Mauritania

(Omdirigert frå Mauretania)

Mauritania er ein stat nordvest i Afrika. Han har kyst mot Atlanterhavet i vest og grense til Vest-Sahara (annektert av Marokko) i nordvest, Algerie i nordaust, Mali i søraust og Senegal i sørvest. Hamnebyen Nouakchott er hovudstad og største by. Landet er kalla opp etter det gamle berbarriket og den seinare romerske provinsen Mauretania. Namnet betyr ‘maurarlandet’.[1]

الجمهورية الإسلامية الموريتان
(Al-Jumhuriyah al-Islamiyah al-Muritaniyah)
République Islamique de Mauritanie

(norsk: Mauritania, mauritansk)

Det mauritanske flagget Det mauritanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nachid al-kitab»
Motto شرف إخاء عدل (arabisk), Honneur, Fraternité, Justice ('Ære, brorskap, rettferd'
Geografisk plassering av Mauritania
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Nouakchott
Styresett
Republikk
Mohamed Ould Ghazouani
Mohamed Ould Bilal
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 030 700 km² (28.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 758 571 (130.)
3,6 /km² (192.)
Sjølvstende
frå Frankrike
28. november 1960
Nasjonaldag 28. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
16 430 mill. USD (146.)
5 000 USD (143.)
Valuta Ouguiya
Tidssone UTC
Telefonkode +222
Toppnivådomene .mr


Kulturelt og politisk er landet del av den arabiske verda. Det er medlem av Den arabiske ligaen, og arabisk er det einaste offisielle språket. Grunna fortida som fransk koloni er også fransk utbreidd, og vert nytta som lingua franca. Den offisielle religionen er islam, og nesten alle innbyggjarane er sunnimuslimar. Trass i den arabiske identiteten er Mauritania eit fleiretnisk samfunn. Bidhan, eller såkalla «kvite maurarar», utgjer rundt 30 % av folketalet,[2] medan haratin, eller såkalla «svarte maurarar», utgjer rundt 40 %.[2] Begge gruppene reflekterer blandinga av arabisk-berbisk etnisitet, språk og kultur. Dei gjenverande 30 % av befolkninga er danna av ulike grupper knytte til Afrika sør for Sahara.

Kart over Mauritania

Trass i mange naturressursar, som jernmalm og petroleum, er Mauritania eit fattig land. Økonomien byggjer hovudsakleg på jordbruk, husdyrhald og fiske. Landet er kjend for fleire brot på menneskerettar, der særleg eit framhald av slaveri er verdt å merka seg. Slaveriet byggjer på eit historisk kastesystem mellom bidhan og haratin. Mauritania var det siste landet i verda til å avskaffa slaveri, i 1981, og gjorde det fyrst ulovleg å eiga slavar i 2007.

Geografi

endre
 
Fjell i Adrar-regionen; dette definerer landskapet i Mauritania.
 
Bareina, ein landsby sørvest i Mauritania

Mauritania er med sine 1 030 700 km² det 29. største landet i verda. Landområdet består for det meste av ufruktbare sletter i Sahara med nokre åsar i sentrale strøk. Den høgaste delen av landet er Adrarplatået i nordvest, der ein finn det høgaste punktet Kediet Ijill på 915 moh.[1] Det lågaste punktet er Sebkha de Ndrhamcha på 3 muh. Mauritania er eit tørt land med svært mykje ørken og få fjellområde. To tredelar av landet er dekt av Sahara-ørkenen, der det nesten aldri regnar og berre spreidde buskar kan overleva. Dette området er svært tynt folkesett, og opplever ekstreme temperatursvingingar. Bortsett frå i nokre wadiar og oasar er det ikkje noko vegetasjon her. Mendesantilope (addax) er einaste store pattedyret som lever her.[1]

