Merk at Kosovo ikkje er anerkjend som sjølvstendig land av SN enno, men at data i tabellen er basert på Serbia utan Kosovo.

Serbisk geografi omfattar geografien til Serbia, eit land på Balkan og på Den pannoniske sletta. Det grensar til Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia, Ungarn, Nord-Makedonia, Montenegro og Romania. Det omstridde området Kosovo er av mange land anerkjend som eit sjølvstendig land, men ikkje av Serbia. Kosovo ligg mellom resten av Serbia og Albania. Serbia grensar ikkje til sjø, men Donau vert nytta for skipstrafikk til Svartehavet.

Serbisk geografi
Bovansjøen med fjell i bakgrunnen.
Bovansjøen med fjell i bakgrunnen.
Bovansjøen med fjell i bakgrunnen.
Plassering
Land Serbia
Koordinatar 44°N 21°E / 44°N 21°E / 44; 21
Totale landegrenser 2 026 km
Grenseland Bosnia-Hercegovina 302 km; Bulgaria 318 km, Kroatia 241 km; Ungarn 151 km; Kosovo (352 km) Nord-Makedonia 62 km; Montenegro 124 km; Romania 476 km.
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

77 474 km²
77 474 km²
0 km²
Kystlinje 0 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Midžor (2169 moh)
Timok (28 moh)
Lengste elv Donau (2888 km)


Naturressursar
Olje, naturgass, kol, jernmalm, kopar, sink, antimon, kromitt, gull, sølv, magnesium, svovelkis, kalkstein, marmor, salt, dyrkbar mark
Naturfarar
Jordskjelv
Miljøproblem
Luftforureining rundt Beograd og andre industribyar. Vassforureining frå industriavfall i Sava, som renn ut i Donau.
Geografiske regionar i Serbia.

Generelt

endre

Serbia dekkjer eit areal på 77 474 km² (88 361 km² med Kosovo). Den totale landegrensa er 2026 km (2027 medrekna Kosovo)[1]. Serbia har 6167 registrerte busetnader (207 urbane og 5960 andre (landlege)).[2]

Dyrkbar mark utgjer 19 194 km²[3] og skogområde 19 499 km²[4] av Serbia utan Kosovo.

Geografiske ytterpunkt:

Terreng

endre

Serbia har terreng som varierer frå rike, frodige sletter i Vojvodina i nord, kalksteinsfjells og bekken i aust, gamle fjell og åsar i søraust. I nord dominerer Donau. Ei sideelv, Morava renn gjennom dei meir fjellkledde sørlege regionane.

I Sentral-Serbia består terrenget hovudsakleg av åsar, låge eller mellomhøge fjell, med mange elvar mellom. Dei største kommunikasjonslinjene strekkjer seg i dalføra søraust for Beograd, mot Niš og Skopje (i Nord-Makedonia). Dei største byane i landet ligg langs denne linja, samt den viktigaste jernbanelinja og E75. Aust for denne dalen stig terrenget raskt opp til Balkanfjella og Homolje. I vest stig fjella sakte oppover mot sørvest, men dei dannar ikkje større kjeder. Dei høgaste fjella i dette området er Zlatibor og Kopaonik.

Fjell

endre

Fjell dekkjer store delar av Sentral-Serbia og Kosovo. Fire fjellsystem møter kvarandre i Serbia. Dei dinariske Alpane i vest dekkjer store område og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Karpatane og Balkanfjella går frå nord til sør i det austlege Serbia, vest for Moravadalen. Gamle fjell langs Sør-Morava som er ein del av Rhodopifjella.

Dei viktigaste fjella i Serbia er:

Den høgaste fjelltoppen i Serbia er Midžor på 2169 moh. (med Kosovo er det Đeravica i Prokletije (2656 moh.).

Hydrologi

endre
 
Dei største elvane i Serbia
 
Elva Uvac i Serbia

Nesten heile Serbia (92 %) ligg i nedslagsfeltet til Donau (Svartehavet), eit område i Kosovo (5 %) høyrer til Adriahavet sitt nedslagsfelt, hovudsakleg via Kvite Drin, og resten (3 %) i Kosovo og det sørlege Serbia høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet, hovudsakleg via Vardar.

Bortsett frå Donau, som renn 588 km gjennom Serbia eller som grenseelv (med Kroatia og Romania) er dei største elvane sideelvar til Donau, nemleg Sava, Tisa, Drina og Morava. Berre sistnemnde renn hovudsakleg berre i Serbia. Sideelvane deira dannar eit tett nettverk av mindre elvar.

På grunn av utforminga av terrenget finn ein få og små naturlege innsjøar i Serbia. Dei fleste av dei ligg i Vojvodina, som bresjøen Palić eller dei mange kroksjøane langs elvane. Det finst derimot fleire kunstige innsjøar, hovudsakleg vassreservoar tilknytte vasskraftverk. Den største av desse er Đerdap på Donau, Perućac på Drina og Vlasinasjøen.

Potensialet for vasskraft i Serbia er på rundt 17 000 GWh og rundt 10 000 GWh (60 %) vert utnytta. Serbia har òg eit stort potensial for geotermisk energi, som berre delvis og sporadisk vert utnytta, hovudsakleg av kurstader, som det finst om lag 60 av i Serbia.[5]

Klima

endre

Det meste av Serbia har kontinentalklima. Nedbørmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C. Men ein kan òg få kald luft (kalla kosavavind, ein avart av boravinden) frå Karpatane som strøymer sørover mot Beograd. I slike tilfelle kan det bli svært kaldt.

Om sommaren vernar fjella i vest Serbia frå den kjøligare havlufta, så temperaturane kan då bli svært høge. Fjell er det derimot mykje av òg i Serbia, og snøen ligg gjerne i lange periodar på vinterstid. Beograd har ein årleg nedbørsnormal på 700 mm, og den våtaste tida på året er sommaren, men mesteparten av dette kjem i form av regnbyger, og ofte i samband med torevêr.

Naturbevaring

endre
 
Jernporten i Donau

Serbia har fire nasjonalparkar og mange nasjonale naturreservat.

Nasjonalparkar:

Naturparkar:

Spesielle naturreservat:

Naturmonument:

Kjelder

endre
  1. CIA World Factbook:Serbia, arkivert frå originalen 15. desember 2018, henta 20. mars 2009 
  2. Republički zavod za statistiku Srbije Arkivert 2009-02-19 ved Wayback Machine., Administrativna i teritorijalna podela Republike Srbije
  3. Republic Statistical Office of Serbia, Annual book[daud lenkje], Kapittel 13-Jordbruk
  4. Republički zavod za statistiku Srbije Arkivert 2009-02-19 ved Wayback Machine., Prikaz stanja šuma po površini
  5. Utilization of Geothermal Hydrology in Serbia Arkivert 2004-11-09 ved National and University Library of Iceland, M. Milivojević and M. Martinović, International Geothermal Conference, Reykjavik 2003.