High Museum of Art
High Museum of Art (også kjent som The High) er det største museet for biletkunst i Søraust-USA. High ligg i Atlanta i Georgia (ved Peachtree Street i Midtown, kulturdistriktet i byen), og er ein del av Woodruff Arts Center.[2]
High Museum of Art | |||
| |||
Stad | Fulton County | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1905[1] | ||
High Museum of Art 33°47′24″N 84°23′08″W / 33.790047°N 84.385566°W |
The High organiserer og presenterer utstillingar av internasjonal og nasjonal tyding saman i tillegg til si eiga omfattande samling av meir enn 18 000 kunstverk, og er særleg kjent for amerikansk dekorativ kunst, folke- og sjølvlært kunst, moderne og samtidskunst og fotografi frå 1800- og 1900-talet.[3] Det har vore eit kulturelt senter i Atlanta sidan 1905, og har husa festivalar, framsyningar, offentlege samtalar, synt fram kunstfilmar og hatt pedagogiske program året rundt.[4] Det har òg eigne rom for born i alle aldrar, ein serveringsstad og ein museumsbutikk.[5]
Historie
endreMuseet blei grunnlagt i 1905 som Atlanta Art Association. I 1926 gav familien High, som museet er oppkalla etter, frå seg huset sitt på Peachtree Street til å husa samlinga etter ei serie utstillingar som involverte Grand Central Art Galleries og var organiserte av samlaren J.J. Haverty frå Atlanta. Mange stykke frå samlinga til Haverty er no på permanent framsyning i High. Det blei bygd ein eigen bygning til museet ved sidan av familiehuset i 1955.
Den 3. juni 1962 døydde 106 kunstinteresserte frå Atlanta i ei flyulykke på Orly-flyplassen i Paris medan dei var på ei reise støtta av museet. Med besetninga og andre passasjerar blei totalt 130 menneske drepne i det som på den tida var den verste flykatastrofen i historia.[6] Medlemmar av framståande familiar i Atlanta omlom, mellom anna medlemmar av Berry-familien, som grunnla Berry College. Under besøket i Paris hadde kunstelskarane frå Atlanta sett Whistler's Mother ved Louvre.[7] Hausten 1962 sende Louvre, som ein gest til folket i Atlanta, dette verket til Atlanta for å bli stilt ut ved Atlanta Art Association sitt museum ved Peachtree Street.[8]
Til ære for dei som blei drepne i ulukka blei Atlanta Memorial Arts Center bygd for High. Dei franske styresmaktene donerte ein skulptur av Rodin, The Shade, til High tik minne om offera for ulukka.[9]
Arkitektur
endreI 1983 opna ein spesialutforma museumsbygning på 12500 m² som var utforma av Richard Meier. Meier vann Pritzkerprisen 1984 for bygningen. Meier-bygningen var finansiert av ei tildeling (challenge grant) på 7,9 millionar dollar frå den tidlegare leiaren for Coca-Cola, Robert W. Woodruff, i lag med 20 millionar dollar samla inn av museet. Bygningen har rundt 4800 m² golvflate med galleri.
I 2005 utforma Renzo Piano tre nye bygningar som meir enn dobla storleiken på museet til 29 000 m², med ein kostnad på 124 millionar dollar.[10] Piano-bygningane blei utvikla som del av ei overordna oppgradering av heile Woodruff Arts Center-komplekset. Dei tre nye bygningane er kledde i aluminiumpanel for å harmonisera med den opphavlege kvite emaljefasaden til Meier. Piano sitt design for den nye Wieland Pavilion og Anne Cox Chambers Wing har eit spesielt taksystem med 1000 lysfangarar som fangar lyset frå nord og filtrerer det inn i skyway-galleria.
I 2018 henta museet inn arkitektfirmaet til Annabelle Selldorf i New York for å designa ein samanhengjande gjeninstallasjon i både Meier- og Pianobygningane. Arbeidet omfatta eit nytt system for galleriorganisering, lyssystem og utstillingsdekor for å skapa ein meir integrert serie av opplevingar gjennom dei ulike kuratoriske avdelingane av museet.
