Toons Mag
Toons Mag er eit teikneseriemagasin som dannar ein global, nettbasert plattform for utgjeving av redaksjonelle teikneseriar, karikaturar, illustrasjonar og andre relaterte nyheiter. Det er ein fleirspråkleg utgjevar og arrangør av internasjonale teikneseriekonkurransar og utstillingar. Toons Mag vart grunnlagt i 2009 av teikneserieskaparen Arifur Rahman, som held til i Drøbak i Noreg.
Toons Mag | |||
| |||
Land | Bangladesh, Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Nettavis | ||
Org.nummer | 926716514 | ||
Innhald | Vitseteikning, Teikneserie, karikatur, teikneserieskapar | ||
Grunnlagd | 1. november 2009 | ||
Eigarar | Arifur Rahman | ||
Grunnlegger(ar) | Arifur Rahman | ||
Utgjevar | Arifur Rahman | ||
Sjefredaktør(er) | Arifur Rahman | ||
Språk | Engelsk, bangla, hindi, spansk, arabisk, norsk | ||
Hovudkvarter | Drøbak | ||
ISSN | 2535-7492 | ||
Nettstad | www.toonsmag.com |
Kort om grunnleggjaren og bakgrunnen
endreI 2007 byrja Arifur Rahman å teikne for det satiriske magasinet Alpin i Bangladesh.[1][2] Dette var eit morosamt bilag i avisa Prothom Alo.
I Alpin gjorde ein av teikneseriane hans narr av det å leggje til namnet Mohammed i byrjinga av namnet til ein person. Dette nådde eit høgdepunkt då ein ung gut introduserte katten sin som «Mohammed katt».[3][4] Teikneserien, som blei gjeven ut under den islamske høgtida ramadan, førte til protestar over heile Bangladesh og førte til at Arifur Rahman blei arrestert.[5][6][7][8][9][10]
18. september 2007 blei Alpin permanent forbode og redaktøren av Alpin blei utvist.[11] Avisredaktørar i Bangladesh bestemte seg for at dei aldri ville gje ut teikneseriane til Rahman i framtida. I fengsel drøymde Arifur Rahman om at han også ein dag ville få mogelegheita til å grunnleggje eit magasin som Alpin. 20. mars 2008, etter å ha sete i fengsel i seks månader og to dagar for å ha «såra religiøse kjensler», blei han sett fri, men hadde ikkje høve til å gje ut arbeidet sitt nokon stad.[12][13][14][15]
Eitt år seinare gav nokre aviser ut teikneseriane hans, men dei var alle gjevne ut anonymt. Dette var Arifur Rahman misnøgd med. Han hadde alltid ynskt å gje ut teikneseriane sine under sitt eige namn. Difor prøvde han å begynne eit teikneseriemagasin på trykk, men hadde ikkje nok pengar. Han bestemde seg så for å gje ut arbeidet sitt på nettet - ein billeg og enkel måte å nå eit globalt publikum på. I 2009 grunnla han Toons Mag Online Cartoon Magazine.[16]
Priser
endreI 2015 vann Toons Mag Bengali Best of online activism awards i The People's Choice-kategorien i Deutsche Welle i Tyskland.[17][18]
Toons Mag fremjar ytringsfridom gjennom teikneseriar, karikaturar og artiklar. Magasinet kjem ut på engelsk, bengali, arabisk, spansk and hindi.[19]
Teikneseriekonkurransar og utstillingar
endreSidan 2015 har Toons Mag arrangert [[ein internasjonal teikneseriekonkurranse og utstilling for å støtte barnerettar, kvinnerettar, ytringsfridom og likestilling.
2015: Barn i krig
endreI 2015 arrangerte Toons Mag International Cartoon Contest and Exhibition Children in War med fokus på lidinga til barn i krig og konfliktområde, som Syria, Jemen, Afghanistan og Irak. Det var ei mobil utstilling som blei stilt ut på fleire steder i både Noreg og Sverige. 128 teikneserieskaparar frå 51 ulike land tok del.[20] 10. september 2015 blei utstillinga opna av biskop Atle Sommerfeldt i Avistegnernes Hus i Drøbak. Etter opninga blei ho stilt ut i Oslo, Nesodden, Bergen, Stavanger, Haugesund, Kristiansand og i Norrköping i Sverige. Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus og Fritt Ord.[21][22]
2016: Kvinnerettar
endreTeikneseriekonkurransen blei arrangert av Arifur Rahman og Toons Mag, og tok imot 1 625 teikningar av 567 teikneserieskaparar frå 79 ulike land.[23] Ein liten del blei vist i The Women's Rights exhibitions, som opna i Drøbak, Bangalore og Uttar Pradesh i høve den internasjonale kvinnedagen, 8. mars 2016. Teikningane i utstillinga dekker rettane og avgrensingane til kvinner; mangelen på utdanning, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, vald, diskriminering, rettsvern og arbeidsmengde.[24][25] 10. desember 2016 blei ho stilt ut i Brain Sneezing Gallery i Wave Club i byen Prešov i Slovakia.[26]
Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus, Fritt Ord, Indian Institute of Cartoonist, Brain Sneezing Gallery i Wave club i byen Prešov, EØS-middel, og Den slovakiske republikken.
