Nord-Makedonias geografi
Nord-Makedonia er eit land på Balkan med eit areal på 25 333 km². Nord-Makedonia er omgjeve av land i alle kantar og har 748 km med landegrenser. Av naboland finn ein Serbia (221 km) i nord, Bulgaria (148 km) i aust, Hellas (228 km) i sør og Albania (151 km) i vest. Landet er ein stor transportkorridor frå Vest-Europa og Sentral-Europa til Egearhavet og Sør-Europa.
Interaktivt kart over Nord-Makedonia |
Landet er ein del av den større regionen Makedonia som landet har fått namn frå. Nord-Makedonia har tre store innsjøar, Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen, alle ved grensa i sør. Vassarealet i landet er derfor 477 km², medan landarealet er 24 856 km².
Geografiske koordinatar: 41°50′N 22°00′E / 41.833°N 22.000°E
Terreng endre
Fjella dominerer Nord-Makedonia og innimellom desse finn ein djupe senkingar og dalar. Landet er delt i to av elva Vardar.
Terrenget i Nord-Makedonia er hovudsakleg kupert og landet ligg hovudsakleg mellom fjella Šar Planinia og Osogovo, der elva Vardar renn ut frå. Dei tre store innsjøane, Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen ligg langs sørgrensa i landet. Prespasjøen er delt mellom Nord-Makedonia, Hellas og Albania, medan Dojransjøen er delt mellom Nord-Makedonia og Hellas. Ohridsjøen, som er delt mellom Nord-Makedonia og Albania, vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og biotopa i verda.[1]. Regionen er seismisk aktiv og har hat mange øydeleggjande jordskjelv gjennom tidene. Det mest nylege kom i 1963 då Skopje vart hardt råka av eit stort jordskjelv som tok livet av meir enn tusen innbyggjarar.
Nord-Makedonia har òg vakre fjell. Dei høyrer til to forskjellige fjellkjeder, Dei dinariske Alpane i vest og Rodopi i aust.
Dei ti høgaste fjella i Nord-Makedonia er
Korab | 2 764 m |
Šar Planina | 2 747 m |
Baba | 2 601 m |
Jakupitsa | 2 540 m |
Nidže | 2 521 m |
Desjat | 2 373 m |
Galitsjitsa | 2 288 m |
Stogovo | 2 273 m |
Jablanitsa | 2 257 m |
Osogovo | 2 251 m |
Bistra | 2 163 m |
Platsjkovitsa | 1 754 m |
Geografiske ytterpunkt endre
Det lågaste punktet er ved elva Vardar (50 moh) nær Gevgelija, og det høgaste punktet er Golem Korab (2 753 m).
Klima endre
Nord-Makedonia har eit kontinentalklima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn til dømes Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.
Naturressursar og arealbruk endre
Bevaring av natur endre
Nord-Makedonia har tre nasjonalparkar og eit par nasjonale naturreservat.
- Nasjonalparkar:
Naturressursar endre
Nord-Makedonia er rikt på krom, bly, sink, mangan, wolfram, nikkel, lågverdig jernmalm, asbest, svovel og tømmer.
Arealbruk endre
- Dyrkbar mark: 24 %
- Permanente avlingar: 2 %
- Permanente enger: 25 %
- Skogområde 39 %
- Anna: 10 % (1993 est.).
I følgje estimat frå 1993 er om lag 830 km² av landet irrigert.
Naturfarar endre
Stor seismisk aktivitet gjev fare for kraftige jordskjelv.
Miljø endre
Miljøproblem endre
Luftforureining frå dei metallurgiske fabrikkane er det største miljøproblemet i landet.
Internasjonale miljøvernsavtalar endre
Nord-Makedonia er delaktig i avtalar som omhandlar luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, miljøfarleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, våtmarksormåde[2]
Fotnotar endre
- ↑ moe.gov.mk
- ↑ Signert, men ikkje ratifisert
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Geography of the Republic of Macedonia» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.