The Final Cut

album av Pink Floyd
(Omdirigert frå Southampton Dock)
The Final Cut
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 21. mars 1983
Innspelt Juli til desember 1982
Studio
Sjanger Kunstrock[4]
Lengd 43:14
Selskap
Produsent
Pink Floyd-kronologi 
A Collection of Great Dance Songs
(1981)
The Final Cut Works
(1983)


Singlar frå The Final Cut
  1. «Not Now John» / «The Hero's Return»
    Utgjeve: 3. mai 1983

The Final Cut er det 12. studioalbumet av det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 21. mars 1983 i Storbritannia og 2. april i USA via Harvest og Columbia Records. Det består av songar som var att etter det førre Pink Floyd-albumet, The Wall (1979), i lag med nye songar spelte inn gjennom 1982.

The Final Cut var det siste Pink Floyd-albumet med den opphavlege medlemmen Roger Waters, som slutta i 1985. Det er òg det einaste Pink Floyd-albumet utan den opphavlege medlemmen og klaverspelaren Richard Wright, som Waters sparka under innspelinga av The Wall. Innspelinga var plaga av krangling. Gitaristen David Gilmour meinte mange av songane ikkje var gode nok, medan Waters skulda han for å ikkje bidra med materiale sjølv. Trommeslagaren Nick Mason sin bidrag var stort sett avgrensa til lydeffektar.

Waters planla albumet som eit filmmusikkalbum for filmutgåva frå 1982 av The Wall.Falklandskrigen braut ut, skreiv han om musikken til eit konseptalbum og utforska det han rekna som sviket mot faren, som døydde under teneste i andre verdskrigen. Waters song solovokal på alle songane utanom ein, og skreiv alle songane sjølv. Det vart laga ein kortfilm til albumet som kom ut same året.

The Final Cut fekk blanda kritikk då det kom, men har i nyare tid blitt sett i eit betre lys. Det selde òg godt og gjekk til topps i Storbritannia og nådde sjetteplassen i USA. Det har seld over to millionar eksemplar.

Bakgrunn endre

The Final Cut var opphavleg planlagt som eit filmmusikkalbum for filmen Pink Floyd – The Wall frå 1982.[5] Under arbeidstittelen Spare Bricks skulle det ha ny musikk eller songar som vart spelt inn på nytt for filmen, slik som «When the Tigers Broke Free». Bassisten, vokaliste og den fremste låtskrivaren Roger Waters planla òg å spele inn nokre nye songar, som fortsette soga på The Wall.[5][6][7]

Falklandskrigen braut ut, endra Waters meining og skreiv om songane. Han såg svaret til den britiske statsministeren Margaret Thatcher på invasjonen til Argentina av øyane som jingoistisk og unødvendig, og dediserte det nye albumet, som fekk den mellombelse tittelen Requiem for a Post-War Dream—til faren, Eric Fletcher Waters. Han var fenrik i 8. Royal Fusiliers og døydde under andre verdskrigen i Aprilia i Italia den 18. februar 1944.[8] Waters sa:

« The Final Cut var om korleis etter velferdsstaten vart innført følte me at me flytta oss framover i noko som likna eit liberalt land der me alle passa på kvarandre ... men eg såg alt det bli svindla bort og eg hadde sett at eit nesten Dickens-aktig samfunn kom attende under Margaret Thatcher. Eg følte då, som no, at den britiske regjeringa burde ha følgd diplomatiske vegar, i staden for å bruke makt i Sør-Atlanteren.[5] »

Gitaristen David Gilmour mislikte politiseringa til Waters, og den nye kunstnariske retninga førte til mange harde diskusjonar. Fleire spor som ikkje vart nytta på The Wall, inkludert «Your Possible Pasts», «One of the Few», «The Final Cut» og «The Hero's Return», hadde blitt sett til side for Spare Bricks, og sjølv om Pink Floyd ofte hadde brukt opp att songar, meinte Gilmour at desse songane ikkje var gode nok for eit nytt album. Han ønskte å skrive nytt materiale, men Waters var tvilande sidan Gilmour i den seinare tida hadde bidrege med lite ny musikk.[5] Gilmour sa:

« Eg er absolutt skuldig i å vere lat til tider, og det var ein augneblink då Roger kunne seie «Vel, kva har du?» Og eg sa, «Vel, eg har ikkje noko akkurat no. Gje meg litt tid til å få nokre idear ned på band.» Det er element i alt dette som du år seinare kan sjå attende på og seie «Vel, du hadde eit poeng der.» Men det var ikkje riktig av han å ta med dårlege spor på The Final Cut. Eg sa til Roger, «Om desse songane ikkje var gode nok for The Wall, kvifor er dei gode nok no?»[9] »

Tittelen The Final Cut er ein referanse til William Shakespeare sitt Julius Cæsar: «This was the most unkindest cut of all».[10] «When the Tigers Broke Free» var blitt gjeven ut på singel 26. juli 1982, med «Bring the Boys Back Home» som B-side,[3] og singelen vart merka med «Teken frå albumet The Final Cut» men kom ikkje med på albumet før CD-utgåva frå 2004.[11]

Konsept endre

 
Britiske fallskjermjegerar vaktar argentinske krigsfangar på Falklandsøyane. Waters sin frustrasjon kring hendingane i Falklandskrigen er tydelege på albumet.