Samlingar
endreDen permanente samlinga til High Museum of Art omfattar meir enn 18 000 kunstverk over sju samlingsområde: Afrikansk kunst, amerikansk kunst, dekorativ kunst og design, europeisk kunst, folke- og sjølvlært kunst, moderne og samtidskunst og fotografi. Over ein tredjedel av samlinga blei kjøpt etter at museet kunngjorde planer om utbygging i 1999. Høgdepunkt i samlinga er verk av Giovanni Battista Tiepolo, Claude Monet, Martin Johnson Heade, Dorothea Lange, Clarence John Laughlin og Chuck Close.
Afrikansk kunst
endreHigh har ei samling av afrikansk kunst og verk av afroamerikanske kunstnarar som legg vekt på dei kulturelle banda over Atlanterhavet og vidare. Samlinga inneheld verk frå antikken til moderne tid.
Kjernen av den afrikanske samlinga inneheld ekstraordinære døme på masker og figurative skulpturar, berika av fine tekstilar, perlearbeid, metallarbeid og keramikk. Antikvitetane omfattar ein animert terrakottaskulptur av ein kvinneleg torso vikla inn i slangar (ca. 1200-1500). Dette arbeidet er frå området kring Djenné, ein av dei eldste byane i Afrika, og representerer Sogolon, mor til grunnleggjaren av Maliriket, Sundiata. Saman med dette verket representerer ein Koran frå ca. 1600 frå Timbuktu, systerbyen til Djenné, kunst frå Maliriket, eit av dei største og viktigaste kongerika verda nokon gong har kjent.
Amerikansk kunst
endreSamlinga av amerikansk kunst ved museet omfattar meir enn 1200 måleri, skulpturar, teikningar og trykk utført av amerikanske kunstnarar mellom 1780 og 1980. Samlinga er særleg sterk innan historisk amerikansk skulptur og måleri, og syner utviklinga av eit klart amerikansk synspunkt innan kunstnerisk representasjon.
1800-talssamlinga til museet inneheld døme frå tidleg amerikansk portrettkunst til den såkalla Gilded Age, med verk av John Singleton Copley, Benjamin West, Eastman Johnson, Sanford Robinson Gifford, Frederick Kensett, John Henry Twachtman, Harriet Hosmer, Edmonia Lewis, Henry Ossawa Tanner, Mary Cassatt og John Singer Sargent. High har òg verk av dei mest progressive kunstnarane i USA i moderne tid, frå Stieglitz Circle og abstrakte målarar til kunstnarar som tek opp sosial rettferd og reformer og vidare til dei med rot i den amerikanske kunstscena.
Dekorativ kunst og design
endreDen dekorative kunst og design-samlinga tek for seg sambandet mellom funksjon og estetikk innan form, materiale, prosess, stad og intensjon. Ho omfattar den kjende Virginia Carroll Crawford Collection, som er den mest omfattande samlinga av amerikansk dekorative kunst frå 1800- og tidleg 1900-tal i Søraust-USA. Samlinga inneheld viktige verk av Alexander Roux, Herter Brothers, Tiffany & Co. og Frank Lloyd Wright. Andre viktige gåver inkluderer Frances og Emory Cocke Collection of English Ceramics from 1640 to 1840.
Europeisk kunst
endreSamlinga representerer sju hundreår av europeisk kunsthistorie. High har over 1000 måleri, skulpturar og verk på papir frå 1300-talet til og med 1900-talet, og følgjer utviklinga av religion, vitskap og sosiale endringar gjennom linsa til den visuelle kulturen frå verdsdelen.
I 1958 gav Samuel H. Kress Foundation det som skulle bli kjerna i den europeiske kunstsamlinga til High som gåve. Kress-samlinga inkluderer Madonna og barnet av Giovanni Bellini, Prudence and Temperance av Vittore Carpaccio og andre kunstverk frå renessansen og barokken i Europa. Siden har den europeiske samlinga til High voks til å representere dei fleste større kunstrørslene og stilane frå verdsdelen, som illustrert av måleri og skulpturar av slike meistrar som Nicolas Tournier, Guercino (Jesus og den samaritanske kvinna ved brønnen), Jan Breughel den eldre, Giovanni Battista Tiepolo, Charles-Joseph Natoire, Anne-Louis Girodet-Trioson (Gravferda til Atala), Camille Corot, Jean-Joseph Carriès (Sovande faun) og Auguste Rodin (Evig vår).
