Guyana
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guyana (fleirtyding).
Co-operative Republic of Guyana
(norsk: Guyana, guyansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Dear Land of Guyana, of Rivers and Plains» | ||||||
Motto | engelsk: One People, One Nation, One Destiny (Eit folk, ein nasjon, ein lagnad) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Georgetown | ||||||
Styresett |
Republikk David Granger Moses Nagamootoo | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
214 969 km² (84.) 8,4% | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
737 718 (163.) 749 150 3,4 /km² (193.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
26. mai 1966 | ||||||
Nasjonaldag | 23. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
5 770 mill. USD (163.) 7 800 USD (124.) | ||||||
Valuta | Guyanesk dollar | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +592 | ||||||
Toppnivådomene | .gy
|
Guyana er eit land i det nordaustlege Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet. Landet utgjer ein del av den større Guyanaregionen, og grensar til Brasil, Surinam og Venezuela. Surinam krev å få overta område i det austlege Guyana, og Venezuela gjer krav på område i den vestlege delen av landet.
GeografiEndra
Guyana er tredelt: Landet har ei smal, myrlendt slette langs Atlanterhavskysten, eit sandbelte lengre inne i landet som òg inneheld regnskog og mykje av mineralreservane i Guyana, og eit større høglandsområde som er samansett av savannar og fjell. Det høgaste fjellet er Monte Roraima, med eit toppunkt på 2 810 moh.
Dei viktigaste elvane er Essequibo, Demerara, Corentyne og Berbice.
KlimaEndra
Atlanterhavskysten av Guyana er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mail til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.
Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehageleg.
HistorieEndra
Då europearar kom til området rundt 1500 budde her stammar av arawakar og karibar. I løpet av det neste hundreåret kom det til fleire europeiske busetjingar, først av nederlendarar, som grunnla koloniane Essequibo (1616), Berbice (1627) og Demerara (1752). Storbritannia tok kontroll over koloniane most slutten av 1700-talet og fekk formelt overlevert området frå Nederland i 1814. Dei tre blei slått saman til éin koloni, Britisk Guiana, i 1831.
Administrativ inndelingEndra
RegionarEndra
Guyana er delt inn i ti regionar:
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Guyana» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2005.
- geohive.com - Innbyggjarar