The Final Cut er eit antikrigs-konseptalbum som utforskar det Waters rekna som sviket mot falne britiske tenestemenn – som faren – som ofra livet sitt i anda av etterkrigsdraumen. Denne etterkrigsdraumen var det sigeren deira ville føre til i ei meir fredfull verd,[6] der leiarane ikkje lenger var like ivrige til å løyse disputtar med krig. Tekstane på albumet er kritiske til Thatcher. Waters rekna politikken og avgjerslene hennar som eit døme på eit slikt svik. Ho vert omtalt som «Maggie» på heile albumet.

Opningssporet «The Post War Dream» byrjar med ein innspelt annonsering om at erstatninga for «Atlantic Conveyor», eit skip som gjekk tapt i Falklandskrigen, kom til å bli bygd i Japan. Teksten refererer til den døde faren til Waters, tapet av britisk skipsindustri til Japan og Margaret Thatcher, før han går vidare til «Your Possible Pasts», ein omskriven versjon av ein song som ikkje kom med på The Wall. I «One of the Few», ein annan avvist song, er skulelæraren frå The Wall hovudkarakteren, presentert som ein krigshelt som vender attende til det sivile livet. Han klarar ikkje å fortelje om erfaringane sine til kona si, og i «The Hero's Return» vert han pint av tapet av ein i flymannskapet sitt. «The Gunner's Dream» diskuterer etterkrigsdraumen i ei verd fri for tyranni og trugselen om terrorisme (ein referanse til Hyde Park-bombinga). Denne vert etterfølgd av «Paranoid Eyes» der læraren vert alkoholikar.[12][13]

I den andre halvdelen handlar det om forskjellige krigstema. Medan «Southampton Dock» er ein sørgjesong for krigsheltane som kjem heim og soldatane som dreg ut til ein sannsynleg død,[12] handlar «Not Now John» om korleis samfunnet ignorerer politiske og økonomiske problem.[14] «Get Your Filthy Hands Off My Desert» handlar om kva Waters tenkjer om krig og invasjon, og «The Fletcher Memorial Home» (der tittelen er ein referanse til faren til Waters) omhandlar ein fantasifull bruk av «den endelege løysinga» for ei samling av politiske leiarar som Leonid Brezjnev, Menachem Begin og Margaret Thatcher.[15] Tittelsporet på albumet omhandlar etterverknaden av isolasjonen og den seksuelle undertrykkinga til ein mann, medan han tenkjer på å ta sjølvmord og kjempar med å få kontakt med omverda att. Albumet vert avslutta med «Two Suns in the Sunset», som skildrar starten på ein atomkrig: det ultimate resultatet av ei verd besett av krig og kontroll.[12][15]

Innspeling endre

Den amerikanske komponisten Michael Kamen, som hadde arbeidd på The Wall, var medprodusent og hadde ansvar for orkesterarrangementa, i tillegg til å mekle mellom Waters og Gilmour. Han erstatta òg klaverspelaren Richard Wright, som fekk sparken frå bandet under innspelinga av The Wall.[16] James Guthrie var lydteknikar og medprodusent, medan trommespelinga til Mason vart utfylt av Ray Cooper på perkusjon; og då Mason ikkje klarte å spele dei komplekse taktendringane på «Two Suns in the Sunset», vart han erstatta av Andy Newmark. Mason meinte òg at dei mange repetisjonane av «Maggie, what have we done» burde vore instrumentale, og ikkje sungne.[17] Raphael Ravenscroft spelte saksofon. Innspelinga fann stad andre halvdelen av 1982 i åtte forskjellige studio, inkludert heimestudioet til Gilmour i Hookend Manor og Waters sitt Billiard Room Studios i East Sheen.[1][2] Dei andre stadane var Mayfair Studios, Olympic Studios, Abbey Road Studios, Eel Pie Studios, Audio International og RAK Studios.[3]

