[5] Mora hadde håpa at ho skulle følgja i fotspora til Marian Anderson, men Odetta tvilte på at ei kraftig, mørkhuda jente som henne nokon gong kunne opptre ved Metropolitan Opera.[4]

Karriere endre

I 1944 debuterte ho profesjonelt som medlem av Hollywood-ensemblet Turnabout Puppet Theatre. Der var ho i fire år, og arbeidde mellom anna i lag med Elsa Lanchester. I 1949 vart ho med på den nasjonale turneen til musikalen Finian's Rainbow. I løpet av turneen vart ho kjend med nokre «entusiastiske unge visesongarar» i San Francisco, og etter 1950 konsentrerte ho seg om folkemusikk.[6]

Ho vart kjend gjennom opptredenar på nattklubbar som Blue Angel i New York og «hungry i» i San Francisco. Det første albumet hennar The Tin Angel frå 1954 vart delvis spelt inn på nattklubben Tin Angel i San Francisco, og inneheld spirituals og bluessongar ho framførte saman med Larry Mohr.[7] Då ho song på Gate of Horn i Chicago vart ho oppdaga av Al Grossman, som vart manageren hennar. Han skaffa henne kontrakt med plateselskapet Tradition, som gav ut At the Gate of Horn i 1957.[5]

Pete Seeger og Harry Belafonte talte varmt for henne tidleg i karrieren. I 1959 opptredde ho på Tonight with Belafonte, eit tv-program sendt i heile USA. Ho framførte «Water Boy» og ein duett med Belafonte, «There's a Hole in My Bucket».[8] I 1961 fekk nådde dei to 32. plassen på den britiske singellista med denne songen.[9] Etter tv-opptredenen fekk ho ny kontrakt med Vanguard og heldt ein oppsiktsvekkande opptreden på Newport-festivalen.[5] I 1963 kom albumet Odetta sings Folk songs, som vart det mest populære og meste selde albumet det året.

 
Odetta på scenen, Civil Rights March on Washington, D.C., 28. august 1963

Odetta var engasjert i borgarrettsrørsla i USA, og marsjerte saman i Martin Luther King i Selma i Alabama.[4] King kalla henne «The Queen of American Folk Music», dronninga av amerikansk folkemusikk.[10] Den kjende borgarrettsaktivisten Rosa Parks sa ein gong at dei viktigaste songane for henne var «All the songs Odetta sings». Under March on Washington i 1963 framførte Odetta den minnerike «O Freedom».[11] Ho opptredde også for president Kennedy.[3]

Artistar som Bob Dylan, Joan Baez, Joan Armatrading og Janis Joplin skal ha vorte inspirert av musikken hennar.[1][4] «The first thing that turned me on to folk singing was Odetta», uttalte Bob Dylan i 1978.[3] Odetta skulle òg verta ein støttespelar for Dylan, og spelte inn eit album med songane hans i 1965.[5]

 
Odetta ved Burg Waldeck-Festival i Tyskland i 1968.

Odetta utvida etterkvart det musikalske lydbildet sitt med band-arrangement på fleire album i staden for å spela åleine på gitar som ho hadde gjort før. Ho gav ut musikk med eit meir jazz-aktig preg på album som Odetta and the Blues (1962) og Odetta (1967). I 1968 gav ho endå ein oppsiktsvekkande opptreden ved ein minnekonsert for Woody Guthrie.[12]

I tillegg til å opptre musikalsk spelte Odetta også i filmar, som Cinerama Holiday (1955); ei filmatisering av William Faulkner sin roman Sanctuary (1961); og The Autobiography of Miss Jane Pittman (1974). I 1961 opptredde ho i ein episode av tv-serien Have Gun, Will Travel, der ho spelte kona til ein mann som var dømd til å hengjast.[13]

I 1976 opptredde Odetta i ein opera for tohundreårsjubileet til USA, Be Glad Then, America av John La Montaine. Ho var Muse for America, og opptredde saman med Donald Gramm, Richard Lewis og Penn State University Choir og Pittsburgh Symphony. Oppsettinga var regissert av Sarah Caldwell, leiaren for Opera Company of Boston.

I 1982 var Odetta artist-in-residence ved The Evergreen State College i Olympia i Washington.[14]

Ho var gift fleire gonger, først med Dan Gordon og deretter Gary Shead.[4] I 1977 gifta ho seg med bluesmusikaren Louisiana Red og dei budde ei tid i Hamburg i Tyskland.[15]

Seinare karriere endre

 
Odetta & Liam opptrer igjen ved Clonmel Junction Festival i 2006.
 
Odetta ved Kent State Folk Festival i 2006.

I tjueårsperioden frå 1977 til 1997 gav Odetta ut to album: Movin' It On i 1987 og ein ny versjon av Christmas Spirituals, produsert av Rachel Faro, i 1988.

