Indoarisk språkgeografi

Den indoariske språkgeografien gjer greie for utbreiinga av indoariske språk. Det hovudsaklege utbreiingsområdet for indoariske språk i dag omfattar den nordlege delen av den indiske halvøya omtrent frå Indus i vest til Assam i aust, og frå Himalaya i nord til omtrent 18. breiddegrad i sør. Dei indoariske språka er største språkgruppa i Sør-Asia. 15 av dei 22 offisielle språka i India er indoariske, og tre av fire indarar har eit indoarisk språk som morsmål.[1] Også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane er eit indoarisk språk statsspråk. Utbreiingsområdet omfattar altså òg store område utanfor India, men på den andre sida omfattar dei ikkje dei områda i sørlege India der det i staden hovudsakelg blir brukt dravidiske språk.

Utbreiingsområde for dei ulike indoariske språkgruppene.

Sentrale IndiaEndra

Hindi har ein sentral plass i indisk geografi og politikk.

Eine offisielle nasjonalspråket i India er hindi. Talet på morsmålstalarar avheng av i kva utstrekning ein reknar nærliggjande språk/dialektar som variantar av hindi eller som sjølvstendige språk. I snever tyding har hindi over 200 millionar morsmålstalarar, men om ein går ut frå den indiske regjeringa sin utvida definisjon, er det 420 millionar som snakkar hindi. Om ein òg reknar med dei som snakkar hindi som andrespråk, er 500 millionar indarar talarar, og dette talet aukar stadig. Standardisert hindi byggjer på hindustani, eit overregionalt handelsspråk på grunnlag av khariboli, dialekten i Delhi og området rundt. Det er statsspråk i dei nordindiske statane i Uttar Pradesh, Bihar, Jharkhand, Chhattisgarh, Madhya Pradesh, Rajasthan, Haryana, Uttarakhand og Himachal Pradesh og i unionsterritoriet Delhi, og blir brukt av befolkninga som skriftspråk. I dette sentralindiske området blir det brukt ei rekkje nærskylde regionalspråk, som delvis òg blir klassifiserte som hindidialektar. Desse blir underdelte i to grupper, «vesthindi» eller «vestsentralindisk» (haryani, braj-kanauji, bundeli) og «austhindi» eller «austsentralindisk» (awadhi, bagheli, chhattisgarhi).

Av politiske grunnar klassifiserer den indiske regjeringa ei rekkje andre språk som «hindidialektar», som frå ein språkvitskapleg synsvinkel er sjølvstendige, høyrer til ulike undergrupper av indoariske språk og delvis òg har eigne skriftspråk.[2] Desse er språka i den austindiske biharigruppa (med bhojpuri, maithili og magahi), dei vestindiske rajasthanispråka (som vekslande blir rekna som eitt språk eller ei språkgruppe) samt i nord den nordindiske gruppa paharispråk, som blir snakka ved grensa til Himalaya. Målet er at hindi skal fungere som eit verkeleg nasjonalspråk. I alla høve har hindi, som medie- og prestisjespråk, stadig meir innverknade på andre indoariske språk.

Urdu, knytt til dei indiske og pakistanske muslimane, og hindi er på det kvardagsspråklege området nesten identiske; begge byggjar på hindustani, og dei to dialektane til språka skil seg ikkje mykje frå kvarandre. Skriftspråket til urduen skil seg likevel ut ved at ei rekkje ord kjem frå persisk og arabisk, og bruken av det arabiske alfabetet. Trass i at det har 65 millionar brukarar (med andrespråktalara 105 millionar) er urdu eit språk utan territorielt grunnlag. Den muslimske bybefolkninga i nordlege India utgjer ein majoritet av språkbrukarane. Dessutan er ein urdudialekt som blir kalla dakhini utbreidd i sørindiske område som Hyderabad. I Pakistan blir urdu snakka som morsmål av ein liten del av befolkninga (omtrent 10 millionar), men er det offisielle nasjonalspråket til landet, og fungerer som overregionalt handels- og utdanningsspråk. Talet på urdutalarar stig derfor jamnt.

I austEndra

Tospråkleg skilt på oriya og engelsk.

Til dei austindiske språka blir den rekna ovannemnde biharigruppa (samanlagt 65 millionar brukarar) med hovudspråka bhojpuri, maithili og magahi, som blir talt i Bihar mellom dei sentralindiske språkvariantane og bengali. Bengali (med 210 millionar brukarar det nest største indoariske språket) er språket i dei indiske delstatane Vestbengal og Tripura, samt i Bangladesh. Somme av bengalivariantane (chittagong, sylhetti og rajbangsi) blir òg klassifisert som sjølvstendige språk. Nordaustanfor blir assamesisk snakka i den indiske staten Assam av 15 millionar menneske.