Kranglinga byrja etter kort tid, og sjølv om Waters og Gilmour først arbeidde saman, og spelte videospelet Donkey Kong når dei hadde ledig tid, valde dei til slutt å arbeide kvar for seg. Lydteknikaren Andy Jackson arbeidde med Waters på vokal og Guthrie arbeidde med Gilmour på gitar. Dei møttest stundom for å diskutere arbeidet dei hadde gjort til då, og sjølv om denne metoden i seg sjølv ikkje var unik, byrja Gilmour å kjenne seg anstrengt, og klarte stundom berre så vidt å halde fatninga. Kamen kjende på presset òg. Waters hadde aldri vore veldig trygg på seg sjølv som vokalist, og ved eit høve, etter fleire forsøk, la Waters merke til at Kamen skreiv i notisblokka si. Han vart rasande og kravde å få sjå kva Kamen gjorde, berre for å sjå at Kamen hadde skrive «I Must Not Fuck Sheep» om att og om att.[2][18]

Som tidlegare Pink Floyd-album, vart det nytta lydeffektar på The Final Cut kombinert med den nyaste lydteknologien. Mason sine bidrag var stort sett berre å spele inn lydeffektar for det eksperimentelle Holophonic-systemet, ein lydprosesseringsteknikk som vart nytta for å gje ein forsterka tredimensjonal effekt til innspelingane. The Final Cut var det andre albumet som nokon sinne brukte denne teknologien.[19] Teknikken er nytta på «Get Your Filthy Hands Off My Desert» og skapar ein lyd av ein eksplosjon som omringar lyttaren. Lydeffektar frå tidlegare Floyd-album vart òg nytta: vinden frå Meddle vart nytta om att og delar av The Dark Side of the Moon, Wish You Were Here, Animals og The Wall.[20]

Etter månader med dårlege forhold og ein endeleg konfrontasjon, vart Gilmour fjerna frå lista som produsent, men vart likevel betalt produsenthonorar.[21] Waters sa han òg var under mykje press og at han tidleg i produksjonen byrja å tvile på om han nokon gong kom til å spele inn musikk att med Gilmour og Mason. Han kan ha trua med å gje ut albumet som eit soloalbum, men sidan Pink Floyd hadde kontrakt med EMI var dette usannsynleg.[2] Mason heldt seg på avstand og sleit med ekteskapsproblem.[22]

I eit intervju i juni 1987 sa Waters:

« The Final Cut var heilt forferdeleg å lage, sjølv om eg har lytta til det i det siste og likar det ganske mykje. Men eg likar ikkje korleis eg syng på det. Du kan høre den galne spenninga som går gjennom det heile. Om du prøver å uttrykkje noko eller vert hindra frå å gjere det fordi du er så prippen ... Det var ei frykteleg tid. Me krangla som hundar og kattar. Me forstod til slutt – eller aksepterte om du vil – at det ikkje var noko band. Det vart verkeleg kasta i mot oss at me ikkje var noko band og ikkje hadde kome overeins på lang tid. Ikkje sidan 1975 då me laga Wish You Were Here. Sjølv då hadde me store usemjer om korleis albumet skulle setjast saman ... Men å lage The Final Cut var forferdeleg. Me arbeidde ikkje i lag i det heile. Eg måtte gjere det meste sjølv, i lag med Michael Kamen, medprodusenten min. Det er ein av dei få sakene eg og 'karane' var samde om. Men ingen andre ville gjere noko med det.[23] »

Plateomslag endre

 
Valmuer er eit tema som går att på omslaget.

Storm Thorgerson, som var med å skipe Hipgnosis, designerar som hadde laga dei fleste Pink Floyd-omslaga til då, vart ikkje nytta som designer på albumet. I staden gjorde Waters det sjølv, ved hjelp av fotografi som svogeren Willie Christie hadde teke.[22] På framsida kan ein sjå ein minnevalmue og fire medaljeband frå andre verdskrigen mot det svarte stoffet på ein jakke eller blazer.

Valmuen går att i designet. På innsida av omslaget er det tre fotografi. Det førte syner ei utstrekt hand som held tre valmuar og i bakgrunnen ein soldat med ryggen til kamera. To andre fotografi syner ein sveisar som arbeider der det japanske flagget er teikna på maska hans og ein atombombeeksplosjon, som refererer til «Two Suns in the Sunset». Teksten er trykte i omslaget. Side ein av vinylplata har eit bilete av ei valmueeng og på side to ligg ein soldat med kniv med andletet ned i valmuene med ein hund ved sidan av seg. På baksida er eit fotografi av ein soldatar om står og held ein filmboks med ein kniv i ryggen.[12] Dette kan syne til det dårlege forholdet mellom Waters og filmregissøren på The Wall, Alan Parker.[15]

Utgjeving endre

Albumet kom ut samstundes med ein kortfilm, som òg var kalla The Final Cut. Filmen består av fire songar frå albumet: «The Gunner's Dream», «The Final Cut», «The Fletcher Memorial Home» og «Not Now John».[24] Han var produsert av Waters og regissert av svogeren Willie Christie, der Waters snakkar med ein psykiater kalla A. Parker-Marshall. Alex McAvoy, som spelte læraren i Pink Floyd – The Wall, er med i kortfilmen.[25]

