Eurovision Song Contest 1959
Eurovision Song Contest 1959 (ESC 1959) var den fjerde gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Palais Des Festivals i Cannes i Frankrike. Finalen fann stad onsdag 11. mars. Nederland vann tevlinga med songen «Een beetje», sunge av Teddy Scholten.
Eurovision Song Contest 1959 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
ESC 1959 Map.svg | ||||
██ Land som deltok i tevlinga
██ Land som ikkje deltok i tevlinga | ||||
Røysting | ||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Kvert land hadde ein jury beståande av ti jurymedlemmar, der kvart jurymedlem gav eit poeng til den songen dei likte best. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land. Dette året vart det innført krav om at jurymedlemmane ikkje skulle vere musikkekspertar.
Monaco deltok i Eurovision Song Contest for fyrste gong dette året, medan Storbritannia kom attende etter å ha trekt seg frå tevlinga i 1958. Luxembourg trekte seg frå tevlinga. Til saman elleve land deltok, fleire enn nokon gong tidlegare.
BidragaEndra
FinaleEndra
- Finalen vart halden den 11. mars 1959 i Palais Des Festivals.
- Nederland vann tevlinga for andre gong.
- Italia og Belgia enda på ein delt sjetteplass.
- Sverige og Austerrike enda på ein delt niandeplass.
# | Land | Artist | Song | Språk | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | Frankrike | Jean Philippe | «Oui, oui, oui, oui» | Fransk | 015 | 03 |
02 | Danmark | Birthe Wilke | «Uh, jeg ville ønske, jeg var dig» | Dansk | 012 | 05 |
03 | Italia | Domenico Modugno | «Piove (Ciao, ciao bambina)» | Italiensk | 009 | 06 |
04 | Monaco | Jacques Pills | «Mon ami Pierrot» | Fransk | 001 | 11 |
05 | Nederland | Teddy Scholten | «Een beetje» | Nederlandsk | 021 | 01 |
06 | Vest-Tyskland | Alice og Ellen Kessler | «Heute Abend wollen wir tanzen geh'n» | Tysk | 005 | 08 |
07 | Sverige | Brita Borg | «Augustin» | Svensk | 004 | 09 |
08 | Sveits | Christa Williams | «Irgendwoher» | Tysk | 014 | 04 |
09 | Austerrike | Ferry Graf | «Der K und K Kalypso aus Wien» | Tysk | 004 | 09 |
10 | Storbritannia | Pearl Carr & Teddy Johnson | «Sing Little Birdie» | Engelsk | 016 | 02 |
11 | Belgia | Bob Benny | «Hou toch van mij» | Nederlandsk | 009 | 06 |
Artistar som har delteke tidlegareEndra
Artist | Land | Tidlegare år |
---|---|---|
Birthe Wilke | EuroDinamarca.svg | 1957 |
Domenico Modugno | EuroItalia.svg | 1958 |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1959» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 1. februar 2011.