Opna hovudmenyen
The Little Drummer Boy
Singel av Harry Simeone Chorale
B-side «Die Lorelei» (20th Fox)
«O' Holy Night» (20th Century-Fox)
«Hallelujah» (Kapp)
«O' Bambino (One Cold and Blessed Winter)» (Kapp Winners Circle; MCA)
Utgjeve 1958
Sjanger Jul, Pop
Lengd 3:03
Selskap 20th Fox 45-121
20th Century-Fox 429
20th Century-Fox 6429
Kapp 711
Kapp Winners Circle 86
MCA 65030
Låtskrivar(ar) Harry Simeone
K.K. Davis
Henry Onorati

«The Little Drummer Boy» (opphavleg kalla «Carol of the Drum») er ein populær julesong skriven av den amerikanske komponisten og læraren Katherine Kennicott Davis i 1941.[1] Han vart spelt inn i 1955 av The Trapp Family Singers[2] og igjen i ein populær versjon i 1958 med Harry Simeone Chorale. Denne versjonen vart gjeven ut i fleire år og songen har blitt spelt inn mange gonger sidan den gong.[3]

Gut kledd ut som ein «liten trommegut».

Teksten handlar om ein fattig, ung gut som på magisk vis vert ført til Jesu fødsel, men utan ei gåve for den nyfødde Jesus, spelar han tromme for han.

Come they told me, pa rum pum pum pum
A new born King to see, pa rum pum pum pum
Our finest gifts we bring, pa rum pum pum pum
To lay before the King, pa rum pum pum pum,
rum pum pum pum, rum pum pum pum,

So to honor Him, pa rum pum pum pum,
When we come.

Little Baby, pa rum pum pum pum
I am a poor boy too, pa rum pum pum pum
I have no gift to bring, pa rum pum pum pum
That's fit to give the King, pa rum pum pum pum,
rum pum pum pum, rum pum pum pum,


Shall I play for you, pa rum pum pum pum,
On my drum?

Mary nodded, pa rum pum pum pum
The ox and lamb kept time, pa rum pum pum pum
I played my drum for Him, pa rum pum pum pum
I played my best for Him, pa rum pum pum pum,
rum pum pum pum, rum pum pum pum,

Then He smiled at me, pa rum pum pum pum
Me and my drum.[4]

OpphavEndra

Songen heitte opphavleg «Carol of the Drum» og vart publisert av Davis, basert på ein tradisjonell tsjekkisk song.[5] Davis ønskteå lage musikk for amatør- og jentekor: i manuskriptet hennar er han oppført som ein koral, og melodien i sopranen med alt-harmoni, og tenor- og basspartane skapar «trommerytmen». Klaverinstrumentakkompagnement var «berre for øving». Overskrifta var «Tsjekkisk song fritt transkribert av K.K.D».[6][7]

Den tsjekkiske originale er aldri blitt identifisert, men stilen minnar om den tsjekkiske «Hajej, nynjej», ein voggesong som vart samla inn tidleg på 1900-talet og som vart omsett til engelsk av Percy Dearmer som «Rocking Carol» for Oxford Book of Carols i 1928. Melodien til «Rocking Carol», har nesten ingen likskapar med «Carol of the Drum».

«Carol of the Drum» fekk merksemda til den austerrikske Trapp Family Singers, som introduserte songen for eit større publikum då dei spelte han inn for Decca Records i 1955, kort tid før dei gav seg. Versjonen deira er berre tilskriven Davis og publisert av Belwin-Mills.[8] I 1957 vart han spelt inn, med eit noko annleis arrangement, av Jack Halloran Singers for albumet Christmas Is A-Comin'Dot Records. Henry Onorati frå Dot introduserte songen til venen Harry Simeone og året etter, då 20th Century Fox Records ønskte eit julealbum frå han, gjorde Simeon små endringar til Halloran-arrangementet[9] og gav han tittelen «The Little Drummer Boy». Han spelte songen inn med the Harry Simeone Chorale på albumet Sing We Now of Christmas. Simeone og Onorati var då begge oppførte som komponistar i lag med Davis.[3]

Albumet og songen vart ein enorm suksess og singelen gjekk inn på den amerikanske singellista frå 1958 til 1962. I 1963 vart albumet gjeve ut på ny med tittelen The Little Drummer Boy: A Christmas Festival, for å utnytte populariteten til singelen. Året etter kom albumet ut i stereo. I 1988 vart The Little Drummer Boy: A Christmas Festival gjeve ut på CD av Casablanca Records,[3] og sidan på Island Records.[10] Harry Simeone, som i 1964 fekk kontrakt med Kapp Records, spelte inn ein ny versjon av «The Little Drummer Boy» i 1965 for albumet hans O' Bambino: The Little Drummer Boy.[3] Simeone spelte inn songen ein tredje og siste gong i 1981 for eit album (igjen kalla The Little Drummer Boy) på lågprisselskapet Holiday Records.

Soga i songen liknar ei soge frå 1100-talet fortalt av Anatole France som Le Jongleur de Notre Dame, som vart tilpassa til ein opera i 1902 av Jules Massenet. I den franske segna gjer ein gjøglar kunstnar føre ein statue av Jomfru Maria, og statuen skal i følgje segna anten ha kasta ei rose til han eller gjeve han eit smil (eller begge delar, som i filmen The Juggler of Notre Dame frå 1984.)