Sahelbeltet og Senegalelva ligg lenger sør i landet, og er eit litt meir fruktbart område enn den enorme ørkenen i nord. Her finst det spreidd vegetasjon med tornebuskar, akasietre, gras og urter som kjem fram etter nedbør.[1] På desse steppeområda og halvørkenen finst det leopard, gaselle, vortesvin og struts.[1] Langs den langstrekte kysten er klimaet meir temperert, men også her er det svært lite nedbør, og området er tynt folkesett. I sørvest har landet ei tynn stripe savanne der det veks apebrødtre og gras. Her og ved Senegalelva finst det dyr som flodhest, elefant og løve.[1]

Det største miljøproblemet til Mauritania har sidan tørkeperiodane på 1960- og 70-talet vore ørkenspreiing, der stadig meir fruktbar mark vert dekt av golde sandsletter. Manglande kontroll med hogsten av den sparsame skogen fører til at jordsmonnet vert utarma, og jorda blæs vekk. Landet slit òg med manglande tilgang på reint vatn, både på grunn av sviktande nedbør og på grunn av manglande reinsing av kloakk og utslepp frå industrien.

Klima

endre
 
Mauritania frå den internasjonale romstasjonen

Mauritania utgjer den vestlege delen av Sahara med ei kystlinje mot Atlanterhavet. Landet ligg mellom 15º og 27ºN, og har eit svært varmt og tørt klima det meste av året. Den sørlege halvdelen av landet kan få litt regn mellom juni og oktober når sørvestleg vind (den vest-afrikanske monsunen) fører fuktig luft inn frå Sør-Atlanteren. På denne tida av året er det meir skyer og lufta er forholdsvis fuktig. Resten av året kjem vinden stort sett frå nordaust, og fører med seg svært varm og av og til støvete og disig luft frå dei nordlege områda av Sahara. Denne vinden vert kalla harmattan.

Det nordlege området av landet er så godt som heilt tørt, men kan få ei regnbye og to når som helst på året. Ved kysten kjem regnet hovudsakleg frå juli til oktober, og Nouakchott som ligg her har ein årleg nedbørsnormal på 153 mm, der det aller meste kjem i august. Heilt sør i landet ligg den årlege normalen mellom 300 og 375 mm, men dette varierer frå år til år. Dette regnet er ikkje nok til å drive jordbruk sidan det kjem på den varmaste tida av året.

Store delar av året er klimaet ubehageleg på grunn av sterk varme og tørre forhold. Det er litt kjøligare på kysten, men her er det samtidig meir fukt.

Historie

endre
 
Petroglyfar i Mauritania.

For omkring 3500 år sidan var Sahara-ørkenen fruktbar slettelandskap, med rikt dyre- og planteliv og spreidde busetjingar. Mauritania vart folkesett av berbarar, Niger-Kongo-talarar[3] og bafourfolk. Bafourfolka var blant dei fyrste innbyggjarane i Sahara til å gå vekk frå det tidlegare nomadiske levesettet og bli bufaste landbrukarar. Etterkvart som Sahara vart stadig tørrare migrerte dei sørover.[4]

Andre folkeslag migrerte også sørover, gjennom Sahara og inn i Vest-Afrika. Frå 200-talet til 600-talet kom berbarar frå Nord-Afrika og fordreiv bafourane. Frå 800-talet vart dei sørlege områda av dagens Mauritania dominerte av imperium i Mali og Ghana, medan nordområda vart innlemma i det muslimske Almoravideriket. Ein arabisk tradisjon det er sådd tvil om[5][6] seier at Almoravidane drog sør og overvann det gamle, vidstrekte Ghanariket rundt 1076.[7]

I løpet av dei neste 500 åra overtok arabarar området mot heftig motstand frå berbarane. På 1500-talet erobra marokkanske styrkar store delar av landet og innførte arabisk språk, kultur og samfunnsorganisering. Frå 1644 til 1674 gjorde innfødde folk i området som no utgjer Mauritania det som skulle bli det siste forsøket deira på å driva ut maqilarabarar frå territoriet sitt. Dette forsøket, som ikkje lukkast, er kjent som Char Bouba-krigen. Dei invaderane folka var leia av Beni Hassan-stammen. Etterkomarane etter Beni Hassan-krigarane vart til det øvre sjiktet hjå maurarane i området. Hassaniya, ein beduindialekt av arabisk med namn etter Beni Hassan, vart det dominerande språket blant den hovudsakleg nomadiske folkesetnaden.[8]

Kolonitid

endre
 
Forsøk på å transportera kanon på kamel tidleg på 1900-talet.

