Ismåse
Ismåse | |
![]() Ismåse, Pagophila eburnea Foto: Will Sweet
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Ismåse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsar Laridae |
Slekt: | Pagophila |
Art: | Ismåse P. eburnea |
Vitskapleg namn | |
Pagophila eburnea |
Ismåse (Pagophila eburnea) er ein liten måse, han er einaste arten i slekta si. Han har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i kanadisk Arktis, Nord-Grønland og på arktiske øyar som Spitsbergen, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Severnaja Zemlja.[1] Dei trekkjer sør om hausten berre over korte avstandar, det meste av populasjonen overvintrar på kanten av pakkisen, men nokre fuglar kan nå meir tempererte område. Streiffuglar kan kome så langt sør som til Danmark og Storbritannia.
SkildringEndra
Denne arten er lett å identifisere. Han er ca. 43 cm, har ei anna, meir dueaktig kroppsform enn Larus-måsar, men vaksne har heilt kvit fjørdrakt, manglar den grå oversida som måsar flest har. Det tjukke nebbet er blått med en gul spiss, og beina er svarte. Skriket er eit terneliknande kriæ. Ungfuglar har mørke flekker i ansiktet, varierande mengder svarte flekker på venger og hale. Det tar to år å oppnå fullvaksen fjørdrakt.
LevesettEndra
Ismåse legg eit til tre olivenfarga egg i eit reir på bakken fora med mose, lav eller tang. Dei tar fisk og krepsdyr, smågnagarar, egg og fugleungar, men er også opportunistiske åtseletar. Ismåsane er kjente for å følgje etter isbjørn og andre rovdyr for å beite på restane av byttedyra deira.
NedgangEndra
I perioden 1985 til 2005 blei det observert ein reduksjon på 80 % blant hekkande fuglar i Canada. Bestanden har truleg også gått ned i Russland og på Svalbard. Ein reknar med at den norske bestanden er på 400-1500 maks individ. Ismåsen kan trugast av miljøgifter, klimaendringar som gjev mindre isdekke, og petroleumsaktivitet.
KjelderEndra
- Søk i Rødlistedatabasen
- Denne artikkelen bygger dels på «Ivory Gull» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2009, artikkelen gav følgjande kjelder:
- Harrison, P., Seabirds ISBN 0-7470-1410-8
- Bull, John; Farrand, Jr., John (April 1984). The Audubon Society Field Guide to North American Birds, Eastern Region. New York: Alfred A. Knopf. ISBN 0-394-41405-5.
FotnotarEndra
- ↑ Harrison, P. (1983). Seabirds: An Identification Guide. Aukland: Croom Helm Ltd. ISBN 0-7099-1207-2.