17. mai
dato
(Omdirigert frå Syttende mai)
- For den norske høgtidsdagen, sjå Den norske grunnlovsdagen.
17. mai er den 137. dagen i den gregorianske kalenderen (138. under skotår). Det er 228 dagar att av året.
Merkedag
endreNasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreDen nauriske grunnlovsdagen, til minne om grunnloven landet fekk i 1968. | Den norske grunnlovsdagen, feira sidan om lag 1814 til minne om at landet fekk eigen grunnlov og til støtte for norsk identitet og sjølvstende. |
- Dagen for galisisk litteratur, feira sidan 1963 til minne om den første boka som kom ut på galisisk, Cantares Galegos av Rosalía de Castro frå 1863.
Religiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 17. mai i 2024:
Namnedag
endreNoreg | Harald og Ragnhild |
Sverige | Rebecka og Ruben |
Danmark | Bruno |
Helgendag i den katolske kyrkja
endre- Den heilage Paschalis Baylón
- Den heilage Madron
- Den heilage Restituta av Kartago
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1521: Edward Stafford, hertug av Buckingham, vart avretta for landssvik.
- 1590: Anne av Danmark vart krona til dronning av Skottland.
- 1642: Paul Chomedey skipa den kanadiske byen Montréal.
- 1673: Louis Joliet og Jacques Marquette byrja utforskinga av Mississippielva.
- 1775: Den amerikanske revolusjonen: Kontinentalkongressen forbaud handel med Canada.
- 1792: Børsen i New York vart skipa.
- 1809: Napoleon I av Frankrike gav ordre om annekseringa av Pavestatane til det franske imperiet.
- 1814: Okkupasjonen av Monaco gjekk frå franske hender til austerrikske.
- 1846: Adolphe Sax fekk patent på saksofonen.
- 1900: Boerkrigen: Britiske troppar kom til Mafeking.
- 1902: Arkeologen Spyridon Stais fann Andikýthera-mekanismen.
- 1915: Den siste regjeringa til det britiske liberale partiet med Herbert Henry Asquith braut saman.
- 1940: Andre verdskrigen: Tyskland okkuperte den belgiske hovudstaden Brussel.
- 1943: Den amerikanske hæren gav Moore School ved University of Pennsylvania kontrakt for å utvikla ENIAC.
- 1967: Seksdagarskrigen: President Abdul Nasser av Egypt kravde at den fredsbevarande utrykningsstyrken til SN i Egypt skulle trekkja seg ut.
- 1969: Sovjetiske Venera 6 kom inn i atmosfæren til planeten Venus og sende atmosfæriske data attende før han vart knust av høgt trykk.
- 1970: Thor Heyerdahl siglder frå Marokko på papyrusbåten Ra II for å kryssa Atlanterhavet.
- 1973:Høyringa i Watergateskandalen byrjar i det amerikanske senatet og vart synte på fjernsyn.
- 1974: Politiet i Los Angeles i California blitza Den symbionesiske frigjevingshæren sitt hovudkvarter og drap seks medlemmer.
- 1974: Konflikten i Nord-Irland: Trettitre menneske mista livet av bomber i Dublin og Monaghan i Irland.
- 1983: Libanon, Israel og Sambandsstatane skreiv under på israelsk attendetrekking frå Libanon.
- 1987: Krigen mellom Iran og Irak: Den amerikanske fregatten USS Stark (FFG-31) vart treft av ein rakett frå ein irakisk Mirage-jagar. Trettisju soldatar mistar livet og 21 vart skada.
- 1990: Verdas helseorganisasjon strauk homoseksualitet frå lista over sinnssjukdommar.
- 1993: Rebecca Stephens vart den første kvinna som klatrar til topps på Mount Everest.
- 1995: Jacques Chirac vart president av Frankrike etter 18 år som borgarmeister av Paris.
- 1999: Ehud Barak vart vald som statsminister i Israel.
- 2004: Homofilt giftarmål vart lovleg i Massachusetts.
Noreg
endre- 1814: Den norske grunnlova blei underskriven.
- 1829: Torgslaget i Christiania. Opplaup då kavaleri og fotjegarar vart sett inn mot allmugen på Stortorvet.
- 1885: Molde domkyrkje brann ned til grunnen etter at tårnet vart treft av eit saluttskot.
- 1933: Vidkun Quisling og Johan Bernhard Hjort stifta Nasjonal Samling, det fascistiske partiet i Noreg.
- 1990: Fedrelandspartiet blei stifta.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 17. mai.
- 1749: Edward Jenner, britisk lækjar
- 1783: Cleng Peerson, norsk-amerikansk utvandringspioner
- 1866: Erik Satie, fransk komponist
- 1897: Odd Hassel, norsk kjemikar
- 1900: Ruhollah Khomeini, iransk politikar
- 1903: Ivar Kleiva, norsk forfattar
- 1950: Janez Drnovšek, slovensk politikar
- 1959: Enya, irsk songar
- 1978: Mirjam Kristensen, norsk forfattar
- 1987: Edvald Boasson Hagen, norsk syklist
Døde
endre- Sjå òg Døde den 17. mai.
- 1189: Minamoto no Yoshitsune, japansk krigsherre
- 1336: Keisar Go-Fushimi av Japan
- 1510: Sandro Botticelli, italiensk målar
- 1727: Katarina av Russland
- 1765: Alexis Claude Clairault, fransk matematikar
- 1829: John Jay, den første høgsterettsdommaren i USA
- 1838: Maurice de Talleyrand, fransk diplomat
- 1880: Christen Andreas Fonnesbech, dansk jurist og statsminister
- 1927: Thomas Nicolay Fearnley, norsk næringsdrivar
- 1935: Paul Dukas, fransk komponist
- 1987: Gunnar Myrdal, svensk økonom
- 1989: Hallvard Eika, norsk politikar
- 2003: Edith Carlmar, norsk filmskapar
- 2012: Jon Istad, norsk idrettsmann
- 2012: Donna Summer, USA-amerikansk songar