I 1998 vende ho tilbake til å spela inn musikk og turnera. Den nye CD-en To Ella vart spelt inn live og dedisert til vennen hennar Ella Fitzgerald etter at Odetta hadde høyrt om dødsfallet hennar før ho gjekk på scena,[16] og kom ut i 1998 på Silverwolf Records. Deretter følgde tre nye utgjevingar på M.C. Records i lag med pianist/arrangør/produsent Seth Farber og plateprodusent Mark Carpentieri. Desse var Blues Everywhere I Go, ein blues/jazz-bandtributt til dei store kvinnelege bluessongarane frå 1920- og 1930-åra som vart nominert til Grammy-prisen 2000; Looking for a Home, ein tributt til Lead Belly som vart nominert til W.C. Handy-prisen 2002, , og Gonna Let It Shine, eit livealbum med gospel og spirituals med bidrag frå Seth Farber og The Holmes Brothers som vart nominert til Grammy-prisen 2007. Desse innspelingane og den aktive turneringa førte til at Odetta også hadde gjesteopptredenar på fjorten nye album av andre artistar mellom 1999 og 2006, medan 45 eldre Odetta-album og samlealbum vart gjevne ut.

I midten av september 2001 opptredde Odetta med Boys' Choir of HarlemLate Show with David Letterman då programmet tok til att etter ein pause forårsaka av terroråtaka den 11. september. Dei framførte «This Little Light of Mine».

24. mars 2007 vart det halde ein æreskonsert for Odetta ved Rachel Schlesinger Theatre arrangert av World Folk Music Association med live og filma bidrag frå Pete Seeger, Madeleine Peyroux, Harry Belafonte, Janis Ian, Sweet Honey in the Rock, Josh White Jr., Peter, Paul and Mary, Oscar Brand, Tom Rush, Jesse Winchester, Eric Andersen, Wavy Gravy, David Amram, Roger McGuinn, Robert Sims, Carolyn Hester, Donal Leace, Marie Knight, Side by Side og Laura McGhee.[17]

Ho turnerte i Nord-Amerika i 2006 og 2007 i samband med utgjevinga av albumet Gonna Let It Shine. I 2007 drog Odetta på ein omfattande turné, Fall Concert Tour i Songs of Spirit-tilstellinga, som omfatta artistar frå heile verda.

Siste året endre

Sommaren 2008, då ho var 77, la Odetta ut på ein ny nordamerikansk turné der ho song frå ein rullestol.[18][19] Songar ho framførte i seinare år var mellom anna «This Little Light of Mine (I'm Gonna Let It Shine)»,[20] Lead Belly-songen «The Bourgeois Blues»,[20][21][22] «(Something Inside) So Strong», «Sometimes I Feel Like a Motherless Child» og «House of the Rising Sun».[19]

Ho opptredde i New York den 30. juni 2008 ved The Bitter End, ein æreskonsert for Liam Clancy. Den siste større konserten, med tusentals folk i publikum, var i Golden Gate Park i San Francisco den 4. oktober 2008, ved Hardly Strictly Bluegrass Festival.[23] Den siste opptredenen hennar var Hugh's Room i Toronto den 25. oktober[23]

I november 2008 byrja helsa til Odetta å skranta, og ho fekk behandling ved Lenox Hill Hospital i New York. Ho hadde planlagt å opptre ved innsetjinga av Barack Obama som president i januar 2009,[23][24] men døydde av hjartesjukdom den 2. desember 2008 i New York.[23][25][26]

Ved ei minnegudsteneste for henne i februar 2009 ved Riverside Church i New York var deltakarar mellom anna Maya Angelou, Pete Seeger, Harry Belafonte, Geoffrey Holder, Steve Earle, Sweet Honey in the Rock, Peter Yarrow, Maria Muldaur, Tom Chapin, Josh White Jr. (sonen til Josh White), Emory Joseph, Rattlesnake Annie, Brooklyn Technical High School Chamber Chorus, med filma bidrag frå Tavis Smiley og Joan Baez.[27]

Prisar og utmerkingar endre

Odetta vart tildelt «National Medal of the Arts» i 1999 og Library of Congress' «Living Legend Award» i 2005.[1]

29. september 1999 gav president Bill Clinton Odetta ærestilvisinga National Medal of Arts. I 2004 vart ho æra ved Kennedy Center med ein «Visionary Award», der Tracy Chapman opptredde. I 2005 gav Library of Congress henne sin «Living Legend Award».

I desember 2006 gav Winnipeg Folk Festival Odetta sin «Lifetime Achievement Award». I februar 2007 gav International Folk Alliance henne prisen «Traditional Folk Artist of the Year».