The Final Cut kom ut i Storbritannia 21. mars 1983 og i USA den 2. april.[26] Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista, som var høgare på lista enn både The Dark Side of the Moon og The Wall. Albumet selde ikkje like godt i Amerika og nådde sjetteplassen Billboard-lista.[26] «Not Now John» vart gjeven ut på singel og nådde topp 30 i Storbritannia, men refrenget med «Fuck all that» vart sensurert til «Stuff all that».[27]

The Final Cut kom ut på CD i 1983. Ei ommastra utgåve kom ut på CD i 2004 med ein ekstra song, «When the Tigers Broke Free», som ikkje var gjeven ut før.[28] I 2007 vart ei ommastra utgåve gjeve ut som ein del av plateboksen Oh, by the Way, innpakka i ei miniatyrutgåve av det originale dobbeltfalsa LP-omslaget.[29]

Med over ein million selde eksemplar i USA vart plata sertifisert til platinaplate i mai 1983. Det hadde oppnådd dobbel platinastatus i 1997.[30] The Final Cut vart det Pink Floyd-albumet som selde dårlegast i USA og verda sidan Meddle. Gilmour hevda at dette synte at han hadde rett når han sa at materialet var svakt.[31] Waters svarte:

« Det er absolutt latterleg å dømme ei plate berre etter salstala. Om du skal bruke salstala som det einaste kriteriet, så er Grease ei betre plate enn Graceland. Uansett, eg var i grønsaksbutikken og ei kvinne i førtiåra og pelskåpe kom bort til meg. Ho sa det var den mest rørande plata ho hadde høyrd. Faren hennar hadde òg mista livet i andre verdskrigen. Og eg gjekk attende til bilen med seks kilo poteter og køyrde heim og tenkte at det var godt nok.[23] »

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [32]
The Daily Telegraph     [33]
Drowned in Sound4/10[34]
MusicHound2.5/5[35]
Paste7.8/10[36]
Pitchfork Media9.0/10[37]
Robert ChristgauC+[38]
Rolling Stone     [39]
The Rolling Stone Album Guide     [40]

The Final Cut fekk blanda kritikk.[27] Melody Maker såg på det som «ein milepåle i historia om grufulle hendingar»,[12] og NME-skribenten Richard Cook skreiv: «Som dei stakkars, fordømde Tommies som brydde tankane hans, har låtskrivinga til Roger Waters blitt sprengd til helvete ... Waters stoppa med The Wall, og The Final Cut isolerer og sjonglerer dei same temaa og konseptet utan ny drivkraft.»[41] Robert Christgau skreiv: «det er trøystande å kome over antikrigsrock som har tyngda av mange år med sjølvmedynk bak seg», og gav albumet karakteren C+.[42]

Rolling Stone og Kurt Loder var meir imponert og skreiv «det er i røynda eit soloalbum av Roger Waters ... ei ypparleg utføring på fleire nivå».[12][43] Dan Hedges i Record var òg nøgd og skreiv «På papiret høyrest det banalt og utstudert ut – den slags som har blitt laga til det uendelege av alle frå P.F. Sloan til Paul Kantner. For Pink Floyd fungerer det framleis, delvis gjennom underdrivinga og den kløktige musikken og spesialeffektane ... men mest av alt gjennom omsorga Waters har hatt i å plotte ut bileta i dei nakne visjonane sine.»[44]

Etterverknad endre

Utan planar om å turnere med albumet,[45] byrja Waters og Gilmour i staden på kvar sine soloprosjekt. Gilmour spelte inn og turnerte med About Face i 1984, og brukte det til å uttrykkje kjenslene sine om ei rekkje tema frå drapet på John Lennon til forholdet hans til Waters, som òg la ut på turné med det nye soloalbumet sitt, The Pros and Cons of Hitch Hiking.[46] Mason gav ut det andre soloalbumet Profiles, i august 1985.[47]

Med fare for eit potensielt kostbart søksmål frå plateselskapet og bandmedlemmane,[48] slutta Waters i 1985. Han meinte at Pink Floyd var «utbrent».[49][50] Han gjekk heilt til høgsteretten for å hindre at Pink Floyd-namnet kunne brukast igjen.[47] Advokatane hans oppdaga at partnarskapen deira aldri var blitt formelt stadfesta, og Waters vende attende til høgsteretten i eit forsøk på å få lagt ned eit veto mot vidare bruk av bandnamnet. Teamet kring Gilmour svara med å sende ut ei pressemelding om at Pink Floyd kom til å halde fram. Han fortalte ein reporter frå Sunday Times at «Roger er ein hund i krybba og eg kjem til å kjempe mot han».[51]

