60 damer du skulle ha møtt
60 damer du skulle ha møtt er ei norsk biografisk teikneseriebok frå 2016, skriven av Marta Breen og teikna av Jenny Jordahl. Boka vart utgjeve på Manifest forlag.[1] Forfattarane grunngav boka med at «det var deprimerande å innsjå at historiene om menneskje i så stor grad vert fortalde med kvinner i ei evig birolle».[2] Boka samlar difor «60 namn dei mener burde fått ein større plass i norsk sakprosa».[3] Det er òg laga ein kortstokk til boka.[4]
Kvinnene som vert omtalte
endrePersonane er lista etter rekkjefylgda i boka. Stikkorda om yrke/rolle er berre rettleiande.
- Camilla Collett, forfattar
- Aasta Hansteen, målar, aktivist
- Sigrid Undset, forfattar
- Lisa Kristoffersen, dyrevernar
- Cathinka Guldberg, sjukepleiegründer
- Fredrikke Marie Qvam, organisasjonsgründer
- Amalie Skram, forfattar
- Ragna Nielsen, skule- og foreiningsgründer
- Gina Krog, røysterettsaktivist
- Hanna Brummenæs og Bertha Torgersen, skipsreiarar i Brummenæs & Torgersen
- Oda Krohg, målar
- Fernanda Nissen, fagforeiningsleiar
- Ellisif Wessel, fotograf og aktivist
- Marie Høeg, fotograf
- Betzy Kjelsberg, fabrikkinspektør
- Katti Anker Møller, sosialpolitikar
- Kristine Bonnevie, professor i zoologi
- Anna Munch, forfattar
- Nanna With, redaktør og forleggjar
- Elsa Laula Renberg, samepolitisk aktivist
- Aasa Helgesen, ordførar
- Cora Sandel, forfattar
- Synnøve Finden, ysterigründer
- Elise Ottesen-Jensen, seksualopplysar
- Pauline Hall, komponist
- Hannah Ryggen, vevkunstnar
- Ingeborg Refling Hagen, forfattar
- Birgit Nissen, journalist og Ravensbrück-fange
- Elisabeth Meyer, fotojournalist
- Åse Gruda Skard, barnepsykolog
- Ingrid Bjerkås, prest
- Nic Waal, psykiater
- Lise Lindbæk, journalist
- Inger Hagerup, forfattar
- Gerda Grepp, krigsjournalist
- Annie Skau Berntsen, sjukepleiemisjonær
- Henriette Bie Lorentzen, lærar og fredsaktivist
- Sonja Henie, skøytelaupar og skodespelar
- Solveig Muren Sanden, teikneserieskapar
- Halldis Moren Vesaas, forfattar
- Gunvor Hofmo, forfattar
- The Dandy Girls, popband (Inger Tragethon, Torill Bakken, Marit Hurum, Anne Skotland)
- Amtmandens døtre, visegruppe (Bente Geving, Kjersti Martinsen, Hege Rimestad, Nina Badendyck, Mette Grindstad, Tina Austad, Ruth Eckhoff)
- Bergljot Hobæk Haff, forfattar
- Karen-Christine Friele, homoaktivist
- Randi Hultin, jazzjournalist
- Ebba Haslund, forfattar
- Radka Toneff, jazzsongar
- Grete Waitz, langdistanselaupar
- Shilan Shorsh, menneskerettsaktivist
- Wenche Foss, skodespelar
- Holmenkollstafetten og kampen for at kvinner kunne delta
- Engebret-rørsla, journalistklubb 1974
- Kvinnene på Våler Skurlag, arbeidskonflikt 1975
Fotnotar
endre- ↑ Marta Breen (2016). 60 damer du skulle ha møtt. Manifest forlag. ISBN 978-82-8342-014-2.
- ↑ «To damer du skulle ha møtt» (på norsk). Agenda magasin. 4. september 2016. Henta 8. mars 2017.
- ↑ Hanna Huglen Revheim (30. august 2016). «Lager «kvinnehistorie for dummies»» (på norsk). NRK. Henta 8. mars 2017.
- ↑ «Kortstokk: 55 damer du skulle ha møtt» (på norsk). Forlaget Manifest. Henta 8. mars 2017.