Verdscupen i skiskyting 1996

Verdscupen i skiskyting 1996 tok til 7. desember 1995 og vart avslutta 17. mars 1996. Turneringa omfatta 14 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Oslo i Noreg, Antholz i Italia, Osrblie i Slovakia, Ruhpolding i Tyskland, Pokljuka i Slovenia og Hochfilzen i Austerrike

Dei mannlege utøvarane tevla i sju 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar. Vladimir Dratsjov, som repersenterte Russland, vaann fem av renna og sigra med stor margin til andremann, Viktor Majgurov. Tyske Sven Fischer la beslag på tredjeplassen.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, sju renn over kvar av distansane. Dessutan i seks stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar. Franske Emmanuelle Claret gjekk til topps i turneringa, på dei neste plassane kom Uschi Disl og Petra Behle som begge representerte Tyskland.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Vladimir Dratsjov   Russland 276 5
2 Viktor Majgurov   Belarus 204 1
3 Sven Fischer   Tyskland 184 2
4 Pieralberto Carrara   Italia 166
5 Ludwig Gredler   Austerrike 162 2
6 Sergej Tarasov   Russland 159 1
7 Ricco Gross   Tyskland 157
8 Frank Luck   Tyskland 150
9 Ole Einar Bjørndalen   Noreg 141 1
10 Aleksej Kobelev   Russland 137
11 Frode Andresen   Noreg 133
12 René Cattarinussi   Italia 129
13 Sergej Rozjkov   Russland 122 1
14 Vadim Sasjurin   Belarus 115
15 Halvard Hanevold   Noreg 111
16 Aleksandr Popov   Belarus 110
17 Raphaël Poirée   Frankrike 108
18 Jon Åge Tyldum   Noreg 100
19 Pavel Muslimov   Russland 99
20 Vesa Hietalahti   Finland 96 1
21 Mark Kirchner   Tyskland 96
22 Hubert Leitgeb   Italia 93
23 Hervé Flandin   Frankrike 81
24 Ville Räikkönen   Finland 80
25 Franck Perrot   Frankrike 74

Kvinner

endre

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Emmanuelle Claret   Frankrike 226 2
2 Uschi Disl   Tyskland 212 4
3 Petra Behle   Tyskland 191 1
4 Andreja Grašič   Slovenia 187 1
5 Magdalena Wallin   Sverige 178 1
6 Florence Baverel   Frankrike 173
7 Nathalie Santer   Italia 173
8 Anne Briand   Frankrike 170
9 Svetlana Paramygina   Belarus 157 1
10 Olga Melnik   Russland 157
11 Corinne Niogret   Frankrike 151
12 Hildegunn Fossen Mikkelsplass   Noreg 143
13 Ann Elen Skjelbreid   Noreg 127
14 Annette Sikveland   Noreg 124
15 Simone Greiner-Petter   Tyskland 120 1
16 Olena Petrova   Ukraina 119
17 Olga Romasko   Russland 115 1
18 Tetjana Vodopjanova   Ukraina 107 1
19 Soňa Mihoková   Slovakia 105 1
20 Eva Háková   Tsjekkia 78
21 Olena Zubrilova   Ukraina 78
22 Galina Kukleva   Russland 71
23 Myriam Bédard   Canada 70
24 Mari Lampinen   Finland 68
25 Brigitte Weisleitner   Austerrike 60

Kjelder

endre