I dag er den europeiske samlinga særleg rik på franske impresjonistiske og post-impresjonistiske måleri, mange av dei gjevne som gåve i 2019 av samlarane i Atlanta Doris og Shouky Shaheen. Samlinga omfattar Haust på Seinen, Argenteuil, av Claude Monet frå 1873, eit sjeldant havlandskap av Frédéric Bazille, Kvinne ved piano av Henri Matisse og måleri av Eugène Boudin, Camille Pissarro, Alfred Sisley, Pierre-Auguste Renoir, Henri Fantin-Latour, Émile Bernard, Édouard Vuillard og andre.
Folkekunst og sjølvlært kunst
endreHigh Museum byrja å samla verk av levande sjølvlærte kunstnarar i 1975, og var det fyrste allmenne museet som oppretta eit særdepartement for folke- og sjølvlært kunst i 1994. Denne samlinga er særleg rik på kunstverk av sørstats- og afroamerikanske kunstnarar, og har dei største samlingane av verk av Bill Traylor, Howard Finster, Nellie Mae Rowe og Thornton Dial av noko museum.
Moderne og samtidskunst
endreModerne og samtidskunst ved museet inkluderer framståande døme på verk av viktige kunstnarar, dei som nettopp har gått inn i kanonen og framveksande kunstnarar. Samlinga har fleire verk av kunstnarar som Radcliffe Bailey, Alex Katz og Ellsworth Kelly, og ei veksande samling av viktige individuelle verk av kunstnarar som Michaël Borremans, Alfredo Jaar, Anish Kapoor, KAWS, Julie Mehretu, Judy Pfaff, Sarah Sze og Kara Walker.
Fotografi
endreHigh byrja å samla fotografi på byrjinga av 1970-talet, som eit av dei fyrste musea som vigde seg til dette mediumet. I dag er avdelinga for fotografi eit av dei fremste programma i landet og med rundt 7 500 fotografi er ho den største samlinga i museet.
Den fotografiske samlinga har ei sterkt grunnlag av bilde som har samband med den sørlege delen av USA, og plasserer desse verka i ein global kontekst som er både regionalt relevant og internasjonalt viktig. High eig ei av dei største samlingane av fotografi av den amerikanske borgarrettsrørsla, og har nokre av dei sterkaste monografiske samlingar av fotografi i landet, frå Eugene Atget, Dawoud Bey, Isla Bing, Wynn Bullock, Lucinda Bunnen, Harry Callahan, William Christenberry, Walker Evans, Leonard Freed, Evelyn Hofer, Clarence John Laughlin, Abelardo Morell og Peter Sekaer.
Leiarskap
endreFrå 1963 var Gudmund Vigtel direktør for High i 28 år, og leia omvandlinga frå ein regional institusjon i ein enkel mursteinbygning til eit leiande museum i USA som flytta til ein spesiallaga bygning utforma av Richard Meier.[11] Under Vigtel sin leiarskap frå 1963 til 1991, blei storleiken på den permanente samlinga til museet tredobla, det blei oppretta fond for over 15 millionar dollar, driftsbudsjettet auka frå 60 000 til 9 millionar dollar, og personellet auka frå fire til 150.[12] Ned Rifkin var direktør for museet mellom 1991 og 2000.[13] Under leiarskapen til Michael E. Shapiro mellom 2000 og 2014 auka museet talet på gjenstandar i den permanente samlinga til nesten det dobbelte, og skaffa viktige måleri av 1800- og 1900-talet og samtidskunstnarar.[14] I juli 2015 kunngjorde High kunstmuseum at det hadde valt Randall Suffolk til å bli den nye leiaren, og han byrja i stillinga i november 2015.[15] Under leiinga hans auka mangfaldet til publikum ved High: Talet på ikkje-kvite vitjande blei meir enn tredobla frå 2015 til 2020, og rundt 60 prosent av publikum i High i tal frå 2022 var under 35 år, utan å telja med skulegrupper.[16]
På film og fjernsyn
endreHigh er blitt synt i fleire populære filmar og TV-seriar, mellom anna The Resident (som Chastain Park Memorial Hospital), What to Expect When You're Expecting, The Falcon and the Winter Soldier (som Smithsonian National Air and Space Museum), Manhunter (som Lecktor sitt fengsel), Black Panther (som Museum of Great Britain), The Divergent Series: Insurgent, Red Band Society og Allegiant (som det tidlegare Erudite Headquarters).[17][18][19][20][21][22]
Utstillingar
endreUtvalde utstillingar