Europeiske kolonimakter hadde skipa handelsstasjonar langs heile den vestafrikanske kyststripa. Under Wienerkongressen i 1814-1815 vart Frankrike tilkjent full kontroll over kyststripa i dagens Mauritania og Senegal. I 1825 sendte dei ein ekspedisjon mot emiren av Trarza etter at han hadde forsøkt å få kontroll over Waalo, som var under fransk vern. Etter å ha sigra over emiren utvida Frankrike kontrollen sin nord for Senegalelva.

I åra rundt 1900 leia Xavier Coppolani ein vidare ekspansjon av den franske kolonien.[9] Gjennom strategiske alliansar med Zawaya-stammane og militære press på Hassane-nomadane tok han kontroll over dei mauritanske emirata. I 1903 og 1904 lukkast franske styrkar i å okkupera Trarza, Brakna og Tagant, men det nordlege emiratet Adrar heldt ut lenger, med hjelp frå opprøraret (eller jihadet) til sjeik Maa al-Aynayn og krigarar frå Tagant og dei andre okkuperte områda. I 1904 organiserte Frankrike området som vart til Mauritania, og det vart del av Fransk Vest-Afrika, fyrst som protektorat og seinare som ein koloni. I 1912 nedkjempa franske styrkar Adrar, og innlemma det i territoriet Mauritania.[10] Mauritania vart del av den franske Vest-Afrikaføderasjonen AOF i 1920.

Sjølvstende

endre

Landet vart uavhengig 28. november 1960, med den nye byen Nouakchott som hovudstad.[11] Moktar Ould Daddah vart sett inn som president. I 1964 gjorde han formel Mauritania til ein eittpartistat med ein ny grunnlov som støtta det autoritære regimet hans. Partiet hans Parti du Peuple Mauritanien (PPM) vart den styrande makta i landet. Presidenten hevda at Mauritania ikkje var klar for eit demokratisk fleirpartisystem. Daddah vart vald til stillinga att i 1976 og 1978. 10. juli vart han avsett i eit blodlaust kupp etter den katastrofale Vest-Saharakrigen. Han hadde forsøkt å annektera den sørlege delen av Vest-Sahara for å hindra at Marokko skulle utvida området sitt sørover. Etter langvarige kampar mot den vestsahariske frigjeringsbevegelsen Polisario og militærkuppet i 1978, trekte landet seg ut av Vest-Sahara.

 
Markering av femtiårsjubileet for sjølvstende med kunst.

I fleire tiår var landet styrt udemokratisk av skiftande regjeringar. Oberst Mustafa Ould Salek sin militærjunta Comité Militaire de Redressement National (CMRN), som tok makta i 1978, vart avsett av Comité Militaire de Salut National (CMSN) i 1979. Etter interne kupp kom oberst Maaouya Ould Sid'Ahmed Taya til makta i 1984, og CMSN vart verande det herskande partiet fram til 1992, då Ould Taya innførte fleirpartisystem. Han sjølv vart sitjande ved makta fram til 2005, då han vart avsett av militæret. Landet var plaga av terroriståtak frå Al-Qaeda i islamske Maghreb (AQIM) frå 2005 til 2011.[2]

I 2007 hadde landet det fyrste demokratiske valet sitt sidan 1960. Sidi Ould Cheikh Abdallahi vart vald til president. I august 2008 vart den demokratisk valde regjeringa styrta og det vart innsett ein militærjunta under leiing av general Mohamed Ould Abdel Aziz. Han vann to påfølgjande presidentval i 2009 og 2014.[12] Aziz vart etterfølgd av Mohamed Ould Ghazouani ved valet i 2019, som er rekna som den fyrste fredelege maktoverføringa i Mauritania sidan landet fekk sjølvstende.[13]

Samfunn

endre

Folkesetnad

endre
 
Syngande haratin-kvinner i 2015.

