Republikken Irland
Republikken Irland utgjer fem seksdelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla «Éire» på irsk og «Ireland» på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilja mellom stat og øy.
Éire Ireland (norsk: Irland, irsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Amhrán na bhFiann» | ||||||
Motto | Éire go deo (Irland for alltid) | ||||||
Offisielle språk | Irsk og engelsk | ||||||
Hovudstad | Dublin | ||||||
Styresett |
Republikk Michael D. Higgins Simon Harris | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
70 273 km² (119.) 2 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
5 011 102 (121.) 71,3 /km² (113.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anarkjend |
Frå Storbritannia 21. januar 1919 6. desember 1921 | ||||||
Nasjonaldag | 17. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
250 300 mill. USD (59.) 56 300 USD (15.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +353 | ||||||
Toppnivådomene | .ie
|
Historie
endreFør 1921 var heile øya Irland ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Nord-Irland er framleis ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Fylke
endreIrland har tradisjonelt hatt 26 fylke (counties), som framleis vert brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vorte splitta opp i 4 fylke og Tipperary har vorte to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.
- County Carlow
- County Cavan
- County Clare
- County Cork
- County Donegal
- County Dublin
- County Galway
- County Kerry
- County Kildare
- County Kilkenny
- County Laois
- County Leitrim
- County Limerick
- County Longford
- County Louth
- County Mayo
- County Meath
- County Monaghan
- County Offaly
- County Roscommon
- County Sligo
- County Tipperary
- County Waterford
- County Westmeath
- County Wexford
- County Wicklow
Klima
endreIrland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sumaren er etter måten kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20 °C om sumaren.
Nedbøren spreier seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest fer forbi. Den turraste tida på året er seint på våren og tidleg om sumaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det turraste området av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har kring 1400–1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti tilfelle av torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.
Bakgrunnsstoff
endre- Irske styresmakter si offisielle side Arkivert 2008-11-08 ved Wayback Machine.
- Uachtarán na hÉireann (Irland sin president) Arkivert 2005-04-03 ved Wayback Machine.
- Oireachtas (Irland sitt parlament)
- Taoiseach (Irland sin statsminister)
- Rapportar om arkeologiske granskingar og utgravingar i Irland. Arkivert 2014-02-09 ved Wayback Machine.