Namn | Yrke | Land |
---|---|---|
Siri Dokken | Teikneserieskapar og illustratør | Noreg |
Sabine Voigt | Teikneserieskapar | Tyskland |
Saadet Demir Yalçın | Teikneserieskapar | Tyrkia |
Nigar Nazar | Teikneserieskapar | Pakistan |
Ahsan Habib | Teikneserieskapar og redaktør av Unmad | Bangladesh |
Borislav Stankovic | Teikneserieskapar | Serbia |
Jan-Erik Ander | Teikneserieskapar | Sverige |
Matt Wuerker | Redaksjonell teikneserieskapar | USA |
12 av 567 teikneserieskaparar som deltok vann prisar eller omtale.
Namn | Land | Prisar |
---|---|---|
Marcin Bondarowicz | Polen | Førstepremie |
Nenad Ostojic | Kroatia | Andrepremie |
Reza Mokhtarjozani | USA | Tredjepremie |
Zygmunt Zaradkiewicz | Polen | Heiderleg omtale |
Zlatkovsky Mikhail | Russland | Heiderleg omtale |
Osama Hajjaj | Jordan | Heiderleg omtale |
Sahar Ajami | Iran | Heiderleg omtale |
Sajad Rafeei | Iran | Heiderleg omtale |
Selói Peters | Brasil | Heiderleg omtale |
Afri Diyansyah | Indonesia | Heiderleg omtale |
Michel Kichka | Israel | Heiderleg omtale |
Plantu | Frankrike | Heiderleg omtale |
2017: Ytringsfridom
endreDenne utstillinga blei utvikla i samarbeid med Arifur Rahman, som sjølv har vore eit offer for tortur og fengselsstraff for teikningane sine. 518 teikneserieskaparar frå 83 land tok del i konkurransen, og sende totalt inn 1 556 teikneseriar.
Utstillinga opna i tre land. Per Edgard Kokkvold, skribent og styremedlem i Kringkastingsrådet, tidlegare avisredaktør og generalsekretær i Norsk Presseforbund og leiar av Pressens Faglige Utvalg. innvigde utstillinga. Moddi Knutsen, ein norsk musikar, opna utstillinga og Roar Hagen, ein norsk politisk teikneserieskapar, kunngjorde prisvinnarane.[27]
I Indian Institute of Cartoonists i Bangalore opna direktøren for National Gallery of Modern Art, Dr. Sathyabhama Badhreenath, utstillinga.[28][29]
Ho blei også stilt ut i Kýchanie Mozgu – Brain Sneezing Gallery i Prešov og Košice i Slovakia, i tillegg til i den slovakiske ambassaden i Oslo.
Arrangementet blei støtta av Avistegnernes Hus, Fritt Ord, Norsk Litteraturfestival i Lillehammer, Brain Sneezing Gallery i Prešov og Indian Institute of Cartoonist. Seinare blei ho stilt ut i Eidsvoll.[30][31][32][33]
Namn | Yrke | Land |
---|---|---|
Ann Telnaes | Redaksjonell teikneserieskapar | USA |
Liza Donnelly | Teikneserieskapar og skribent | USA |
Roar Hagen | Redaksjonell teikneserieskapar | Noreg |
Egil Nyhus | Redaksjonell teikneserieskapar | Noreg |
Carina Milde | Kurator | Sverige |
Nenad Ostojic | Teikneserieskapar | Croatia |
Cintia Bolio | Tegneserieskaper | México |
Atiqullah Shahid | Teikneserieskapar | Afghanistan |
Judy Nadin | Teikneserieskapar | Australia |
John Curtis | Redaksjonell teikneserieskapar | Sør-Afrika |
12 ut av 518 teikneserieskaparar vann prisen.
Namn | Land | Priser |
---|---|---|
José Antonio Rodríguez García | Mexico | Førstepremie |
Bruno Hamzagic | Brasil | Andrepremie |
Aristides E. Hernandez | Cuba | Tredjepremie |
Miro Stefanović | Serbia | Heiderleg omtale |
Angel Boligan | Mexico | Heiderleg omtale |
Firuz Kutal | Noreg | Heiderleg omtale |
Galym Boranbayev | Kasakhstan | Heiderleg omtale |
Walter Gastaldo | Argentina | Heiderleg omtale |
Andrei Popov | Russland | Heiderleg omtale |
Yihenew Worku | Etiopia | Heiderleg omtale |
Julio Carrión Cueva | Peru | Heiderleg omtale |
Jitet Kustana | Indonesia | Heiderleg omtale |
Prisen for årets teikneserieskapar
endreEin årleg pris for å verdsetje og motivere teikneserieskaparar for deira beste teikneseriar.