I 2022 hadde Mauritania rundt 4,2 millionar innbyggjarar. 56,9 % av innbyggjarane bur i byområde, hovudsakleg rundt hovudstaden. Dei sørlege grenseområda til Mali og Senegal er også tettare folkesette enn det elles svært grisgrendte landet.[2]

Dei største lokale folkegruppene er bidhan, haratin og vestafrikanarar. 30 % av innbyggjarane er bidhanar, 40 % haratinar og 30 % andre (hovudskleg frå Afrika sør for Sahara). Bidhanar snakkar hassaniya-arabisk og har hovudsakleg arabisk-berbisk opphav. Haratinar stammar frå dei opphavlege innbyggjarane i Tassili n'Ajjer og Acacus-fjella i epipaleolittisk tid.[14][15] Dei fleste av dei gjenverande innbyggjarane er ulike vestafrikanske folkegrupper, som halpulaar (fulaniar), soninke, bambara og wolof.[2]

Næringsliv

endre

Husdyrhald, jordbruk og fiske er viktige næringskjelder, med nomadisk fedrift, dyrking av mellom anna dadlar, durra, hirse, og ris langs Senegalelva og fiske ved kysten og i elva. Rundt 50 % av arbeidskrafta er sysselsett i landbruket, 48,1 % i tenestenæringa og 1,9 % i industrien.[2] Det vert drive fiskeforedling i Naouakchott. Det vert også vunne ut jernmalm, kopar, fosfat og salt i landet, og det finst petroleum i havet her. Det vert drive ein del oljeraffinering. Dei viktigaste eksportvarene er fisk og jernmalm.[1] Økonomien er sterkt avhengig av prisen på desse eksportvarene, og er sårbar for internasjonale næringsmiddelprisar.[2] Mauritania importerer ein stor del av matvarene sine, og i 2008 vart det rapportert at rundt 70 % av maten som vart eten her var importert.[16] Tørkeperiodar og grashoppesvermar har svekka landbruket og ført til at folk har måtta flytta til byane eller emigrera.[2] Politisk ustabilitet har vidare hindra økonomisk utvikling.

Religion

endre
 
Utsyn over gamlebyen og moskeen i Chinguetti.

Nesten 100 % av innbyggarane i Mauritania er muslimar, og dei fleste er sunnimuslimar.[2] Sufilinjer som tijaniyah og qadiriyyah har sterk innverknad både her i landet og i nabolanda Marokko, Algerie, Senegal og andre naboland. Det katolske bispedømet Nouakchott vart skipa i 1965 og tener rundt dei 4 500 katolikkane i Mauritania.

Mauritania har ekstreme avgrensingar av trusfridom. Det er eitt av tretten land i verda som har dødsstraff for ateisme.[17] Ein kan også straffast med bøter eller fengselsstraft for «å fornærma offentlege søme og islamske verdiar» og for å «bryta Allah sine forbod» eller bidra til slike brot.[18]

Språk

endre

Arabisk er offisielt språk i Mauritania. Den lokale varianten av arabisk, som er kjend som hassaniya, inneheld mange berbarord og skil seg mykje frå moderne standardarabisk som vert brukt til offisiell kommunikasjon. Pulaar (fulfulde), soninke og wolof er også nasjonale språk.[2] Fransk er utbreidd i media og blant velutdanna klassar.[19]

Menneskerettar

endre

Mauritania har mange problem med brot på menneskerettane. Sexisme, rasisme, kjønnslemlesting, barnearbeid, menneskehandel, politisk undertrykking og politisk marginalisering av særleg sørlege folkegrupper har vore langvarige problem.[20] Homofili er ulovleg og kan straffast med dødsstraff.[21] Landet har også dødsstraff for ateisme.[17] I 2018 vedtok parlamentet ein lov som gjorde dødsstraff påboden for einkvan som vart dømd for «blasfemisk tale» og hendingar rekna som «heilagbrøde». Loven avskaffa eit tidlegare smutthol der dødsstraff kunne erstattast med fengselsstraff for nokre lovbrot av denne typen dersom den skulda angra straks. Han innførte også fengselsstraff på opptil to år og ein bot på opptil 600 000 ouguiya (ca. 14 630 euro) for «å fornærma offentlege søme og islamske verdiar» og for å «bryta Allah sine forbod» eller bidra til slike brot.