Waters skreiv til EMI og Columbia om at han meinte å forlate gruppa og bad dei frigje han frå kontrakten. Med ei komande rettssak kutta han bandet til manageren Steve O'Rourke og tilsette Peter Rudge som sin eigen manager.[47] Han laga seinare filmmusikken til When the Wind Blows[52] og spelte inn eit nytt soloalbum, Radio K.A.O.S.[53]

Fordi Pink Floyd var dels oppløyst og Waters dominerte prosjektet vert The Final Cut stundom rekna som eit de facto soloalbum av Waters.[31][54][55] Den personlege kvaliteten i tekstane omhandlar kampen til Waters med å forlike seg med fortvilinga si kring eit britisk samfunn i endring og tapet av faren under andre verdskrigen. Gitarsoloane til Gilmour på «Your Possible Pasts» og «The Fletcher Memorial Home» er stundom trekt fram som like bra som dei han spelte på The Wall.[12][56] I nyare tid har meldingane om albumet sett det i lys av at bandet var i ferd med å bli oppløyst. Stephen Thomas Erlewine skreiv for AllMusic at «med sitt sinne, vekt på tekst og lydmessige teksturar, er det klårt at dette er albumet slik Waters meinte det skulle vere. Og det er like klårt at Pink Floyd ikkje kunne ha halde fram i denne retninga.»[32] Stylus Magazine skreiv: «Det handlar om å forfølgje noko større sjølv når du har alle pengane du nokon gong kjem til å trengje. Og så anten mislukkast eller lukkast. Det er opp til det å avgjere om denne plata er ein suksess eller fiasko, men eg endar opp med førstnemnde kvar gong.»[57] Rachel Mann frå The Quietus sa «sjølv om det har sine feil er The Final Cut eit frykteleg bra album» og «har framleis noko nytt å seie».[58] Mike Diver frå Drowned in Sound var mindre sjenerøs: «Det er langt mellom lyspunkta og sjølv på papiret indikerer titlane – som 'The Gunner's Dream' og 'Paranoid Eyes' – ei vanskeleg gjennomlytting.»[34]

Songar endre

The Post War Dream endre

Songen opnar med ein bilradio som skiftar mellom forskjellige stasjonar, noko ein kan sjå i kortfilmen for 'The Final Cut'.

«...a group of business men announced plans to build a nuclear fallout shelter at Peterborough in Cambridgeshire...»
[skiftar kanal]
«...three high court judges have cleared the way...»
[skiftar kanal]
«...It was announced today, that the replacement for the Atlantic Conveyor the container ship lost in the Falklands conflict would be built in Japan, a spokesman for...»
[skiftar kanal]
«...moving in. They say the third world countries, like Bolivia, which produce the drug are suffering from rising violence...»

Songen er tre minuttar lang og består av mange lydeffektar, som robåtar og skrik, som er typisk for albumet. Sjølve musikken startar roleg med synthesizerar og vokalen til Waters. Dette glir så over i ein meir høglydt, teatralsk del dominert av elektrisk gitar. I denne delen ropar Waters meir ut teksten enn han gjorde i starten av songen.

Your Possible Pasts endre

Songen har aldri blitt framført på konsertar, men teksten frå refrenget er med i The Wall-filmen, i lag med tekst frå «5:11 A.M. (The Moment of Clarity)» frå The Pros and Cons of Hitch Hiking, eit soloalbum av Roger Waters som kom ut året etter. Teksten vert lest opp av hovudrolla, Pink, på toalettet mellom songane «Waiting for the Worms» og «Stop».

Songen vart mykje spelt på amerikansk FM-radio då han kom ut og nådde åttande plass på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista våren 1983.

One of the Few endre

Songen er berre litt over eitt minutt lang og inneheld ei tikkande klokke i bakgrunnen og ein jamn trommerytme.

Det britiske doom death metal-bandet Anathema har spelt inn songen på samlinga si Resonance, som òg inneheld ein versjon av songen «Goodbye Cruel World».

The Hero's Return endre

Songen vart opphavleg kalla «Teacher, Teacher» og vart opphavleg spelt inn på Waters sin originale heimelaga demo for The Wall i 1978. Han har aldri vorte spelt live av bandet. Ein utvida versjon av songen, med eit ekstra vers, kalla «The Hero's Return (Parts 1 & 2)» vart gjeven ut som B-side til singelen «Not Now John».

Teksten omhandlar ein krigsveteran som kjem attende til England og kjempar med samvitet sitt på grunn av ting han har gjort og vemmast over korleis ting er i heimlandet. Teksten

Sweetheart, sweetheart are you fast asleep? Good.

'Cause that's the only time that I can really speak to you.

syner skuldkjensla han føler kring eit minne frå krigen.

The Gunner's Dream endre

Songen fortel soga om og tankane til ein artillerist medan han fell død om. Songen starta med lyden av «the gunners dying words on the intercom» («dei siste orda til artilleristen på interkomen») nemnd i den førre songen, «The Hero's Return». Medan artilleristen fell gjennom lufta («floating down through the clouds») drøymer han om ei perfekt verd.