Plateutgjevingar endre

  • 1956: Odetta Sings Ballads & Blues
  • 1957: Odetta At the Gate of Horn
  • 1960: My Eyes Have Seen
  • 1960: Ballad For Americans'`'
  • 1960: Odetta At Carnegie Hall
  • 1960: 1960 Christmas Spirituals
  • 1962: Odetta At Town Hall
  • 1962: Odetta and The Blues
  • 1962: Sometimes I Feel Like Cryin'
  • 1963: One Grain Of Sand
  • 1963: The Tin Angel (med Larry Mohr)
  • 1963: Odetta Sings Folk Songs
  • 1964: It's A Mighty World
  • 1964: Odetta Sings Of Many Things
  • 1965: Odetta Sings Dylan
  • 1966: Odetta In Japan
  • 1967: Odetta
  • 1967: The Best Of Odetta
  • 1970: Odetta Sings
  • 1976: Odetta At The Best Of Harlem
  • 1987: Movin' It On
  • 1987: The Essential Odetta
  • 1988: Christmas Spirituals
  • 1998: To Ella
  • 1999: Blues Everywhere I Go
  • 2001: Looking For a Home

Live albums endre

  • 1960 Odetta at Carnegie Hall Vanguard VSD2072
  • 1962 Town Hall Vanguard VSD2109
  • 1966 Odetta in Japan RCA LSP3457
  • 1973 The Essential Odetta (kombinasjon av Carnegie Hall & Town Hall)
  • 1976 Odetta at the Best of Harlem
  • 1998 To Ella (også gjeve ut som Odetta & American Folk Pioneer)
  • 2002 Women in (E)motion
  • 2005 Gonna Let It Shine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kreps, Daniel (3. desember 2008). «'Folk Singer And Civil Rights Activist Odetta Dead at 77'». Rolling Stone. Henta 14. mars 2016. 
  2. Writer, Russ Corey Staff. «Yeager: Odetta would be proud to return to changed Alabama». TimesDaily (på engelsk). Henta 14. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Odetta, Voice of Civil Rights Movement, Dies at 77». New York Times. 3. desember 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Weil, Martin; Adam Bernstein (4. desember 2008). «Odetta: Matriarch for Generation of Folk Singers». The Washington Post. s. B6. Henta 4. desember 2008. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Odetta: Inspirational singer of American folk music who lent her voice to the civil-rights movement». The Independent. 4. desember 2008. 
  6. Odetta biography, 1956: back cover of Sings Ballads and Blues.
  7. «Fantasy 3-15». The Billboard (The Billboard Publishing Co.). 18. september 1954. Henta 20. juni 2019. 
  8. «Odetta- American Folk Music Pioneer». Arkivert frå originalen 6. januar 2009. 
  9. «Artists». Officialcharts.com. Henta 26. oktober 2019. 
  10. «Archived copy». Arkivert frå originalen 18. august 2017. Henta 13. august 2006. «The Queen of American Folk Music» 
  11. «The World Today - World mourns passing of Odetta». Abc.net.au. Henta 26. oktober 2019. 
  12. «Woody Guthrie - The Tribute Concerts». Woodyguthrie.org. Woody Guthrie Publications, Inc. Henta 28. januar 2019. 
  13. "The Hanging of Aaron Gibbs", imdb.com
  14. «Folk as the Sound of Self-Liberation: The Career and Performance Identity of Odetta». Zapruder World. Henta 3. september 2020. 
  15. «Louisiana Red: Blues singer and guitarist who found fame at Montreux», The Independent (på engelsk), 1. mars 2012, henta 3. oktober 2020 
  16. Rogers, Jude (3. desember 2008). «Grit, guts and glory». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 30. januar 2017. 
  17. «Nvcc.edu». Arkivert frå originalen 17. desember 2008. 
  18. «Lark Street BID». 7. juni 2008. Arkivert frå originalen 7. juni 2008. 
  19. 19,0 19,1 Malachowsky, David. "A Frail Odetta Is Strong, Sure, Confident. Albany Times-Union. Blogs.timesunion.com. Vitja 23. juli 2008.
  20. 20,0 20,1 «Odetta Landing». 15. juni 2006. Arkivert frå originalen 15. juni 2006. 
  21. Odetta- Bourgeois Blues (2006)YouTube. Vitja 23. juli 2008.
  22. Odetta Live in concert 2005, "Bourgeois Blues"YouTube. Vitja 23. juli 2008.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Weiner, Tim (December 3, 2008). «Odetta, Voice of Civil Rights Movement, Dies at 77». The New York Times (3. desember). Henta 3. desember 2008. 
  24. Michaels, Sean (1. desember 2008). «Odetta survives kidney failure». Theguardian.com. Henta 26. oktober 2019. 
  25. «Archived copy». Arkivert frå originalen December 4, 2008. Henta December 3, 2008. 
  26. «US Folk Icon Odetta Dies Aged 77». BBC News (desember 3). 4. desember 2008. Henta 3. desember 2008. 
  27. Ryzik, Melena (26. februar 2009). «Remembering Odetta, Who Sang of Freedom». New York Times.