Amnesty International har skulda rettssystemet i Mauritania for manglande respekt for rettsprosedyre, rettferdige rettssaker og human fengsling. Ifølgje Amnesty har styresmaktene i landet drive med institusjonalisert tortur gjennom heile historia si etter sjølvstendet.[22][23][24]

Slaveri

endre
 
L’Malouma Said, tidlegare slave, slaverimotstandar og medgrunnleggjar av organisasjonen S.O.S. Esclaves.

Slaveri har halde fram i Mauritania til moderne tid, sjølv om det no er ulovleg.[25] Det byggjer på eit historisk kastesystem der slaveri følgjer avstamming.[25][26] Dei som vert haldne som slavar er dei typisk mørkhuda haratinane, medan dei som eig slavar er dei meir lyshuda bidhanane.[26]

Den franske kolonistyresmakta erklærte ein slutt på slaveriet i 1905, med svært liten suksess.[27] Sjølv om det offisielt vart avskaffa i 1981, var det ikkje ulovleg å eiga slavar før i 2007. Kritikarar har peikt på at loven mot slaveri ikkje er vorten handheva.[28] Ein reportasje frå 2020 nemnde døme på at ungar som hadde rømd frå slaveri vart sende tilbake til herrane sine.[26]

Eit estimat frå 2012 rekna med at 10-20 % av befolkninga i Mauritania (mellom 340 000 og 680 000 menneske) levde i slaveri.[29] Dette året hevda ein minister at slaveri ikkje lenger eksisterte i Mauritania.[30] I 2018 estimerte Walk Free Foundation sitt Global Slavery Index at det var rundt 90 000 folk som var slavar i Mauritania, rundt 2 % av innbyggjarane.[31]

Hinder for å få bukt med slaveriet i Mauritania kan vera vanskar med å handheva lovverket i dei store ørkenområda i landet,[29] fattigdom som gjer det vanskeleg for frigjorte slavar å forsørgja seg,[29] og ei tru på at slaveri er del av den naturlege ordninga av dette samfunnet.[29]

Kultur

endre
 
Teservering i eit mauritansk telt i 2020.

Mauritansk mat er prega av afrikanske og arabiske kulturar. Tradisjonelle måltid vert etne frå eit fellesfat.[32] Maten har mykje til felles med den i Marokko, med couscous som viktig basismat. Ved festmåltid kan ein servera heilsteikt lam eller geit fylt med ris. Ein kan også eta kamel, men dette er uvanleg. I sør er maten meir i slekt med den i Senegal, med vekt på ulike grønsaker og krydder.[33] Fransk påverknad har også spelt ei rolle i utviklinga av mattradisjonane.[33] Medan alkohol er forbode etter muslimsk kultur, og hovudsakleg berre tilgjengeleg på hotell,[34][33] er myntete ein utbreidd drikk.[33] Ein heller typisk teen frå ei høgd for å få skum i han.[32]

T'heydinn er ein del av maurisk munnleg tradisjon rekna som immateriell kulturarv av UNESCO.[35]

Biblioteka i Chinguetti inneheld tusentals mellomaldermanuskript.[36][37][38]

Musikk har tradisjonelt vorte utført av den lågaste maurarkasten, iggawin. Musikarar frå denne kasten pleidde lovprisa krigarar og leiarar gjennom songane sine. Dei kunne også føra med seg nyheiter frå landsby til landsby. Tradisjonelle instrument er mellom anna ein timegasforma lutt med fire strengar, kalla tidinit, og ei kora-aktig harpe for kvinner kalla ardin. Perkusjonsinstrument omfattar pauketromma tbal og daghumma.