Linja «Don't blow holes in bandsmen by remote control» er ein referanse til bombinga av Hyde Park og Regent's Park i 1982 då IRA plasserte bomber under ein musikktribune og sprengte orkesteret og sivile i nærleiken.

Paranoid Eyes endre

Teksten omhandlar ein mann som prøver å tilpasse seg etter å ha kome heim frå krigen og prøver å ikkje syne for alle at han er svak. Dette omfattar å ikkje snakke om erfaringane sine, særleg når han vert stilt direkte spørsmål om dei. Teksten uttrykker også frykta veteranen har for evnene til menneske bak «petrified eyes» («skrekkslagne augo»). Han vert til slutt alkoholikar etter kvart som han vert eldre, og syner mangel på begeistring for «etterkrigsdraumen» («You believed in their stories / Of fame, fortune, and glory / And now you're lost in a haze / Of alcohol and soft middle-age / The pie in the sky / Turned out to be miles too high / And you hide hide hide / Behind brown and mild eyes»).

Get Your Filthy Hands off My Desert endre

Lydeffektar nytta i denne songen vart seinare nytta på soloalbumet til Roger Waters, Amused to Death i 1992, mellom dei to delane av songen «Late Home Tonight».

Teksten listar opp fleire av verdsleiarane og konfliktar dei har vore involvert i, mellom anna Leonid Brezjnev og invasjonen hans av Afghanistan, Menachem Begin og åtaket på Beirut, Leopoldo Galtieri invaderte Falklandsøyane og motåtaket til Margaret Thatcher som utløyste Falklandskrigen.

The Fletcher Memorial Home endre

Songen syner frustrasjonen til Waters med leiarane i verda etter andre verdskrigen[59], og nemner mange verdsleiarar med namn (Ronald Reagan, Alexander Haig, Menachem Begin, Margaret Thatcher, Ian Paisley, Leonid Brezjnev, Joseph McCarthy og Richard Nixon), og foreslår at desse «colonial wasters of life and limb» bør isolerast på ein spesiell sjukeheim. Han kallar desse leiarane «overgrown infants» («vaksne spedborn») og «incurable tyrants» («ubotelege tyrannar») og foreslår at dei ikkje forstår anna enn vald eller sine eigne andlet på fjernsynsskjermen.

I dei siste linjene samlar han alle «tyrannane» i Fletcher Memorial Home og tenkjer seg å utføre «den endelege løysinga» på dei. Dette knyter songen til det generelle temaet i songen, som endar med «Two Suns in the Sunset» («to soler i solnedgangen»), ein song som skildrar atomkrig som den endelege lagnaden til menneskeheita.

Namnet Fletcher i songen er til ære og minne for faren til Waters, Eric Fletcher Waters, som døydde under andre verdskrigen i Anzio.[59]

Songen vart framført live av Roger Waters for første gong i 2006. Songen finst òg på samleplate Echoes: The Best of Pink Floyd.[60]

Southhampton Dock endre

Songen er spelt av Roger Waters på konsertar i 2000-åra og finst på konsertalbumet og DVDen In the Flesh.

Ein utvida versjon av «Outside the Wall» nytta i filmen The Wall (under rulleteksten), har eit instrumentalt mellomspel som liknar mellomspelet i denne songen.

The Final Cut endre

Som tittelsporet på albumet syner det dei mest intime kjenslene til Waters. Teksten omhandlar etterverknaden for ein mann som har vore isolert og seksuelt undertrykt, og han tenkjer på sjølvmord og kjempar for å nå attende til verda rundt seg. Orkestermotivet liknar det ein kan høyre på «Comfortably Numb», som òg vart instrumentert av Michael Kamen.

Under videoen kan ein sjå Roger Waters som syng til ein psykolog ved sidan av gamle filmopptak frå livet på 1930- og 1940-talet. Han inneheld ein kort gitarsolo av David Gilmour.

Not Now John endre

For meir om dette emnet, sjå Not Now John.

Two Suns in the Sunset endre

Songen omhandlar dei siste minutta til ein mann før verda går under i atomkrig. Midtvegs i songen kan ein høyre tekstlinja, «the sun is in the east, even though the day is done» («sola er i aust, sjølv om dagen er over»), som er ein metafor for eldkula etter ein atomeksplosjon.[61]

Studiomusikar Andy Newmark spelar trommer på songen, fordi Nick Mason ikkje klarte å spele med dei kompliserte taktendringane. Songen vert spelt i ein uvanleg 5/4-takt.[62]

Innhald endre

 
Andy Bown frå Status Quo medverka på orgel på nokre spor.