endre- oktober 2007–september 2008: Louvre Atlanta: The Louvre and the Ancient World
- oktober 2007–mai 2008: Louvre Atlanta: Eye of Josephine
- desember 2007–august 2008: Street Life: American Photographs form the 1960s and 70s
- mai 2008–august 2008: Young Americans: Photographs by Sheila Pree Bright
- juni 2008–september 2008: Louvre Atlanta: Houdon at the Louvre: Masterworks of the Enlightenment
- juni 2008–oktober 2008: Road to Freedom: Photographs from the Civil Rights Movement, 1956–1968
- juni 2008–oktober 2008: After 1968: Contemporary Artists and the Civil Rights Legacy
- november 2008: The First Emperor: China's Terracotta Army
- 2008: Medieval and Renaissance Treasures from the Victoria and Albert Museum
- 2008: Louvre Atlanta: The Louvre and the Masterpiece
- 2008: The Treasure of Ulysses Davis[23]
- april 2009: Anthony Ames, Architect: Residential Landscapes
- oktober 2009 – februar 2010: Leonardo da Vinci: The Hand of the Genius
- 2009: Monet "Water Lilies" Exhibit
- mars 2010–juni 2010: The Allure of the Automobile
- august 2010–januar 2011: Dali: The Late Work
- oktober 2011–april 2012: Picasso to Warhol – modern art including Picasso, Pollock, Matisse, Mondrian, and Warhol.
- juni 2012–september 2012: Picturing the South – photographs by Martin Parr, Kael Alford, and Shane Lavalette[24][25]
- februar 2013–mai 2013: Frida and Diego: Passion, Politics, and Painting – featuring art from Frida Kahlo and Diego Rivera
- juni 2013–september 2013: The Girl with the Pearl Earring: Dutch Paintings from the Mauritshuis – featuring art from Vermeer and Rembrandt
- november 2013–januar 2014: The Art of the Louvre's Tuileries Garden
- november 2013–april 2014: Go West! Art of the American Frontier
- februar 2014–mai 2014: Abelardo Morell: The Universe Next Door
- mai 2014–september 2014: Dream Cars: Innovative Design, Visionary Ideas
- juli 2014–november 2014: Mi Casa, Your Casa
- oktober 2014–januar 2015: Cezanne and the Modern
- november 2014–juni 2015: Gordon Parks: Segregation Story
- februar 2015–mai 2015: Imagining New Worlds: Wifredo Lam, José Parlá and Fahamu Pecou
- april 2015–november 2015: Los Trompos
- mai 2015–januar 2016: Seriously Silly! The art & whimsy of Mo Willems
- juni 2015–september 2015: Alex Katz, This Is Now
- juli 2015–oktober 2015: Sprawl! Drawing Outside the Lines
- oktober 2015–januar 2016: Habsburg Splendor: Masterpieces from Vienna's Imperial Collections
- november 2015–juni 2016: Iris van Herpen: Transforming Fashion
- februar 2016–august 2016: Vik Muniz
- mars 2016–januar 2017: I See a Story: The Art of Eric Carle
- juni 2016–august 2016: The Rise of Sneaker Culture
- juni 2016–september 2016: Walker Evans: Depth of Field
- juni 2016–november 2016: Tiovivo: Whimsical Sculptures by Jaime Hayon
- oktober 2016–januar 2017: Fever Within: The Art of Ronald Lockett[26]
- oktober 2016–januar 2017: Thomas Struth: Nature & Politics[27]
- februar 2017–mai 2017: Cross Country: The Power of Place in American Art, 1915−1950[28]
- november 2016–juli 2017: A Conspiracy of Icons: The Art of Donald Locke
- mars 2017–mai 2017: Daniel Arsham: Hourglass
- mars 2017–juni 2017: The Spirit of the Place: Photographs by Jack Leigh
- april 2017–januar 2018: Painter and Poet: The Wonderful World of Ashley Bryan
- juni 2017–oktober 2017: Technicolor
- juni 2017–oktober 2017: Paul Graham: The Whiteness of the Whale
- juni 2017–oktober 2017: Universal and Sublime: The Vessels of Magdalene Odundo
- juni 2017–november 2017: Merry Go Zoo
- juni 2017–desember 2017: Andy Warhol: Prints from the Collections of Jordan D. Schnitzer and His Family Foundation
- september 2017–april 2019: Amy Elkins: Black Is the Day, Black Is the Night
- oktober 2017–januar 2018: Making Africa: A Continent of Contemporary Design
- november 2017–april 2018: “A Fire That No Water Could Put Out”: Civil Rights Photography
- November 2017–mars 2018: Al Taylor, What Are You Looking At?