Sjølv om dei fleste mauritanske musikarane er menn er ein av dei best kjende ei kvinne, Dimi Mint Abba. Ho byrja synga profesjonelt i 1976, då ho oppptredde på radio, og deltok i Umm Kulthum-tevlinga i Tunis året etter. Malouma er ein annan populær kvinneleg artist som også er engasjert i politikk og samfunnsaktivisme.[39]

Tuaregiske og mauritanske sølsvmedar har utvikla smykke og metallarbeid som kan brukast av mauritanske kvinner og menn. Studiar av tuaregiske og mauritanske smykke har vist at sistnemnde gjerne er meir forseggjorte og kan ha typiske pyramide-element.[40]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Thuesen, Nils Petter (17. januar 2022). «Mauritania». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 «Mauritania - The World Factbook». www.cia.gov. Henta 19. juli 2022. 
  3. Stokes, James, red. (2009). Encyclopedia of the Peoples of Africa and the Middle East (på engelsk). Infobase Publishing. s. 450. ISBN 9781438126760. Henta 13. oktober 2019. 
  4. Suarez, David (2016). The Western Sahara and the Search for the Roots of Sahrawi National Identity (Thesis). Florida International University. doi:10.25148/etd.fidc001212. 
  5. Masonen, Pekka; Fisher, Humphrey J. (1996). «Not quite Venus from the waves: The Almoravid conquest of Ghana in the modern historiography of Western Africa» (PDF). History in Africa 23: 197–232. JSTOR 3171941. doi:10.2307/3171941. Arkivert frå originalen (PDF) 7. september 2011. Henta 18. juli 2022. 
  6. Insoll, T (2003). The Archaeology of Islam in Sub-Saharan Africa. Cambridge: Cambridge University Press. s. 230. 
  7. Velton, Ross (2009). Mali: The Bradt Safari Guide (på engelsk). Bradt Travel Guides. s. 15. ISBN 978-1-84162-218-7. Arkivert frå originalen 22 May 2020. Henta 7. juni 2020. 
  8. «Mauritania - History». Country Studies. Library of Congress. Arkivert frå originalen 3. november 2016. 
  9. Keenan, Jeremy, red. (18. oktober 2013). The Sahara. ISBN 9781315869544. doi:10.4324/9781315869544. 
  10. «Mauritania: History». www.infoplease.com. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 16. januar 2017. 
  11. Pazzanita, Anthony G. (2008). Historical Dictionary of Mauritania. Lanham, Md.: Scarecrow Press. ISBN 978-0-8108-6265-4. Arkivert frå originalen 22 May 2020. Henta 7. juni 2020.  side 369.
  12. Diagana, Kissima (23. juni 2019). «Ruling party candidate declared winner of Mauritania election». Reuters. Henta 6. mars 2021. 
  13. «First peaceful transfer of power in Mauritania's presidential polls». RFI (på engelsk). 22. juni 2019. Henta 27. juli 2021. 
  14. Anthony Appiah; Henry Louis Gates (2010). Encyclopedia of Africa. Oxford University Press. p. 549. ISBN 978-0-19-533770-9., Quote: "Haratine. Social caste in several northwestern African countries consisting of blacks, many of whom are former slaves (...)"
  15. Gast, M. (2000). "Harṭâni". Encyclopédie berbère - Hadrumetum – Hidjaba. 22.
  16. IRIN 2008, 'MAURITANIA: Record hunger predicted in 2008', www.irinnews.org, 19. mars 2008.
  17. 17,0 17,1 Evans, Robert (9. desember 2012). «Atheists around world suffer persecution, discrimination: report». Reuters. Arkivert frå originalen 2. oktober 2015. Henta 7. januar 2015. 
  18. Mehta, Hemant (17 May 2018). «Mauritania Passes Law Mandating Death Penalty for "Blasphemy"». Patheos. Arkivert frå originalen 17. mai 2018. Henta 17. mai 2018. 
  19. «Mauritania: Encyclopædia Britannica». Arkivert frå originalen 9. april 2019. Henta 27. februar 2016. 
  20. Mauritania. Country Reports on Human Rights Practices – 2007 Arkivert 22. mai 2020 ved Wayback Machine., US State Department, 11. mars 2008. Henta 20. mars 2012.