All solovokal framført av Roger Waters, utanom «Not Now John» av David Gilmour og Waters.

Alle songar er skrivne av Roger Waters.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Post War Dream»3:02
2.«Your Possible Pasts»4:22
3.«One of the Few»1:23
4.«The Hero's Return»2:56
5.«The Gunner's Dream»5:07
6.«Paranoid Eyes»3:40
Total lengd:20:30
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Get Your Filthy Hands Off My Desert»1:19
2.«The Fletcher Memorial Home»4:11
3.«Southampton Dock»2:13
4.«The Final Cut»4:46
5.«Not Now John»5:01
6.«Two Suns in the Sunset»5:14
Total lengd:22:44
2004-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«The Post War Dream»3:00
2.«Your Possible Pasts»4:26
3.«One of the Few»1:11
4.«When the Tigers Broke Free»3:16
5.«The Hero's Return»2:43
6.«The Gunner's Dream»5:18
7.«Paranoid Eyes»3:41
8.«Get Your Filthy Hands Off My Desert»1:17
9.«The Fletcher Memorial Home»4:12
10.«Southampton Dock»2:10
11.«The Final Cut»4:45
12.«Not Now John»4:56
13.«Two Suns in the Sunset»5:23
Total lengd:46:18

Medverkande endre

Pink Floyd

Andre medverkande

Produksjon

  • Roger Waters – produsent, design
  • James Guthrie – produsent, lydteknikar
  • Michael Kamen – produsent
  • David Gilmour – produsent (berre på «When the Tigers Broke Free»)
  • Andrew Jackson – lydteknikar
  • Andy Canelle – assisterande lydteknikar
  • Mike Nocito – assisterande lydteknikar
  • Jules Bowen – assisterande lydteknikar
  • Willie Christie – fotografi
  • Artful Dodgers – design
  • Zuccarelli Labs ltd – holophonics
  • Doug Sax – mastering

Salslister og salstrofé endre

Salslister endre

Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report)[63] 3
Austerrikske album (Ö3 Austria)[64] 3
Canada Top Albums/CDs (RPM)[65] 2
Franske album (SNEP)[66] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[67] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[68] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[69] 1
Norske album (VG-lista)[70] 1
Spanish Albums (AFYVE)[71] 2
Svenske album (Sverigetopplistan)[72] 1
Britiske album (OCC)[73] 1
US Billboard 200[74] 6
Liste (2017) Plassering
Polske album (ZPAV)[75] 41

