Europeisk geologi

Europeisk geologi er variert og kompleks, og særleg prega av geologiske prosessar i fanerozoikum-eonet i tida 500–280 millionar år sidan. Kontinentet kan grovt sett delast i tre fanerozoiske kontinent: Baltica i nord, Avalonia over Dei britiske øyane, og Gondwana som omfatta Afrika og Sør-Europa. Den mest markante og viktige forkastingssona er Den transeuropeiske forkastingssona som går mellom Baltica (Euramerika, Laurasia) i nord, og Avalonia/Gondwana i sør.

Geologisk kart over Nord-Europa, med Det baltiske skjoldet i grått i nord og Avalonia i grått over England-Nederland. Kartet legg vekt på dei geologiske prosessane mellom kontinenta Avalonia, Baltica og Laurentia i fanerozoikum fra 500 til 280 millionar år sidan. Kartet viser elles to store kollisjonssoner ved Den kaledonske fjellkjeda i grønt og Den herkyneiske fjellkjeda i blått.

Europeisk geologi gjev opphav til stor variasjon i landskap og skapar nokre naturlege fjellbarriærer som har vore geopolitisk viktige gjennom heile historia til kontinentet. Eit stort, nordleg landskap delvis under vatn frå England i vest til Uralfjella i aust, har vore fråskild frå områda rundt Middelhavet ved høgfjellsområde og fjellkjeder som vart danna i kollisjonar med dei ulike «afrikanske» kontinenta i sør. Alpane er den høgaste barriæren, men avgrensar eigenleg berre Italia frå resten av Europa. Viktigare er Den herkyniske fjellkjeda som vart danna i kollisjonen med Gondwana i karbontida, då dei sentraleuropeiske høgfjella vart danna frå Ardennane i vest, via dei midttyske fjella til Karpatane i aust.

Geologisk historie endre

Den geologiske historia til Europa er prega av fire sentrale prosessar.

Inntil 1 700 millionar år sidan danna det seg stabile grunnfjell (kraton) som sidan har hatt lite geologisk aktivitet. Det austeuropeiske kratonet dekkjer store delar av Nord-Europa, men stikk berre opp til overflata i Sverige, Finland, Finnmark og nordvest-Russland, kjent under namnet Det baltiske skjoldet.

Etter grunnfjellstida var dagens Europa utanom Norden i mange periodar dekt av hav, og det vart avsett sedimentære bergartar på havbotnen i form av sandstein og skifer. Desse mjuke, sedimentære laga dekkjer store delar av låglandet i Nord- og Sentral-Europa. Dei ligg over dei sørlege og austlege delane av Det austeuropeiske grunnfjellsområdet heilt bort til Ural, noko som tyder at dette grunnfjellsområdet austom Austersjøen ikkje er ein overflatisk kraton, men ei underjordisk plattform.

For 500–400 millionar år sidan vart ein tredje hovedstruktur danna, då den langsame kollisjonen med Den nordamerikanske plata skapte den kaledonske fjellkjedefoldinga med oppbygging av nordaustgåande foldefjell i Skottland og store delar av Noreg. Det starta med at havbotnsskorpe frå Iaptetushavet folda seg opp i dekke over Skottland og Noreg, og etter 100 millionar år inntrefte sjølve kollisjonen. Dette skapte det vesle superkontinentet Euramerika (eller Laurasia), som var tørt og ørkenprega («the Old Red Continent»)

Den fjerde større landskapsdanninga skjedde i slutten av karbon for om lag 320 millionar år sidan, då Den afrikanske plata (Gondwanaland) støtte mot «Europa»-plata Euramerika frå sør og folda opp lågare fjellområde, i dagens Spania, sørlege Frankrike, sørlege Tyskland, vestre Tsjekkia, Belgia, Wales og sørlege Irland. Desse hyrkeneiske fjellkjedene er høgast i sør nærast kollisjonssonen, og blir gradvis lågare når ein kjem lengre nord. Ardennane i Belgia er dei nordlegaste. Områda like nord for kollisjonssida, i nordskråningane av den herkyneiske fjellkjedelinja, har store førekomstar av kol langs ei linje Wales–Belgia–Tyskland–Polen.

For 135 millionar år sidan støtte Gondwana (Afrika) igjen mot Europa i krit, eit samanstøyt som varte i 100 millionar år fram til oligocen-perioden. Denne valdsame samanstøyten skapte Alpane, det mektigaste fjellmassivet på kontinentet.

Grunnfjellsskjold og paleokontinent endre

Europa består av følgjande kraton og paleokontinent, rekna frå aust:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre