Kongedømet Galicia og Lodomeria
- For Det spanske kongedømet (403-1833), sjå Kongedømet Galicia.
Kongedømet Galicia og Lodomeria, òg kjend som Austerriksk Polen, var eit kronland under det austerrikske Habsburgmonarkiet. Området kom under Huset Habsburg allereie under den første av dei tre delingane av Polen-Litauen i 1772, med rundt 81 900 km² og området vart utvida med 47 000 km² i det vestlege Galicia ved den tredje delinga 1795.[1]
Polsk: Królestwo Galicji i Lodomerii Tysk: Königreich Galizien und Lodomerien Ukrainsk: Королівство Галичини та Володимирії Kongedømmet Galicia og Lodomeria | |||||
Kronland under Habsburgmonarkiet | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Kongedømmet innen Østerrike-Ungarn ved starten av første verdenskrig (1914). | |||||
Hovudstad | Ikkje spesifisert | ||||
Språk | Offisielt: tysk Administrasjonsspråk (frå 1867): polsk Minoritetsspråk: rutensk (ca. 40 %) | ||||
Religion | Romersk-katolsk ukrainske gresk-katolsk, jødedom, armensk-katolsk | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Konge | |||||
- 1772-1780 | Maria Teresia (fyrste) | ||||
- 1916-1918 | Karl I av Austerrike (siste) | ||||
Guvernør | |||||
- 1772-1774 | Johann Anton von Pergen (fyrste) | ||||
- 1917-1918 | Karl Georg Huyn (siste) | ||||
Lovgjevande forsamling | Diet | ||||
Historisk periode | 1772-1918 | ||||
- Den fyrste delinga av Polen | 5. august 1772 | ||||
- Bukovina lagt til | Januar 1775 | ||||
- Den tredje delinga av Polen: Vest-Galicia lagt til | 24. oktober 1795 | ||||
- Freden i Tilsit: Vest-Galicia overført til Hertugdømet Warszawa | 7. og 9. juli 1807 | ||||
- Fristaden Kraków innlemma | 16. november 1846 | ||||
- Bukovina skild ut | 4. mars 1848 | ||||
- Den ukrainske staten | 29. april 1918 | ||||
- Den andre polske republikken | 14. november 1918 | ||||
- Saint-Germain-traktaten | 10. september 1919 | ||||
Areal | |||||
- 1773 | 81 900 km² | ||||
- 1910 | 128 900 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1773 est. | 2 600 000 | ||||
Folketettleik | 31,7 /km² | ||||
- 1888 est. | 6 400 000 | ||||
Folketettleik | 78,1 /km² | ||||
- 1910 est. | 8 025 675 | ||||
Folketettleik | 62,3 /km² | ||||
Valuta | Gulden Krone | ||||
I dag ein del av | Polen Ukraina Romania |
Frå 1804 hadde det status som kronland under det austerrikske keisarriket då keisarriket blei oppretta dette året. Det heldt på denne statusen fram til Austerrike-Ungarn blei oppløyst i 1918.
Landet utgjorde heile den søraustlege delen av Polen-Litauen og er i dag ein historisk region i Sentral-Europa, delt mellom Polen og Ukraina. Fram til 1848 var Bukovina også ein del av kongedømmet, men vart då skild ut som ein eigen region som hertugdøme. Dette området er i dag delt mellom Ukraina og Romania.
Senteret for det historiske området Galicia (Galizia) er dagens regionar Lviv, Ternopil og Ivano-Frankivsk i det vestlege Ukraina.
Namn
endreNamnet «Galicia» er ei latinsk form av namnet «Halych», eit fyrstedøme i Rus-regionen i mellomalderen. Det var folkesett av austslavarar.
«Lodomeria» er eit stadnamn som historisk er blitt brukt om den austre delen av Sentral-Europa, men tydinga har endra seg gjennom tidene. Ordet er ei latinsk form av det polske ordet «Wladimeria», som igjen kan koma frå det austslaviske for «Vladimirs land». Dette kan anten visa til herskaren av Kievriket, Vladimir den store, og då viser til alt land han erobra, eller til byen Volodymyr-Volynskyj som han grunnlag og oppkalla etter seg sjølv i 987.
