Denebola

(Omdirigert frå Beta Leonis)

Denebola (β Leo, β Leonis, Beta Leonis) er den tredje mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Løva. Ho er ei hovudseriestjerne klasse A med 75 % større masse enn sola og tolv gonger luminositeten til sola. Basert på parallaksemålingar frå Hipparcos-satellitten,[10] ligg stjerna kring 36 lysår frå jorda.[1] Den tilsynelatande storleiksklassen er 2,14, som gjer stjerna lett synleg for det nakne auga. Denebola er ei Delta Scuti-variabel stjerne, som tyder at luminositeten varierer noko over ein periode på nokre få timar.[3]

Denebola
Diagram showing star positions and boundaries of the Cepheus stjernebilete and its surroundings

Location of Denebola (circled)
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Løva
Rektascensjon 11h 49m 03.57834s[1]
Deklinasjon +14° 34′ 19.4090″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.113[2]
Karakteristikk
SpektralklasseA3Va
U−B fargeindeks+0.153[2]
B−V fargeindeks+0.107[2]
Variabel typeδ Sct[3]
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)–0.2[4] km/s
Eigarørsle (μ) RA: –497.68[1] mas/år
Dek.: –114.67[1] mas/år
Parallakse (π)90.91 ± 0.52[1] mas
Avstand35,9 ± 0,2 ly
(11,00 ± 0,06 pc)
Detaljar
Masse1.75[5] M
Radius1.728[5] R
Luminositet15[5] L
Overflategravitasjon (log g)4.0[6] cgs
Temperatur8,500[6] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i)128[7] km/s
Andre namn
Databasereferanse
SIMBADdata

Etymologi endre

Namnet er forkorta frå Deneb Alased, frå det arabiske uttrykket ذنب الاسد, ðanab al-asad «løvehalen», og representeret halen i stjernebiletet Løva.[11] Deneb i Svanen har eit liknande opphav. I Alphonsine Tables vart ho oppført som Denebalezeth.[12] På stjernekartet til R.A. Proctor frå 1871 over den nordlege himmelkula, vart ho kalla Deneb Aleet. Dei gamle kinesiske astronomane kalla ho den første stjerna i den fem stjerner store asterismen «Setet til dei fem keisarane», og dekk det kinesiske namnet 五帝座一 (Wǔdìzuò-yī). I astrologi vart Denebola trudd å varsle om uhell og unåde.[13]

I Johann Bayer-verket Uranometria, publisert i 1603, fekk stjerna nemnminga β Leonis; som den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Løva. I 1725 gav John Flamsteed stjerna nemninga 94 Leo.

På 1400-talet gav astronomen Ulugh Beg stjerna namnet Al Ṣarfah, «Endraren» (t.d. av vêret).[14]

Eigenskapar endre

Denebola er ei relativt ung stjerne med ein alder mindre enn 400 million år. Interferometriske observasjonar tyder at ho har ein radius som er 173 % av sola, men stor rotasjonssnøggleik gjer at ho er flattrykt ved polane og buler ut ved ekvator. Ho har ein masse som er 75% av sola sin, noko som gjer at ho har ein mykje høgare total luminositet og eit kortare liv enn hovudserien.[5]

Basert på spektrumet til stjerna er stjerneklassifiseringa A3 V,[15] med luminositetsklasse 'V' som indikerer at dette er ein normal hovudseriestjerne som genererer energi gjennom kjernefusjon av hydrogen i kjernen. Effektiv temperatur i den ytre envelopen er kring 8 500 K, som gjer at ho lyser kvitt, som er vanleg for ei klasse A-stjerne. Denebola har høg projisert rotasjonssnøggleik på 128 km/s, som er av same storleiksorden som den særs raskt roterande stjerna Achernar. Sola har til samanlikning ein rotasjonssnøggleik på berre 2 km/s.[6] Ein trur stjerna er ei Delta Scuti-variabel stjerne med svingingar i luminositet på 0,025 storleiksklassar omtrent ti gonger kvar dag.[3]

Denebola har eit kraftig infraraudt overskot, som mest truleg kjema v ei fragmentskive av kjølig støv som krinsar rundt stjerna.[16] Sidan ein trur solsystemet oppstod frå ei slik skive, kan Denebola og liknande stjerner som Vega og Beta Pictoris vere gode kandidatar for å ha exoplanetar. Støvet kring Denebola har ein temperatur på kring 120 Kelvin. Observasjonar frå Herschel romobservatorium syner at disken kan strekkje seg 39 astronomiske einingar ut frå stjerna, eller 39 gonger avstanden frå jorda til sola.[17]