- februar 2018–mai 2018: Joris Laarman Lab: Design In the Digital Age
- mars 2018–juni 2018: Mark Steinmetz: Terminus
- juni 2018–september 2018: Winnie-The-Pooh: Exploring a Classic
- juni 2018–september 2018: Outliers and American Vanguard Art
- juni 2018–oktober 2018: Sonic Playground: Yuri Suzuki
- september 2018–februar 2019: With Drawn Arms: Glenn Kaino and Tommie Smith
- oktober 2018 –april 2018: William Christenberry: Time & Texture
- november 2018–februar 2019: Yayoi Kusama: Infinity Mirrors
- oktober 2018–april 2019: Look Again: 45 Years of Collecting Photography
- oktober 2018–august 2019: Hand to Hand: Southern Craft of the 19th Century
- mars 2019 – May 2019: Way Out There: The Art of Southern Backroads
- april 2019–juli 2019: European Masterworks: The Phillips Collection
- mai 2019–november 2019: Strange Light: The Photography of Clarence John Laughlin
- juni 2019–september 2019: The Pursuit of Everything: Maira Kalman’s Books for Children
- juni 2019–september 20119: Of Origins and Belonging, Drawn from Atlanta
- juli 2019–september 2019: Supple Means of Connection
- september 2019–februar 2020: "Something Over Something Else: Romare Bearden's Profile Series
- oktober 2019–desember 2019: Sally Mann: A Thousand Crossings
- oktober 2019–mars 2020: Fine Lines: American Works on Paper
- november 2019–mars 2020: Virgil Abloh: "Figures of Speech"
- november 2019–mai 2020: Our Strange New Land: Photographs by Alex Harris
- februar 2020–juli 2020: The Plot Thickens: Storytelling in European Print Series
- februar 2020–august 2020: Paa Joe: Gates of No Return
- juli 2020 –februar 2021: Murmuration
- august 2020–november 2020: Picture the Dream: The Story of the Civil Rights Movement through Children's Books
- oktober 2020–januar 2021: Julie Mehretu
- november 2020–mars 2021: Dawoud Bey: An American Project
- desember 2020–april 2021: Bestowing Beauty: Masterpieces from Persian Lands
- februar 2021–mai 2021: David Driskell: Icons of Nature and History
- mars 2021–mai 2021: Ragnar Kjartannsson: The Visitors
- april 2021–august 2021: Underexposed: Women Photographers from the Collection
- april 2021–august 2021: Our Good Earth: Rural Life and American Art
- juni 2021–september 2021: Calder-Picasso
- juli 2021–september 2021: Electrifying Design: A Century of Lighting
- juli 2021–november 2021: Outside the Lines
- august 2021 – desember 2021: Gatecrashers: The Rise of the Self-Taught Artist in America
- aeptember 2021–januar 2022: Really Free: The Radical Art of Nellie Mae Rowe
- november 2021–februar 2022: Picturing the South: 25 Years
- desember 2021–mars 2022: KAWS Prints
- desember 2021–april 2022: Disrupting Design: Modern Posters, 1900-1940
- januar 2022–mars 2022: The Obama Portraits Tour
- februar 2022–mai 2022: André Kertész: Postcards from Paris
- mars 2022–august 2022: What Is Left Unspoken, Love
- april 2022–august 2022: Oliver Jeffers: 15 Years of Picturing Books
- oktober 2022—januar 2023: Rodin in the United States[29]
Kjelder
endre- ↑ «High Museum of Art Releases "Kaws: Down Time" Exhibition Catalogue» (Press release). High Museum of Art. 15. mars 2013. Arkivert frå originalen 21. august 2016. Henta 30. juni 2017.
