Verdscupen i skiskyting 2004

Verdscupen i skiskyting 2004 tok til 4. desember 2003 og vart avslutta 4. mars 2004. Turneringa omfatta 26 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Kontiolahti i Finland, Hochfilzen i Austerrike, Osrblie i Slovakia, Pokljuka i Slovenia, Ruhpolding og Oberhof i Tyskland, Antholz i Italia, Lake Placid og Fort Kent i USA, Oslo i Noreg.

Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, ni stk 10-kilometer sprint, sju jaktstartar à 12,5 km og fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Kvinnene tevla i tre 15 km normalprogram, ni stk 7,5 km sprint, sju jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. Dessutan vart det arrangert fire stafettar over 4 x 6 km.

Ekteparet Raphaël Poirée frå Frankrike og Liv Grete Skjelbreid frå Noreg sigra i kvar si verdscup-turnering. Det var Poirées fjerde og siste sesong-triumf i verdscupen. Av karane kom Ole Einar Bjørndalen på andreplass i verdscupen, som året før la tyske Ricco Gross beslag på tredjeplassen. Av kvinnene var russiske Olga Pyljova den nestbeste, medan franske Sandrine Bailly vart nummer tre samanlagt.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Raphaël Poirée   Frankrike 1010 11
2 Ole Einar Bjørndalen   Noreg 901 5
3 Ricco Gross   Tyskland 768 1
4 Halvard Hanevold   Noreg 688 2
5 Lars Berger   Noreg 589 3
6 Sergej Rozjkov   Russland 578 1
7 Tomasz Sikora   Polen 516
8 Frode Andresen   Noreg 514
9 Sven Fischer   Tyskland 512 2
10 Vladimir Dratsjov   Belarus 503
11 Stian Eckhoff   Noreg 492
12 Egil Gjelland   Noreg 436
13 Michael Greis   Tyskland 433
14 Nikolaj N. Kruglov   Russland 390
15 Sergej Konovalov   Russland 387
16 Sergej Tsjepikov   Russland 371 1
17 Vincent Defrasne   Frankrike 367
18 Peter Sendel   Tyskland 346
19 Pavol Hurajt   Slovakia 304
20 Janez Marič   Slovenia 303
21 Ludwig Gredler   Austerrike 303
22 Oleg Ryzjenkov   Belarus 280
23 Ferréol Cannard   Frankrike 218
24 Carl Johan Bergman   Sverige 210
25 Marko Dolenc   Slovenia 209

Kvinner

endre

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Liv Grete Skjelbreid   Noreg 955 7
2 Olga Pyljova   Russland 860 6
3 Sandrine Bailly   Frankrike 788 4
4 Uschi Disl   Tyskland 733 3
5 Anna Bogalij   Russland 687 2
6 Martina Glagow   Tyskland 659 1
7 Katrin Apel   Tyskland 652
8 Kati Wilhelm   Tyskland 561
9 Olena Zubrilova   Ukraina 543 1
10 Olga A. Zajtseva   Russland 489
11 Svetlana Isjmuratova   Russland 479
12 Simone Denkinger   Tyskland 479
13 Gunn Margit Andreassen   Noreg 455
14 Jekaterina Dafovska   Bulgaria 437
15 Albina Akhatova   Russland 421
16 Liu Xianjing   Kina 359
17 Jekaterina Ivanova   Kviterussland 358
18 Christelle Gros   Frankrike 325
19 Olga V. Nazarova   Belarus 311
20 Michela Ponza   Italia 305
21 Irina Nikultsjina   Bulgaria 295
22 Kateřina Holubcová   Tsjekkia 265
23 Magdalena Gwizdoń   Polen 252
24 Natalja Guseva   Russland 250 1
25 Anna Carin Olofsson   Sverige 236
26 Linda Tjørhom   Noreg 235 1
27 Gro Marit Istad Kristiansen   Noreg 224

Kjelder

endre