Tretåspett

fugleart
(Omdirigert frå Picoides tridactylus)
Tretåspett
Tretåspett
Tretåspett
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av tretåspett
Utbreiinga av tretåspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Picinae
Slekt: Picoides
Art: Tretåspett P. tridactylus
Vitskapleg namn
Picoides tridactylus

Tretåspett (Picoides tridactylus) er ei lita spette og medlem av spettefamilien, Picidae. Arten har utbreiing frå Fennoskandia over Sibir til Kamtsjatkahalvøya og Japan. I Noreg er han ein fåtalig hekkefugl i austafjells og nord til indre Finnmark.

Utsjånad endre

I hekkeområdet sitt er den vaksne hannen umisskjenneleg fordi han er den einaste svarte og kvite spetta i sin storleik som heilt saknar raudt eller rosa i fjørdrakta og som har gul isse. Vaksne tretåspetter er 21,5-24 cm lange og har eit vengespenn på 32-35 cm. Fuglane er svarte på hovudet, vengane og overgumpen, og kvite frå halsen til magen. Sidene er kvite med svarte striper. Ryggen er kvit med svarte render og velet er svart med kvite ytterfjør med svarte striper. Hannen har gul isse.

Flukta er kraftig bogeforma. I fallfasen vert vengane lagt tett inntil kroppen. Ved plutselege vendingar kan ein merke tydeleg vengesus.

Læte

Tretåspetta er ein relativt taus spett. Fuglen høyrest lite og alle lydytringar, også tromminga, er relativt svake. Vanlegaste læta er ei som liknar flaggspett men er meir dempa, og kan skrivast gyg eller gygg, iblant også eit hardare kyk. I skrattet, som er noko langsamt, kjem fleire etterfølgjande element oftast i lett fallande tone på kvarandre. Arten har også ei rad triller og andre lydyttringar. Tromminga, som kjem frå begge kjønn, er mykje lik kvitryggspetta. Dei einskilde trommesekvensane er lange, i middel 1,3 sekund for 20 slag, og frekvensen av de siste 5 slaga er tydeleg akselererte. Dette gjer at ein kan skilje arten frå kvitryggspetta. Spetter som dannar par meddeler seg til kvarandre med langsame trommekvervlar.

Utbreiing endre

 
Utbreiing i Europa

Arten har ei sirkumpolar utbreiing i taigaen i holarktis. Fuglen hekkar i det nordlege barskogsbeltet frå nordaust i Polen, Baltikum og midtre Skandinavia austover til Kamtsjatka, Sakhalin og Hokkaido. Isolert frå det store samanhengande utbreiingsområdet finst bestandar i Tibet og vestre Kina, særskilt i Tien Shan, liksom i visse fjelltrakter i Europa. Dei mellomeuropeiske og sørausteuropeiske utbreiingsområda, som vert sett på som leivningar frå Weichsel-istida, omfattar subalpine til alpine trakter i Alpane, Karpatane, dei dinariske Alpane og Rodopifjella. Det er truleg at hekking framleis førekjem i somme fjelltrakter i Hellas.

Førekomst i Noreg

I Noreg reknar ein med 2 150 – 4 700 hekkande par per 2015.[1] Etter som tretåspetta er ein utprega skogsart som likar gammal gran- og blandigsskog samt fjellbjørkeskog med stort innslag av daude tre er det truleg at arten går attende i samsvar med intensiv skogsdrift. Fuglen hekkar relativt fåtalig austafjells i Sør-Noreg frå Aust-Agder og Telemark og nordover. Frå Trøndelag og nordover er han nokså vanleg. På Vestlandet førekjem arten sporadisk. Tretåspetta er ein utprega barskogsfugl som først og fremst finst i gammal granskog med turre tre. I høgareliggjande område og i Nord-Noreg kan fuglen treffast regelmessig i furuskogar og også i blandingsskog av furu og bjørk. Av og til kan spetta hekke i rein fjellbjørkeskog. Tretåspetta vert sedd som den mest trelevande av alle spetter, og praktisk tala all næring vert henta frå meir eller mindre daude tre. Sjølv om fuglen er lite sky kan han vere vanskeleg å få auge på. Han ringar ofte grantre om våren for å ete kvae; då hakkar han små hol i borken sli at det dannar seg horisontale rekker rundt stomnen. Hannen har kraftigare nebb enn hoa og søker etter næring lågare og på tjukkare stomnar enn hoa. Dette er særskilt tydeleg om vinteren då næringsbehovet er størst. Utanfor hekketida held tretåspettene seg kvar for seg eller to i lag og forsvarar territorium, ofte langt frå hekketerritoriet. Storleiken på slike vinterterritorium er omvendt proporsjonal med næringstilgangen, og der det er god tilgang på daude tre kan territoriet gjerne vere kring 5 hektar.

I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[1]

Hekking endre

 
Tretåspett i Polen
Foto: Jakub Hałun

I Sør-Noreg vil paret ha gammal barskog som hekkehabitat. I motsetnad til andre spetter, som hakkar reirhol i lauvtre, vel tretåspetta oftast gran. I Nord-Noreg er daude furuer dei vanlegaste reirtrea. Innanfor territoria søker hannen og hoa mat til reirungane i ulike delar av området, truleg for å nytte området maksimalt. Tretåspeta hakkar ut reirhol som er nær sirkelrundt, om lag 4,5 cm i diameter, og gjerne nær 2 m over marka. Hoa legg 4-5 kvite egg i mai-juni og begge foreldra rugar. Ungane vert klekte etter 11 døgn. 22-25 dagar gamle flyg dei frå reiret, men treng framleis foreldra i over ein månad.

Føde endre

Fuglen et framfor alt insekt som han finn gjennom å hakke eller pirke i borken på daude eller sterkt skadde tre. Larvar, pupper og kjønnsmogne individ av borkbiller, snutebiller, trebukkar og trekveps spelar stor rolle i arten sin næringsveg. Spetta et lite av vegetabilsk føde, men i knappe tider et ho granfrø, kanskje som komplement til den vanlege maten. Eit viktig innslag i matsøket er at tretåspetta (til liks med andre spetter på andre tre) lagar små hol i ring rundt granstomnar for å suge ut sevje. Truleg vert også ungane mata med noko sevje.

Trekktilhøve endre

Tretåspettene er i hovudsak standfuglar. Mange flyg likevel sørover om hausten slik at bestanden i Sør-Noreg er størst om vinteren. Av og til kan arten opptre invasjonsaktig. Tretåspetter som er skotne vinterstid i Noreg, Sverige og Finland er større enn fuglane som held seg her om sommaren, noko som tyder på trekk av større fuglar frå taigaområda i Nord-Russland.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av tretåspett Picoides tridactylus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 23. januar 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tretåspett

«tretåspett» av Olav Hogstad i Store norske leksikon, snl.no.