- ↑ «Architect Renzo Piano Designs a "Village for the Arts"». artdaily.cc (på engelsk). Henta 19. august 2022.
- ↑ Rogers, Caroline (16. april 2021). «Explore the Arts in Atlanta with Exciting Upcoming Exhibitions at the High». Southern Living (på engelsk). Henta 19. august 2022.
- ↑ «Community and collaboration at the High Museum of Art». Blooloop (på engelsk). 29. mars 2022. Henta 19. august 2022.
- ↑ «High Museum of Art in Atlanta, GA - High Museum Guide». Discover Atlanta (på engelsk). Henta 19. august 2022.
- ↑ «1962: 130 die in Paris air crash». BBC News. June 3, 1962. Henta 7. november 2006.
- ↑ Golden, Randy (5. juni 2007). «Airplane crash at Orly Field». About North Georgia. Henta 16. oktober 2011.
- ↑ Zöllner, Frank (July 15–20, 1992). «John F. Kennedy and Leonardo's Mona Lisa: Art as the Continuation of Politics [English version tr. by David Jacobs and revised]» (PDF). archiv.ub.uni-heidelberg.de. Henta 5. november 2012.
- ↑ Gupton Jr., Guy W. "Pat" (Spring 2000). «First Person». Georgia Tech Alumni Association. Henta 22. november 2010.
- ↑ Goodman, Brenda (16. oktober 2006). «The Louvre Views Its Art in a New Way (When Showing It in Atlanta)». The New York Times. Henta 16. oktober 2006.
- ↑ Vitello, Paul (28. oktober 2012). «Gudmund Vigtel, Pivotal Director of High Museum, Dies at 87». The New York Times.
- ↑ Shaw, Michelle E. (24. oktober 2012). «Gudmund Vigtel, 87: The 'defining' director of the High Museum of Art». The Atlanta Journal-Constitution. Henta 30. juni 2017.
- ↑ «Ned Rifkin Appointed Head of High Museum». The New York Times. 4. mai 1991.
- ↑ Kennedy, Randy (29. oktober 2014). «Director of Atlanta's High Museum to Step Down». The New York Times.
- ↑ Kennedy, Randy (29. juli 2015). «Atlanta's High Museum Names New Director: Randall Suffolk». The New York Times.
- ↑ Loos, Ted (17. mai 2022). «The Collecting Duo Pushing for Diversity». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 19. august 2022.
- ↑ «Movies Filmed at High Museum of Art». MovieMaps. Henta 19. august 2022.
- ↑ «Filmap». Filmap. Henta 19. august 2022.
- ↑ Black Panther (2018) - IMDb, henta 19. august 2022
- ↑ «The Divergent Series: Insurgent Locations». www.latlong.net (på engelsk). Henta 19. august 2022.
- ↑ Stevens, Tiffany. «Atlanta filming locations: The Hunger Games, Walking Dead and more». stories.accessatlanta.com. Henta 19. august 2022.
- ↑ Allegiant (2016) - IMDb, henta 19. august 2022
- ↑ «The Treasure of Ulysses Davis». Intuit: The Center for Intuitive and Outsider Art. 15. mai 2010. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 29. november 2013.
- ↑ «High Commissions Three New Photographers for "Picturing the South" Series» (Press release). High Museum of Art. 1. desember 2011. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 30. juni 2017.
- ↑ «Picturing New York - Picturing The South». High Museum of Art. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 30. juni 2017.
- ↑ «Fever Within: The Art of Ronald Lockett». Henta 6. januar 2019.
- ↑ «Thomas Struth: Nature and Politics». Henta 6. januar 2019.
- ↑ «Cross Country: The Power of Place in American Art, 1915–1950». Henta 6. januar 2019.
- ↑ «Major Rodin Exhibition to Open at the High Museum of Art This Fall». Henta 12. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «High Museum of Art» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Høgt kunstmuseum i Google Arts & Culture
- Atlanta Art Association Film frå 1962