Monaco i Eurovision Song Contest

Monaco debuterte i Eurovision Song Contest i 1959 og deltok kvart år fram til 1979. Etter dette halde landet seg unna frå deltaking i tevlinga i 24 år før dei returnerte til tevlinga i 2004. Monaco trakk seg igjen før tevlinga i 2007 og har ikkje delteke sidan. Monaco har vunne Eurovision Song Contest éin gong, i 1971, med Séverine og «Un banc, un arbre, une rue».

Monaco

Offisielt Monaco

TMC
Uttakingar
Nasjonalt 0
Internt 24
Deltaking
Debutår 1959
Deltakingar 24
Beste resultat
Semifinalen 19 (2004)
Finalen 1 (1971)
Verste resultat
Semifinalen 24 (2005)
Finalen Sist (1959 og 1966)
Poeng
Semifinalane 46
Finalane 737
Totalt 783

Historikk endre

Monaco debuterte i Eurovision Song Contest med ein sisteplass i 1959 og deltok kvart einaste år fram til 1979. Etter dette trakk TMC seg frå Eurovision Song Contest av økonomiske årsaker. Med unntak av to sisteplassar, gjorde den lille bystaten det svært bra i tevlinga i 1960- og 1970-åra, med ein rekkje topp fem-plasseringar.

Til liks med Luxembourg importerte Monaco dei fleste av sine deltakarar og låtskrivarar frå nabolandet Frankrike - blant dem Françoise Hardy (artist i 1963), Serge Gainsbourg (komponist i 1967) og Jean Jacques, som var den fyrste barneartisten til å deltake i Eurovision Song Contest. Han var 12 år gamal då han representerte Monaco i Eurovision Song Contest i 1969.[1]

Sigeren i 1971 endre

Den fyrste og einaste sigeren kom i 1971, då franske Séverine deltok for Monaco med «Un banc, un arbre, une rue». Både Séverine, låtskrivaren og komponisten var franske.[2] Monaco fekk til saman 128 poeng, med blant anna full pott frå Belgia, Noreg, Sverige og Tyskland.[3]

Monaco er også det einaste landet i Eurovision Song Contest som har vunne, men som ikkje har arrangert ein finale. Etter sigeren i 1971, ønska TMC å arrangere tevlinga på ein friluftsarena i juni. Kanalen forsøkte også å påskunde ferdigstillinga av ein ny innandørsarena i Monaco, utan å lykkast.[4]

TMC søkte i staden støtte frå den franske allmennkringkastaren ORTF. Dei to kringkastarane vart imidlertid ikkje einige om tevlinga skulle haldest i Monaco eller Frankrike. Til slutt tredde Den europeiske kringkastingsunionen inn og tilbaud arrangementet til Spania og Tyskland, som vart nummer to og tre i 1971, men begge landa takka nei. Til slutt fekk EBU overtalt BBC til å arrangere finalen i 1972.[2]

Fråvær og retur endre

Økonomi var også grunnen til at Monaco trakk seg frå Eurovision Song Contest i 1980. Landet hadde eit fråvær fra Eurovision Song Contest på 24 år før dei returnerte til tevlinga i 2004. Det fyrste bidraget til Monaco etter fråværet, «Notre Planète» av Maryon, vart slått ut i semifinalen. Etter ytterlegare to bidrag som ikkje kvalifiserte seg til finalen, trakk TMC seg nok ein gong frå tevlinga. Den monegaskiske kringkastaren meinte at diaspora- og naborøysting gjorde det umogleg for Monaco å kvalifisere seg til ein finale.[5][6] TMC melde seg på tevlinga i 2008, då EBU introduserte eit nytt system med to semifinalar. Monaco trakk seg imidlertid før påmeldingsfristen gjekk ut.[7][8]

TMC vurderte å komme tilbake i 2009 etter samtalar med EBU, men nok ein gong trakk kanalen seg.[9][10] EBU sa at dei ville jobbe hardare for å få Monaco og andre tidlegare deltakarland med i 2010. Monaco kom ikkje tilbake det året heller, og har framleis ikkje deltake sidan 2006.[11]