Andre versjonarEndra

«The Little Drummer Boy» er blitt spelt inn i mange andre versjonar, i alt over 220 versjonar på minst sju forskjellige språk innan mange forskjellige sjangrar:

1950-åraEndra

1960-åraEndra

1962
1963
1964
1965
1966
  • Joan Baez spelte inn ein versjon av songen for julealbumet hennar Noël.
  • Henry Mancini spelte inn ein versjon av songen for julealbumet hans, A Merry Mancini Christmas.
  • The Crusaders spelte inn ein versjon av songen dei gav ut på singel. Denne var òg med på debutalbumet deira frå november 1966, som er eit av dei første kristne rockealbuma.
1967
1968
1969
  • Jimi Hendrix spelte inn songen som den siste innspeligna hans før han døydde året etter i 1970. Denne kom seinare ut på EPen Merry Christmas & Happy New Year i 1999.

1970-åraEndra

1970
1972
1977
  • Ein av dei mest populære versjonen av songen vart spelt inn av Bing Crosby for det siste juleshowet hans, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas, som ein medley kalla «Peace on Earth/Little Drummer Boy», i ein usannsynleg duett med David Bowie.[12] Bowie ønskte ikkje å synge «Little Drummer Boy», så den nye songen vart lagt til for han.[13]
1979

1980-åraEndra

1981
1984
  • Ein italiensk versjon vart spelt inn av I Cavalieri del Re.
1985
  • The Canadian Brass gav ut ein instrumentalversjon av songen på julealbumet deira, A Canadian Brass Christmas.
  • Sopranen Kiri te Kanawa spelte inn songen i 1982 for julealbumet hennar Christmas With Kiri.
1987
1988
1989

1990-åraEndra

1990
1991
  • Take 6 spelte inn ein versjon av songen på julealbumet deira, He Is Christmas.
  • Det britiske bandet The Yobs gav ut ein parodiversjon av songen kalla «Rub-a-Dum-Dum».
  • Jazzgitaristen Tuck Andress spelte inn ein instrumentalversjon av songen for albumet hans, Hymns, Carols and Songs about Snow.
  • Al Bano & Romina Power gav ut ein italiensk versjon av songen kalla «Il Piccolo Tamburino».
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
  • Minnesota-bandet Low gav ut EPen Christmas, med ein versjon av «The Little Drummer Boy».
  • The West Wing-episoden «In Excelsis Deo» har ein sekvens med eit gutekor som syng songen under ei gravferd. Denne episoden vann fleire Emmy-prisar.
  • Den svenske artisten Carola Häggkvist spelte inn songen i ein duett med Blues for julealbumet hennar, Jul i Betlehem.
  • Ringo Starr gav ut ein versjon av songen på det tolvte studioalbumet hans, I Wanna Be Santa Claus.
  • The Three Tenors spelte songen i 1999 for julekonserten og albumet deira The Three Tenors Christmas.

2000–åraEndra

2000
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007
  • Josh Groban gav ut ein versjon av songen (med gitarist Andy McKee og Gigi Hadid på korvokal) på julealbumet hans «Noël».
  • Jan Rot spelte inn ein nederlandsk versjon av songen på An + Jan-albumet Vrolijk Kerstfeest.
2008
2009

2010–åraEndra

2010
2011
2012
2013
2014
  • Jetty Rae spelte inn songen på albumet More Than December.
2015

KjelderEndra

  1. Boughton, Harrison Charles (1977). «Katherine K. Davis: life and work». Ann Arbor, Michigan: Thesis, University of Missouri, reprint by University Microfilms. 
  2. «albums». Singers.com. 12. mars 1998. Henta 17. oktober 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Leigh, Spencer (5. mars 2005). «Harry Simeone: Populariser of 'The Little Drummer Boy'». The Independent. Henta 7. november 2015. 
  4. http://www.carols.org.uk/little_drummer_boy.htm
  5. Lee Hartsfeld (5. desember 2006). «Music You (Possibly) Won't Hear Anyplace Else: Carol of the Little Drummer Boy». Musicyouwont.blogspot.com. Henta 17. oktober 2015. 
  6. «Image of original manuscript in Wellesley College Library». Henta 17. oktober 2015. 
  7. Cummings, Robert. «Allmusic biography». Allmusic.com. Henta 17. oktober 2015. 
  8. «Scan of published sheet music». Photos1.blogger.com. Henta 17. oktober 2015. 
  9. «The Little Drummer Boy by The Harry Simeone Chorale Songfacts». Songfacts.com. 11. september 1977. Henta 17. oktober 2015. 
  10. «The Little Drummer Boy: Adolphe Adam, Katherine K. Davis, Christmas tradisjonell, Harry Simeone Chorale: Music». Amazon.com. Henta 17. oktober 2015. 
  11. The Temptations Christmas Card
  12. Crosby, Bing; Bowie, David (7. desember 2010). «Bing Crosby & David Bowie - The Little Drummer Boy / Peace On jorda». YouTube. Henta 17. oktober 2015. 
  13. Farhi, Paul (20. desember 2006). «Bing and Bowie: An Odd Story of Holiday Harmony». The Washington Post. Henta 16. desember 2014. 
  14. «Santa Claus Is Coming to Town/Little Drummer Boy | Björn Again Album | Yahoo! Music». New.music.yahoo.com. Henta 17. oktober 2015. 
  15. «Muziek | Myspace Music». Imeem.com. Henta 17. oktober 2015. 
  16. http://www.youtube.com/watch?v=ZwCCvAdXY6g
  17. «Bandaged: The Album"
  18. Peter Vidani. «Comedy Death-Ray Xmas». Cdrxmas.tumblr.com. Henta 17. oktober 2015. 
  19. «Duwende - Little Drummer Boy (A Cappella)». YouTube. 28. november 2011. Henta 17. oktober 2015. 
  20. http://www.youtube.com/watch?v=qJ_MGWio-vc
  21. http://newalbumreleases.net/60682/jonathan-butler-merry-christmas-to-you-2013/ Henta 3. januar 2014

BakgrunnsstoffEndra