Språket i delstaten Orissa, som ligg på austkysten av India, er oriya, som blir snakka av 32 millionar menneske. I skogs- og fjellområda i sentrale India blir det i tillegg til stammefolka sine ikkje-indoariske språk òg snakka bhatri og halbi, to indoariske overgangsdialektar.

Sør og vestEndra

Utdrag frå Bibelen på konkani, som blir tala av mange kristne.

Marathi er utbreidd i nordvestlege Deccan i delstaten Maharashtra, og har samanlagt 80 millionar brukarar. Nærskyldt med marathi er konkani (8 millionar brukarar), som er statsspråk i Goa og i tillegg blir talt heilt sør i Maharashtra og ved kysten i Karnataka og Kerala.

I stammeområda i nordlege Maharashtra, østre Gujarat og sørlege Rajasthan snakkar ein bhili og khandeshi, to indoariske språk som tidlegare blei sett på som gujaratidialekter. Gujarati, som blir snakka vest for desse, har 45 millionar brukarar og blir snakka i delstaten Gujarat og av ein del av befolkninga i Mumbai (Bombay). Nord for dette finst språka frå Rajasthan, den såkalla rajasthanigruppa, som blir utgjort av språka marwari (15 millionar), malvi, bagri, lambardi og nimadi, kvar med 1–2 millionar brukarar.

Språkområdet til sindhi (22 millionar brukarar) byrjar i vestlege Gujarat og fortset til den pakistanske grensa i provinsen Sindh ved nedre delen av Indus. Den såkalla vestlege gruppa panjabi-dialektar, eller lahndagruppa, er nærskyld med sindhi. Av lahnda-dialektene har siraiki gjort seg gjeldande som skriftspråk. Eit anna vestpanjabisk språk er hindko. Samanlagt snakkar ca. 80 millionar lahnda, hindko eller siraiki. Den eigentlege (austlege) panjabi har samanlagt 30 millionar brukarar, og er utbreidd i den nordlege delen av den pakistanske Indusdalen og i den indiske delen av Panjab. Dogri-kangri (2,2 millionar brukarar) blir snakka i Jammu-området i den indiske delstaten Jammu og Kashmir. Det blei tidlegare rekna som ein dialekt av panjabi, men høyrer til ei separat språkgrein, og er i India offisielt erkjent som sjølvstendig språk.

NordEndra

Nepalsk portal med påskrifter.

Nord for språkområdet til hindi blir nepali snakka av 16 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Nepal og er òg utbreidd i Sikkim, Darjeeling og delar av Bhutan. Andre viktige nordindiske språk er garhwali og kumauni med rundt 2 millionar brukarar kvar. Dei blir snakka i nedre delar av Himalaya, vest for språkområde til nepali (såkalla vestpaharispråk).

Lengst nordvest på det indiske subkontinentet ligg sprpåkområdet til dei dardiske språka. Det viktigaste av dei er kasjmirsk, som blir talt i Kashmirdalen av 4,5 millionar menneske, og er det einaste dardiske litteraturspråket. Dei andre dardiske språka (mellom anna pashai, khowar, kalasha, shina og indus-kohistani) blir samanlagt snakka av 1,2 millionar menneske i Hindukush-området i Pakistan og Afghanistan.

Andre områdeEndra

Kart over Sri Lanka med prosenttal på singalesisktalarar avmerkt per distrikt.

Singalesisk, som blir snakka av majoriteten av innbyggjarane på Sri Lanka (15 millionar brukarar), er åtskilt frå resten av det indoariske språkområdet. Dhivehi, språket til Maldivane, har 220 000 brukarar og er nærskyldt med singalesisk.

Romani utgjer eit spesialtilfelle fordi det blir tala av sigøynarar som har spreidd det i talrike variantar til Europa og vestlege Asia. Det har rundt 3,5 millionar brukarar. Domari og lomavren er skylde med romani, og blir òg snakka utanfor India i vestlege Asia og Europa.

Som ei følgje av nyare migrasjonsprosessar under den britiske kolonitida blir det brukt indoariske språk av fleire innbyggjarar i Karibia, Guyana, Sør-Afrika, Mauritius og Fiji. I Fiji fungerer fijiansk hindi som statsspråk.

LitteraturEndra

ReferansarEndra

  1. Census of India: Family-wise grouping of the 114 scheduled and non-scheduled languages – 1991
  2. Hermann Berger: Die Vielfalt der indischen Sprachen, I: Dietmar Rothermund (utg.): Indien. Kultur, Geschichte, Politik, Wirtschaft, Umwelt. Ein Handbuch., München 1995, s. 105