Kinematiske studioar har vist at Denebola er ein del av stjernegruppa IC 2391. Alle stjernene i denne gruppa følgjer omtrent same rørsla gjennom rommet, men dei er ikkje knytt til kvarandre av tyngdekrafta. Denne indikerer at dei har oppstått på same stad, og kanskje i starten danna ein open hop. Ander stjerner i denne samlinga er Alfa Pictoris, Beta Canis Minoris og den open hopen IC 2391. I alt har ein identifisert meir enn seksti mogelege medlemmar i denne gruppa.[18]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gutierrez-Moreno, Adelina; et al. (1966), A System of photometric standards 1, Publicaciones Universidad de Chile, Department de Astronomy, s. 1–17, Bibcode:1966PDAUC...1....1G 
  3. 3,0 3,1 3,2 Mkrtichian, D. E.; Yurkov, A. (5–7. november 1997). «β Leo - Back to Delta Scuti Stars?». Proceedings of the 20th Stellar Conference of the Czech and Slovak Astronomical Institutes. Brno, Czech Republic: Dordrecht, D. Reidel Publishing Co. s. 172. Bibcode:1998vsr..conf..143M. ISBN 80-85882-08-6. 
  4. Evans, D. S. (June 20–24, 1966), Batten, Alan Henry; Heard, John Frederick, red., The Revision of the General Catalogue of Radial Velocities, University of Toronto: International Astronomical Union, henta 5. september 2015 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Di Folco, E.; et al. (2004). «VLTI near-IR interferometric observations of Vega-like stjerner». Astronomy and Astrophysics 426 (2): 601–617. Bibcode:2004A&A...426..601D. doi:10.1051/0004-6361:20047189. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Acke, B.; Waelkens, C. (2004). «Chemical analysis of 24 dusty (pre-)hovudseriestjernes». Astronomy and Astrophysics 427 (3): 1009–1017. Bibcode:2004A&A...427.1009A. arXiv:astro-ph/0408221. doi:10.1051/0004-6361:20041460. 
  7. Royer, F.; Zorec, J.; Gómez, A. E. (February 2007), «Rotational velocities of klasse A-stjernes. III. Velocity distributions», Astronomy and Astrophysics 463 (2): 671–682, Bibcode:2007A&A...463..671R, arXiv:astro-ph/0610785, doi:10.1051/0004-6361:20065224 
  8. «SIMBAD query result: V* bet Leo -- Variable Star of delta Sct type». Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 18. juni 2007. 
  9. «Denebola». Alcyone. Henta 5. september 2015. [daud lenkje]
  10. Perryman, Michael (2010), The Making of History's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5 
  11. Allen, R. H. (1963), Star Names: Their Lore and Meaning (Reprint utg.), New York, NY: Dover Publications Inc, s. 258, ISBN 0-486-21079-0, henta 5. september 2015 
  12. Kunitzsch, Paul (1986). «The Star Catalogue Commonly Appended to the Alfonsine Tables». Journal for the History of Astronomy 17 (49): 89–98. Bibcode:1986JHA....17...89K. 
  13. Allen, Richard Hinckley (1899). Star Names and their Meanings. New York, Leipzig: G. E. Stechert. 
  14. LacusCurtius • Allen's Star Names — Leo
  15. Cowley, A.; et al. (April 1969), «A study of the bright A stjerner. I. A catalogue med spektralklassar», Astronomical Journal 74: 375–406, Bibcode:1969AJ.....74..375C, doi:10.1086/110819 
  16. Cote, J. (1987). «B and A type stjerner with unexpectedly large colour excesses at IRAS wavelengths». Astronomy and Astrophysics 181 (1): 77–84. Bibcode:1987A&A...181...77C. 
  17. Matthews, B. C.; et al. (2010). «Resolving debris discs in the far-infrared: Early highlights from the DEBRIS survey». Astronomy and Astrophysics 518: L135. Bibcode:2010A&A...518L.135M. doi:10.1051/0004-6361/201014667. 
  18. Eggen, O. J. (1991). «The IC 2391 supercluster». Astronomical Journal 102: 2028–2040. Bibcode:1991AJ....102.2028E. doi:10.1086/116025. 

Bakgrunnsstoff endre