Historie
endreI 1772 var Galicia den største delen av området som blei annektert av Habsburgmonarkiet ved den første delinga av Polen. Denne austerrikske delen av Polen, saman med delar av det som seinare blei Ukraina, blei etablert som Kongedømet Galicia og Lodomeria for å understreka dei ungarske krava på området.
1775: Bukovina
endreUnder den russisk-tyrkiske krigen (1768–1774) gjorde Austerrike krav på Bukovina, og etter den første delinga av Polen blei dette òg fremja for å sikra tilgangen frå Galicia til Transilvania. Då den russisk-tyrkiske krigen blei avslutta ved Küçük Kaynarca-traktaten i juli 1774, fekk Austerrike forhandla seg fram til dette området frå Det osmanske riket som hadde mista fotfestet nord for Svartehavet. Området blei formelt annektert i januar 1775.
1796: Vest-Galicia
endreVed den tredje delinga av Polen blei ein stor del av det etnisk polske området vest for det tradisjonelle Galicia (kalla Vest-Galicia) lagt til landet. Dette førte til ei endring i kva for eit geografisk område omgrepet Galicia viste til. Lviv (Lemberg) var hovudstad for det austerrikske Galicia, som var dominert av polsk aristokrati, til trass for at folkesetnaden i den austlege delen hovudsakleg var ukrainarar, eller rutenarar som dei blei kalla på den tida. I tillegg til det polske aristokratiet og adel som budde i omtrent alle delane av Galicia, og rutenarane i aust, var det store jødiske folkegrupper, òg ganske konsentrerte i dei austlege delane.
1807: Freden i Tilsit
endreFreden i Tilsit avslutta den fjerde koalisjonskrigen under Napoleonskrigane, og viser til to avtaler som blei inngått i Tilsit i Aust-Preussen 7. og 9. juli 1807 mellom keisar Napoléon Bonaparte, tsar Aleksander I av Russland og kong Fredrik Vilhelm III av Preussen etter at Frankrike sigra over russiske styrkar i slaget ved Friedland. Fredsavtala førte blant anna til skipinga av det nye hertugdømet Warszawa. Territoriet til hertugdømet bestod i hovudsak av områda keisar Napoléon Bonaparte av Frankrike hadde erobra av kongedømet Preussen under Napoleonskrigene. Etter ein krig mot Austerrike i 1809 blei òg Vest-Galicia erobra frå austerrikarane og innlemma i hertugdømet.
1846: Fristaden Kraków
endreMot slutten av 1700-talet hadde Kraków blitt teken av austerrikske styrkar. Samtidig som Vest-Galicia blei overført frå Galicia og Lodomeria blei byen òg ein del av hertugdømet Warszawa, og blei som følgje av Wienerkongressen i 1815 ein fristad - òg kalla republikken Kraków - fram til 16. november 1846, under felles austerriksk, russisk og prøyssisk kontroll. Byen blei då annektert av Austerrike og innlemma i Galicia og Lodomeria etter oppfattande polsk-nasjonale oppstandar mot austerrikarane i heile Galicia i februar same året. Då denne oppstanden for å etablera eit fritt Polen fall saman, mista Kraków det delvise sjølvstyret sitt, og blei gjort til ein del av Galicia av dei austerrikske styresmaktene.[2] Då det austerrikske styret blei meir liberalt enn i det russisk- og prøyssiskokkuperte Polen, blei byen på nytt sentrum for polsk kultur og kunst og eit nasjonalsymbol for polakkane.
Kjelder
endre- ↑ Davies, Norman (2005). God's Playground. A History of Poland. The Origins to 1795 I (revidert utg.). Oxford University Press. s. 394. ISBN 978-0-19-925339-5.
- ↑ Prothero, G W (1920). Austrian Poland. Peace handbooks. H.M. Stationery Office, London, via World Digital Library. Henta 5. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Kongedømmet Galicia og Lodomeria» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mai 2021.