År | Namn | Land | Introduksjon |
---|---|---|---|
2016/17 | José Antonio Rodríguez García | Mexico | Politisk teikneserieskapar og illustratør frå Mexico. |
2018 | Arcadio Esquivel | Costa Rica | Teikneserieskapar og professor i kunst ved School of General Studies ved University of Costa Rica. |
Se også
endreKjelder
endre- ↑ «Cartoonist arrested over harmless play on name Mohammed | Reporters without borders». Arkivert frå originalen 19. juli 2019. Henta 19. juli 2019.
- ↑ «Arifur Rahman», lambiek.net (på engelsk), henta 31. juli 2019
- ↑ Bangladeshi Cartoonist Arifur Rahman on Calling a Cat “Mohammad” | Sampsonia Way Magazine (på engelsk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Cartoonist arrested over harmless play on name Mohammed», IFEX (på engelsk), 19. september 2007, henta 31. juli 2019
- ↑ «Violence over Bangladesh cartoon». 21 September 2007. Henta 22 May 2019.
- ↑ «Bangladesh suspends magazine over controversial cartoon». Reuters. 21 September 2007. Henta 22 May 2019.
- ↑ «Cartoonist Arif jailed», The Daily Star (på engelsk), 12. november 2009, henta 31. juli 2019
- ↑ «Cartoonist Arifur Rahman Arrested in Bangladesh for Offensive Cartoon», ভিওএ (på bengali), henta 31. juli 2019
- ↑ «Prothom Alo cartoonist arrested», bdnews24.com, henta 31. juli 2019
- ↑ «Cartoonist jailed in Bangladesh». 19 September 2007. Henta 22 May 2019.
- ↑ «Bangladesh suspends magazine over controversial cartoon». Reuters. 21 September 2007. Henta 8 July 2019.
- ↑ «Får endelig tegne hva han vil». Henta 19. juli 2019.
- ↑ Sigvartsen, Ana Leticia (1. juni 2013), «Avistegning førte til fengsel», NRK (på norsk bokmål), henta 31. juli 2019
- ↑ Greenslade, Roy (20. september 2007). «Bangladesh cartoonist arrested». The Guardian. ISSN 0261-3077. Henta 8. juli 2019.
- ↑ «Cartoonist Arif freed», bdnews24.com, henta 31. juli 2019
- ↑ Sigvartsen, Ana Leticia (1. juni 2013), «Avistegning førte til fengsel», NRK (på norsk bokmål), henta 31. juli 2019
- ↑ People’s Choice for Bengali - The Bobs - Best of Online Activism (på engelsk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Drøbak-tegner Arifur Rahman kåret til beste aktivist på nett», www.amta.no (på norsk), 4. mai 2015, henta 31. juli 2019
- ↑ Sigvartsen, Ana Leticia (1. juni 2013), «Avistegning førte til fengsel», NRK (på norsk bokmål), henta 31. juli 2019
- ↑ «Children in War», ICORN international cities of refuge network (på engelsk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Biskopen åpner utstilling i Drøbak om barns lidelser i krig», www.amta.no (på norsk), 8. september 2015, henta 31. juli 2019
- ↑ admin, Barn och krig (på svensk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Women’s Rights in Cartoons», ICORN international cities of refuge network (på engelsk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Tema: Kvinners rettigheter: Moren ble barnebrud som 11-åring - nå tegner Arifur (31) for kvinners rettigheter», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 31. juli 2019
- ↑ Madhukar, Jayanthi MadhukarJayanthi (27. februar 2016), «The feminist half», Bangalore Mirror (på engelsk) (Bangalore Mirror Bureau), henta 31. juli 2019
- ↑ «Správy RTVS», rtvs.sk (på slovakisk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Freedom of Expression», Norsk Litteraturfestival (på engelsk), 13. desember 2016, henta 31. juli 2019
- ↑ «Express Publications Indulge - Chennai dated Fri, 12 May 17», epaper.newindianexpress.com, henta 31. juli 2019
- ↑ «Toons shall overcome: The fight for freedom of expression», www.indulgexpress.com, henta 31. juli 2019
- ↑ «Freedom of Expression», Norsk Litteraturfestival (på engelsk), 13. desember 2016, henta 31. juli 2019
- ↑ «Fra fengsel i hjemlandet til utstilling på Verket», www.eub.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 17. juni 2019, henta 31. juli 2019
- ↑ «Freedom of Expression - Museumstjenesten», mia.no (på norsk), henta 31. juli 2019
- ↑ «Freedom of Expression - Eidsvoll 1814», eidsvoll1814.no (på norsk), henta 22. oktober 2019
- Denne artikkelen bygger på «Toons Mag» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2019.