  21. «LGBT relationships are illegal in 74 countries, research finds». The Independent. 17. mai 2016. Arkivert frå originalen 27. august 2017. Henta 7. juni 2020. 
  22. Mauritania: Prisoner Confessions Extracted Through Torture Says Amnesty International Arkivert 6 October 2012 ved Wayback Machine., IRIN: 3 December 2008
  23. Sillah, Ebrimah. Mauritania: 'Chains Are Jewellery for Men' Arkivert 6. oktober 2012 ved Wayback Machine., Inter Press Service, 3 December 2008.
  24. Mauritania: Torture at the heart of the state Arkivert 18. september 2016 ved Wayback Machine. . Amnesty International. 3. desember 2008. Index Number: AFR 38/009/2008.
  25. 25,0 25,1 «The unspeakable truth about slavery in Mauritania». The Guardian. 8. juni 2018. Arkivert frå originalen 25 August 2018. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Peyton, Nellie (27. februar 2020). «Activists warn over slavery as Mauritania joins U.N. human rights council». Reuters. Henta 10. juni 2020. 
  27. John D. Sutter (March 2012). «Slavery's Last Stronghold» (på engelsk). CNN. Arkivert frå originalen 18 December 2017. Henta 25 June 2017. 
  28. 2010 Human Rights Report: Mauritania Arkivert 4 June 2019 ved Wayback Machine.. State.gov (8 April 2011). Retrieved 20 March 2012.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 Slavery's last stronghold Arkivert 20 March 2012 ved Wayback Machine.. CNN.com (16 March 2012). Retrieved 20 March 2012.
  30. «Mauritanian minister responds to accusations that slavery is rampant». CNN. 17 March 2012. Arkivert frå originalen 20 March 2012. Henta 19. mars 2012. «I must tell you that in Mauritania, freedom is total: freedom of thought, equality – of all men and women of Mauritania... in all cases, especially with this government, this is in the past. There are probably former relationships – slavery relationships and familial relationships from old days and of the older generations, maybe, or descendants who wish to continue to be in relationships with descendants of their old masters, for familial reasons, or out of affinity, and maybe also for economic interests. But (slavery) is something that is totally finished. All people are free in Mauritania and this phenomenon no longer exists. And I believe that I can tell you that no one profits from this commerce.» 
  31. «Country Data | Global Slavery Index Mauritania», Global Slavery Index (Walk Free Foundation), 2018, arkivert frå originalen 20 May 2020, henta 6. januar 2019 
  32. 32,0 32,1 «Five Communal Dishes from Mauritania». Thekitchn.com. Henta 25. august 2017. 
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 «Mauritania: essential information». The Guardian. 23. oktober 2006. Henta 25. august 2017. 
  34. «Mauritania - World Travel Guide». Worldtravelguide.net. Arkivert frå originalen 22. februar 2017. Henta 25. august 2017. 
  35. «UNESCO - Moorish epic T'heydinn». ich.unesco.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. mai 2020. Henta 11. januar 2020. 
  36. «Mauritanian manuscripts preserved through digital technology». www.efe.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. januar 2020. Henta 11. januar 2020. 
  37. Mandraud, Isabelle (27. juli 2010). «Mauritania's hidden manuscripts». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Arkivert frå originalen 10. mai 2020. Henta 11. januar 2020. 
  38. «The Libraries of Chinguetti». Atlas Obscura (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. juli 2018. Henta 11. januar 2020. 
  39. Desert of Eden," Shanachie Records [U.S.], 1998.
  40. Liu, Robert K. (2018). «Tuareg amulets and crosses: Saharan/Sahelian innovation and aesthetics». Ornament (pdf) 40 (3): 58–63. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mauritania