Bidraga endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1959 Jacques Pills «Mon ami Pierrot» Fransk 1 11
  1960 François Deguelt «Ce soir-là» Fransk 15 3
  1961 Colette Deréal «Allons, allons les enfants» Fransk 6 10
  1962 François Deguelt «Dis rien» Fransk 13 2
  1963 Françoise Hardy «L'amour s'en va» Fransk 25 5
  1964 Romuald «Où sont-elles passées» Fransk 15 3
  1965 Marjorie Noël «Va dire à l'amour» Fransk 7 9
  1966 Téréza «Bien plus fort» Fransk 0 17
  1967 Minouche Barelli «Boum-Badaboum» Fransk 10 5
  1968 Line og Willy «À chacun sa chanson» Fransk 8 7
  1969 Jean Jacques «Maman, Maman» Fransk 11 6
  1970 Dominique Dussault «Marlène» Fransk 5 8
  1971 Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk 128 1
  1972 Peter McLane og Anne-Marie Godart «Comme on s'aime» Fransk 65 16
  1973 Marie «Un train qui part» Fransk 85 8
  1974 Romuald «Celui qui reste et celui qui s'en va» Fransk 14 4
  1975 Sophie «Une chanson c'est une lettre» Fransk 22 13
  1976 Mary Christy «Toi, la musique et moi» Fransk 93 3
  1977 Michèle Torr «Une petite française» Fransk 96 4
  1978 Caline og Olivier Toussaint «Les Jardins de Monaco» Fransk 107 4
  1979 Laurent Vaguener «Notre vie c'est la musique» Fransk 12 16
  2004 Maryon «Notre Planète» Fransk Ikkje kvalifisert 10 19
  2005 Lise Darly «Tout de moi» Fransk 22 24
  2006 Séverine Ferrer «La Coco-Dance» Fransk og tahitisk 14 21

Røystehistorikk endre

Finalane endre

Monaco har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Frankrike 101
2   Storbritannia 83
3   Tyskland 60
4   Spania 57
5   Italia 55

Monaco har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Italia 56
  Tyskland
3   Storbritannia 55
4   Sverige 47
5   Nederland 46

Semifinalane endre

Monaco har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Kypros 22
2   Danmark 20
3   Nederland 16
4   Bosnia-Hercegovina 12
  Finland
  Israel

Monaco har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Frankrike 18
2   Andorra 17
3   Kypros 4
4   Albania 2
  Estland
  Moldova

Galleri endre

Referansar endre

  1. John Kennedy O'Connor (2005). The Eurovision Song Contest. 50 Years. The Official History. London: Carlton Books Limited. s. 37. 
  2. 2,0 2,1 O'Connor, John Kennedy (2005). The Eurovision Song Contest. 50 Years. The Official History. London: Carlton Books Limited. s. 47. ISBN 9781847325211. 
  3. «Eurovision Song Contest 1971». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016. 
  4. Gordon Roxburgh (25. mars 2014). «Seeking out more about the 1972 contest?». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016. 
  5. Kasapoglou, Yiorgos (12. desember 2006). «Monaco withdraws». ESCToday. Henta 12. desember 2006. 
  6. Viniker, Barry (14. desember 2006). «Monaco - it's not the money!». ESCToday. Henta 14. desember 2006. 
  7. Kuipers, Michael (26. desember 2006). «Monaco to show Eurovision 2007». ESCToday. Henta 26. desember 2006. 
  8. Floras, Stella (6. desember 2007). «Monaco will not return in 2008». ESCToday. Henta 6. desember 2007. 
  9. Kuipers, Michael (19. november 2008). «Monaco back in Moscow?». ESCToday. Henta 19. november 2008. 
  10. Konstantopoulos, Fotis (27. november 2008). «San Marino & Monaco out?». Oikotimes. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. Henta 27. november 2008. 
  11. Sanjay (Sergio) Jiandani (19. august 2016). «Monaco: TMC will not participate in Eurovision 2017». esctoday.com. Henta 4. desember 2016. 

Kjelder endre