Hovudside

Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 4. november 2024 (oppdater)


Nynorsk Wikipedia har no 171 793 artiklar


America i 1976.

America er eit USA-amerikansk rockeband som vart skipa i 1970 av Dewey Bunnell, Dan Peek og Gerry Beckley. Dei tre medlemmane møtte kvarandre først i London, der dei byrja å halde konsertar i lag. America vart særleg populært i 1970-åra, og var kjent for dei tette harmonivokalane og den akustiske viserockstilen sin. Gruppa gav ut ei rekkje hitalbum og singlar, som vart spelt på mange radiostasjonar.

Bandet kom saman etter at medlemmane var ferdig med vidaregåande skule og fekk ein platekontrakt med Warner Bros. Records. Debuplata, America frå 1971, gav gruppa dei store hittane «A Horse with No Name» og «I Need You». I løpet av fire tiår har gruppa fortsett å spele inn musikk og dratt på turnear. America er innlemma i Vocal Group Hall of Fame og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Les meir …

Førre tre vekene:

SuboticaSkotsk musikkSurfôr


Dagens skandinaviske artikkel
Foto fra 1935.

Helleristningene på Evenhus er et helleristningsfelt med 100 figurer i Frosta kommune i Trøndelag. Blant figurene er det 40 båter, 22 hjortedyr og 11 hvaler. Denne sammensetningen av ulike arter gjenspeiler fangstlivet på sjø og land på stedet.

I Trøndelag møtes de nordlige veideristningene og de sørlige jordbruksristningene i de samme landskapene. De kan finnes i samme område og en sjelden gang på samme bergflate. Evenhus er ett av disse stedene. Her er skålgroper, ringer og en båt i bronsealderens billedtradisjon risset inn over de eldre veideristningene. Feltet ligger 23 meter over havet, og med tanke på landhevningen er feltet derfor forholdsvis ungt til å være veideristninger. Helleristningene ble oppdaget i 1918. ► Les mer her.

Systerprojekt
Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Dagen i dag
Visste du at …
... Led Zeppelin-songen «D'yer Mak'er»engelsk vert uttalt på same måte som Jamaica (dʒəˈmeɪkə) og viser til ein gammal vits?
... ein reknar med at delar av den 280 000 lysår lange halen til Rumpetrollgalaksen etter kvart vil brekka av og danna nye galaksar som vil krinsa rundt modergalaksen?
... folkemusikaren Samuline Seljeset er stammor til fleire norske folkemusikarar, som to medlemmer av Honndalstausene, songarane Elling Seljeset den eldre og den yngre og felespelarane Lars, Andreas, Oskar og Svein Hjellbakk?
... skjelgribben har vore observert i høgd på 11 300 moh.?
... ei sag kan drivast med damp, vatn, elektrisitet, drivstoff eller for hand?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
Temasider
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt

Språk