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[76] Gull 25 000x
Tyskland (BVMI)[77] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[78] Gull 50 000*
Nederland (NVPI)[79] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[80] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[81] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Schaffner 1991, s. 240
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Blake 2008, s. 296–298
  3. 3,0 3,1 3,2 Povey 2007, s. 237
  4. Loder, Kurt (14. april 1983). «The Final Cut». Rolling Stone (på engelsk). Henta 18. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Blake 2008, s. 294–295
  6. 6,0 6,1 Mason 2005, s. 264
  7. Grein, Paul (18. september 1982), Pink Floyd's Next Album Will Have 'Wall' Tie-In, Billboard, s. 11, 44, henta 10. juli 2019 
  8. Blake 2008, s. 13–14; for the Commonwealth War Graves Commission entry on Eric Waters see: «Casualty Details». Commonwealth War Graves Commission. Henta 1. mars 2013. 
  9. Blake 2008, s. 295
  10. Schaffner 1991, s. 238
  11. Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd – The Music and the Mystery. London: Omnibus Press. ISBN 978-1-84938-370-7. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 Blake 2008, s. 299
  13. Mabbett 1995, s. 91–93
  14. DeGagne, Mike, Not Now John – Song Review, allmusic.com, henta 10. juli 2019 
  15. 15,0 15,1 15,2 Schaffner 1991, s. 242
  16. Pareles, Jon (15. september 2008). «Richard Wright, Member of Pink Floyd, Dies at 65». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 24. april 2018. 
  17. Schaffner 1991, s. 239
  18. Mason 2005, s. 268
  19. Mabbett, Andy; Miles, Barry (1994), Pink Floyd: The Visual Documentary, Omnibus Press, ISBN 0-7119-4109-2 
  20. Schaffner 1991, s. 241
  21. Blake 2008, s. 298
  22. 22,0 22,1 Mason 2005, s. 273
  23. 23,0 23,1 Roger Waters intervjua av Chris Salewicz, juni 1987.
  24. Povey 2007, s. 359
  25. Schaffner 1991, s. 244
  26. 26,0 26,1 Povey 2007, s. 348–349
  27. 27,0 27,1 Blake 2008, s. 300
  28. Pink Floyd – The Final Cut (album), ultratop.be, henta 25. september 2009 
  29. Zuel, Bernard (9. januar 2008), One last brick in the wall (registration required), The Sydney Morning Herald hosted at infoweb.newsbank.com, s. 25, henta 10. juli 2019 
  30. US Certifications database, riaa.com, arkivert frå originalen 26. juni 2007, henta 28. mars 2009 
  31. 31,0 31,1 Povey 2007, s. 230
  32. 32,0 32,1 Erlewine, Stephen Thomas, The Final Cut – Overview, allmusic.com, henta 10. juli 2019 
  33. McCormick, Neil (20. mai 2014), «Pink Floyd's 14 studioalbums rated», The Daily Telegraph (London), henta 9. juli 2019 
  34. 34,0 34,1 Diver, Mike (1. mai 2004), Pink Floyd: The Final Cut: Remastered, drownedinsound.com, arkivert frå originalen 9. september 2010, henta 10. juli 2019 
  35. Graff & Durchholz 1999, s. 872.
  36. Deusner, Stephen (16. oktober 2011). «Assessing a Legacy: Why Pink Floyd? Reissue Series». Paste. Henta 20. juni 2019. 
  37. Ott, Chris (3. juni 2004), Pink Floyd The Final Cut, Pitchfork Media, arkivert frå originalen 28. desember 2014, henta 9. juli 2019 
  38. Christgau, Robert. «Album: Pink Floyd: The Final Cut». Henta 10. september 2012. 
  39. Loder, Kurt (14. april 1983), «The Final Cut», Rolling Stone, arkivert frå originalen 22. juni 2008, henta 1. april 2016 
  40. Sheffield, Rob (2. november 2004), «Pink Floyd: Album Guide», Rolling Stone (Wenner Media, Fireside Books), arkivert frå originalen 17. februar 2011, henta 9. juli 2019 
  41. Cook, Richard (19. mars 1983), «Over The Wall And Into The Dumper: Pink Floyd's The Final Cut», NME ; available at Rock's Backpages (krev brukar)
  42. Christgau, Robert (1983), «Consumer Guide Album», The Village Voice (robertchristgau.com), henta 10. juli 2019 
  43. Loder, Kurt (14. april 1983), Pink Floyd – The Final Cut, rollingstone.com, arkivert frå originalen 17. oktober 2010, henta 10. juli 2019 
  44. Hedges, Dan (June 1983), «The Final Cut review», Record 2 (8): 24 
  45. Mason 2005, s. 274
  46. Blake 2008, s. 302–309
  47. 47,0 47,1 47,2 Blake 2008, s. 311–313
  48. Povey 2007, s. 240
  49. Schaffner 1991, s. 262–263
  50. Jones, Peter (22. november 1986), It's the Final Cut: Pink Floyd to Split Officially, Billboard, s. 70, henta 10. juli 2019 
  51. Schaffner 1991, s. 271
  52. Schaffner 1991, s. 263
  53. Schaffner 1991, s. 264–266
  54. Watkinson & Anderson 2001, s. 133
  55. Mabbett 1995, s. 89
  56. Schaffner 1991, s. 238–239
  57. Burns, Todd (1. september 2003), On Second Thought: Pink Floyd – The Final Cut, stylusmagazine.com, arkivert frå originalen 5. februar 2010, henta 10. juli 2019 
  58. Mann, Rachel (17. juni 2013), 30 Years On: Pink Floyd's The Final Cut Revisited, The Quietus, henta 13. juni 2019 
  59. 59,0 59,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juni 2011, henta 21. februar 2011 
  60. http://www.cduniverse.com/search/xx/music/pid/2232147/a/Echoes:+The+Best+Of+Pink+Floyd.htm
  61. Glenn Povey (2007). Echoes: The Complete History of Pink Floyd. Mind Head Publishing. ISBN 0-9554624-0-1. 
  62. Classic Rock Magazine, Vintage Pink Floyd Interview
  63. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  64. "Pink Floyd - The Final Cut" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  65. "Top RPM Albums: Nummer 6293a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. juli 2019.
  66. "Pink Floyd – The Final Cut". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  67. "Pink Floyd – The Final Cut". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  68. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – The Final Cut" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2019.
  69. "Pink Floyd – The Final Cut". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  70. "Pink Floyd – The Final Cut". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  71. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  72. "Pink Floyd – The Final Cut". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  73. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  74. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  75. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 2. februar 2017.
  76. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – The Final Cut» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 9. juli 2019.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter The Final Cut in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  77. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'The Final Cut')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 9. juli 2019. 
  78. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – The Final Cut» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 30. januar 2017.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  79. «Dutch album salstrofé – Pink Floyd – The Final Cut» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 13. september 2018. 
  80. «British album salstrofé – Pink Floyd – The Final Cut». British Phonographic Industry. Henta 9. juli 2019.  Enter The Final Cut in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  81. «American album salstrofé – Pink Floyd – The Final Cut». Recording Industry Association of America. Henta 9. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Final Cut